Artiklar

Skjuler Guløy ein løyndom?

Oversikt over historiske stadnamn i området Guløy/Flolid (video)

Guløy, ei halvøy utanfor Flolidgardane i Gulen, vert vist til i fleire gamle skrifter som staden der Gulatinget vart halde. Samstundes ligg Tingvollane, som etter tradisjonen var sjølve tingstaden, på fastlandet like innanfor Guløy. Kan det ha vore to tingstader i same området – ein på Guløy og ein på fastlandet? Desse og andre spørsmål drøftar Jan Kidøy i denne kronikken.

KRONIKK
Jan Kidøy

STEINTRAPPA: Grunnen til at eg har stilt meg sjølv desse spørsmåla er fyrst og fremst overleveringane om at det skal ha vore ei stor steintrapp frå sjøen og opp på utsida av Guløy, i ei lita bukt rett vest for Mulen. Dette er ein god fiskeplass, og som gutunge mista eg meir enn ein pilk her, ettersom det er steinbotn, mens det ellers er sandbotn rundt det meste av øya. Det var mor som fortalde meg om trappa. Ho hadde spurt fleire gamle folk innover i fjordane om dei kjende til ei slik trapp, og fekk slik læra at det var vanleg å stoppa i dette området ved Guløy når folk rodde til kyrkje, ettersom det er ei oppkome som mest aldri er fri for vatn rett ovani Gulesteinen der det no står eit kabelhus. Ein av dei gamle hugsa spesielt ei lita jente som sprang opp trappa for å gjøyma seg bort for å gå på do. For meg er likevel det sterkaste «provet» på at her kan ha vore ei trapp det mor fortalde etter si mor, Sara Westervik.Ho vaks opp på Klokkeide, tvers over fjorden frå Guløy, og kunne fortelja at då dampskipskaia på Nyborg vart bygd bruka ho og dei andre ungane å sjå på dei store pram- mane som frakta stein frå sørsida av Guløy til Nyborg. Frå Klokkeide hadde dei den beste utsikten ein kan tenkja seg, så det lyder truverdig at dei såg kor steinen kom frå. Det var mange fornminne som vart øydelagde på denne måten. Bevaringstanken måtte nok vika for behovet for lett tilgjengeleg stein til ymse formål.

KRYSS OG TVERS: Men kva skulle ein med ei stor trapp på denne kanten av øya? Bufeet hadde si eiga kleiv det gjekk opp på fastlandssida, og dei gamle slåtteteigane ligg lenger inne på øya og har godt tilg jenge frå sjøen på austsida. Eg sette meg føre at eg ville sjå nærere på dette, og våren 2002 traska eg Guløy på kryss og tvers. Eg gjekk ned til sjøen der trappa skal ha vore, og fekk syn for sagn ettersom det ligg fleire store steinar av løkvalitet rett i strandlinja og vidare utover langs botnen. Eg tolka det slik at nokre kanskje vart mista på sjøen, mens andre vart fråsortert som ueigna, og dumpa. Deretter g jekk eg opp lyngrabbane for å freista finna ut kva folk kunne ha hatt å gjere der oppe. Etter min- dre enn 5 minutts gange kom eg opp til eit lite dalsøkk med bergskrentar på begge sider. Ein lun og fin plass, heilt utan innsyn korkje frå sjøen eller landsida. Berga på nordsida minner om dei som ligg ovanfor Tingvollane, mest som naturlige sitjeplassar, men med plass til langt færre.

DOMSTEINEN: Som gutunge tykte eg det var svært spanande med alle dei gamle sagnene me høyrde, og alle stadnamna som var knytt til Gulatinget. Det vart mellom anna fortalt at det skulle liggja en stor rund stein ein stad på Guløy som vart kalla Domsteinen, men ingen visste kvar på øya han låg. Me gutane leita fleire gonger etter denne steinen, men me var nok aldri så langt ute som til denne vesle dalen eg no hadde funne. Difor g jorde hjarta eit lite hopp då eg såg ein rund stein – rettnok ikkje så svært stor, men høg nok til å nyttast som «bord» – liggjande inn mellom buskfurene på sørsida av dalsøkket. Kunne dette vera Domsteinen? Hadde dei hatt tingsete nede på den vesle sletta, og avsagt domane her ved steinen? Tanken vart levande, og eg såg føre meg at dette saktens kunne ha hendt. Men kvifor akkurat her? Forholda skulle liggja langt betre til rette nede på Tingvollane.

UINNTAKELEG FESTNING: Guløy ligg som ein trygg festning ut i sjøen. Viss ein tenkjer seg attende til vikingetida, då pil og boge, spjut, sverd og øksar var dei vanlegaste våpena, skjønar ein fort at å gå til åtak fråbåt på ein landstyrkje i bratt lende ville vera fåfengt. Så åtak frå sjøsida ville vera lite å frykta med tanke på vern om tingfreden. Likeeins er det på landsida høge, stupbratte berg mest heile vegen frå aust til vest, berre avbrotne av ei lita geil der det går an å koma opp. Så her ville det også vera lett å forsvara seg. Inne på øya er det to markerte forkastningar i fjellet. Den eine går i aust-vest retning og den andre nord-sør. Ved eit tenkt «vaktskifte» ville forsvararane kunne forflytta seg lett og usett på berre få minuttar langs desse aksane. Vakthaldet ville og vere lettare enn nokon annan plass eg kan tenkja meg. I aust har ein full oversikt over innløpet til Nordgulfjorden og Austgulfjorden, og i sør Eidsfjorden. I vest ser ein Ilenessundet, og utover heile Osen like til Segløyna og vidare ut mot havet, mens Flolidfjellet reiser seg bratt opp i nord. Ein fiende ville ikkje kunne snika seg innpå nokon stad utan å bli sett. Dermed kunne ein bli varsla tidleg, med god tid til førebuingar. Samstundes ville eigne skip ligg je godt i skjul på dei lune vågane ved Knarreholmen. Ved steintrappa er det gode landingstilhøve, og kort veg inn til hamna for oppankring.

LØYNDOMEN: Viss desse tankane eg har gjort meg har noko føre seg, kan ein likevel undrast over at ein ikkje har høyrt denne tingstaden omtala, sjølv ikkje på folkemunne. Eller kanskje det ikkje er til å undrast over? Om staden skulle vera løynd for omverda er det kanskje rimeleg å tru at folk synte respekt for dette, og at det difor har vore lite omsnakka frå gamalt av, slik at minna har døydd fort ut. Av denne grunn vil nok spørsmålet om ein tingstad på sjølve Guløy framleis vera ein løyndom. Men det er slik undring som gjer soga spanande, og som legg mystikk og historiesus over Tusenårsstaden på Flolid!
(Firda, 16/9 2005)

Lesarbrev: Historia til Gulatinget

Det er viktig at me får fram den rette historia om Gulatinget, skriv Liv Karin Flolid Lien. (Avisa Strilen 18. august 2020)

Det er dinest at me har det lovfeste møte vårt kvart år her i Gula. (frå Gulatingslova)

Gulatinget hadde sitt opphav på Guløy på Flolid gard, i Gulen kommune.

Det er viktig at me får fram den rette historia om Gulatinget, og plasserer det på rette staden. Gulatinget har sitt opphav på Guløy, difor heiter det Gulating. Det einaste stadnamnet som er nemnd i soga i samband med Gulatinget, er Guløy. Soga om Håkon Håkonsson fortel oss klart og tydeleg at Gulatinget var på Guløy.

I Guløy/Flolid-området er det mange namn som tyder på gammal historie, dette er namn som framleis er i bruk:

Domsteinen, der vart dommen avsagt, og dei første lovene laga. Gammalt kart frå Gulen herred, 1916, viser Lovstenen. Me kallar han Domsteinen i dag.

Veholmen, tyder heilag holme, der vart tinget vigsla med blot i heidensk tid.

Tingvollane, samlingsplassen.

Knarrholmen, knarr er ein båttype frå vikingtida, der reparerte dei båtane,i tingtida, ein naturleg slip på ca 50 meter, når krattskog er fjerna. Ein liten holme hadde ikkje fått eit slikt namn, utan ein spesiell bruk.

Timmerøya, var holmgangsplassen, holmgang på Gulating er nemnt i soga, to gonger.

Krosshaugen, der stod den første krossen som var reist på tinget den første kristningstida.

Kyrkjestøa, der la dei til med båtane, då dei skulle til kyrkje.

Kyrkjehaugen, heilt vest på Flolid gard, har det stått ei kyrkje. Kyrkja så Håkon Håkonsson bygde. Den vil eg skrive om seinare.

På andre sida av Gulafjorden finn me garden Glosvik, med utsyn rett mot Guløy. Glosvik kjem av det gamle ordet gløse/ glo, som tyder å sjå. Der var ein av stadene dei held vakt, i Gulatingtida. Me må hugsa at på den tida, då Gulatinget vart skipa, var ei øksarti (som det står i segne som Lars Eskeland har skrive), med blodige kongar, som var heilt avhengige av sikkerheita.

Guløy er ei halvøy som lett kan vaktast, som ei borg, med redusert mannskap. Beskrivinga i Egil soga, om rettssaka som var på Gulating, stemmer òg med landskapet på Guløy. Sjå boka mi «Gulatinget på Flolid gard»

Kommunen/fylket har bygd ut på Tingvollane på Flolid, men ingen av desse namna, som eg har nemnd her, er med i formidlinga av Gulatinget.

Prost Dahl, kom til Eivindvik i 1804, og døydde her i 1852, han intervjua gamle folk i kommunen. Ingen hadde høyrt anna enn at Gulatinget låg på Guløy.

I ein protokoll prost Dahl førde i 1823 over samtalar som han sjølv seier, for blandt præstegjeldets eldste at undersøge hvad der endnu måtte være tilbage af gamle sagn angående det såkaldte Gulø og Gulating. Protokollen er underskriven av Niels Dahl og Anders Furenes.

Denne protokollen syner at Dahl har tala med dei eldste på desse gardane: Haveland, Nordgulen, Oppdal, Kjelby, Kløvtveit, Hauge, Brandanger, Rørtveit, Byrknes og Stevnebø. Men ikkje ein einaste av dei han har tala med på desse stadane, hadde høyrt anna en at Gulatinget låg på Guløy.

Ein 93 år gamal mann på Kjelby, fortalde det slik: Pao Golløyna har da vore helde maonge ting, og slag myljå store kjemper.

Liv Karin Flolid Lien

Det eldste Gulatingsted

Av Ola R. Midtbø
(På oppfordring fra professor Magnus Olsen i «Maal og Minne» 1918)

Gulating, – hvilke minner fra vår eldste saga kaller ikke dette navn frem, hvilke merkelige begivenheter har ikke der foregått. Imidlertid – dette sted har måttet dele skjebne med så mange andre, «Saga har glemt hva den visste», stedet er blitt glemt og lar seg vanskelig påvise. I det siste har spørsmålet om Gulatingstedet atter reist seg, og vi skal da i det følgende se litt på hva som er fremkommet til spørsmålets besvarelse.

Det har fra en side blitt fremholdt at tingstedet må være å søke på Eivindvik prestegård. Her er jo kirken bygget og her står det to gamle steinkrosser og den gamle døpefont hvori St. Olav – etter sagnet – døpte bøndene på Gulating. Prost Nils Dahl mente enn videre å ha funnet rester etter den gamle offerlund dypt nede i en myr. Ved utgravingen til nye uthus fant man rester etter en svær eikeplanke og noe som kunne ligne et slags kubbestoler. Alt dette ansåes som rester etter det gamle tingsted. Til den beskrivelse som gives i Egils saga passer stedet også godt.

Imot denne stedfestelse taler dog: Den gamle tradisjon i bygden har bestemt hevdet at tinget ikke holdtes på Eivindvik. Om de gamle steinkrosser går det sagn om at de er flyttet dit fra Flolid. Døpefonten har det vært lett å flytte hvor somhelst. Stedets beliggenhet m.h.t. Egils saga har også sine svake sider. Om man går ut fra at Egils skipe lå i Midttunvågen og kongens i Eivindvik, så må den kongen og hans menn ha vært ualminnelig likeglade når de her har kunnet la Egil slippe forbi seg ubemerket.

Det sted som tradisjonen nevner som tingsted, er en i fjorden fremspringende halvø ved garden Flolid, noget østenfor Eivindvik. Denne halvø kalles «Guløyna», men skrives Guløy, og tinget skal ifølge tradisjonen ha stått på dens øverste topp. I en liten kløft som kalles «Gamleveien» skal dommerne ha hatt sine rådslagninger, og en stor sten som kalles «Domsteinen» skal ha tjent som tingbord, og her ble dom avsagt. Innenfor Guløy strekker Flolids innmark seg tvers over det flate eid, fra Østviken til Vestviken. Ved Vestviken skal det ha stått en kirke hvis sted påvises mellom Kirkestøen og Kirkehaugen. Ved Guløys ytterste spiss er en sten som kalles «Gulestenen». I nærheten er «Koven» hvor kirkebåtene før alltid samledes på hjemveien fra kirken til gammen og gjestebud. I nærheten er også «Knarrholmen» hvor tingfolket reparerte sine fartøyer, samt «Timbrøyna» hvor tvekampene foregikk. Både på Guløy og Timbrøy skal der før ha vært steinbrygger som nå er borte.

Redaksjonell merknad:

Oluf Rygh antar at navnet opprinnelig var Guli, en avledning av ordet gul/gol som betyr kuling eller vindkast. En annen mulig forklaring på ordet er fra germansk geul, norrønt gjól, som betyr kløft.

Dette stemmer godt med terrenget. Den eldste tingstaden ligg i eit gjel eller ei kløft og det er naturleg at det er denne plassen – med alt som føregjekk der – som har gitt namn til øya.

Noregshistorie på flyttefot?

Det einaste kjende stadnamnet frå soga som kan setjast i samband med Gulatinget, er Guløy (Gulø) – ei halvøy ved Flolid-gardane, om lag 4 km frå kommunesenteret Eivindvik i Gulen. Lokalhistorisk er det ei rekkje stadnamn som stadfester at Flolid og Guløy var tingstaden.

Når det har vore snakk om å markere tingstaden med eit minnesmerke, har sterke krefter i Eivindvik arbeidd for at dette skulle reisast i Eivindvik, truleg av kortsynte økonomiske omsyn. Denne striden har vara i snart hundre år, og har blussa opp att no som Flolid vart valgt til tusenårsstad for Sogn og Fjordane fylke.

Slik saka har utvikla seg er det nærliggjande å tru at kommuneleiing og næringsinteresser i Eivindvik ser seg lite tent med at det vert investert 10-20 millionar i ei storslått markering på tingstaden Flolid, medan sjølve kommunesenteret står att med ingenting.
Dei ville kanskje så gjerne hatt turistane og pengane og æra til Eivindvik.

Taktikken for å endra på dette er no som før: Dersom det kunne hevdast at tinget vart halde i Eivindvik – i alle fall for ei tid – så kunne det forsvarast å ha litt markering begge stader. Ein har difor gjennom lang tid arbeidd for å gje tilreisande inntrykk av at Eivindvik var tingstaden. I denne prosessen har lokale stadnamn vorte endra (eks. Borghaugen > Lovseieberget / oppkomme > Olavskjelda), og kyrkja i bygda er gjort 400-500 år eldre enn ho er.

Mange har bete på agnet som vert hengt ut. Om professor Knut Helle ved universitetet i Bergen er ein av dei, skal være usagt, men han er i alle fall ein trufast tilhengar av ”Eivindvik-alternativet”. Han hevdar at Gulatinget vart halde det meste av tida i Eivindvik, og berre ca. 50 år på Flolid! Han er no hyra av Gulen kommune til å skrive bok om Gulatinget. Boka kjem ut i november i år.

Viss boka skulle vise seg å innehalde påstandar lik dei ovanfor nemnde, er det viktig at det blir organisert ein oponion mot denne freistnaden på å endre historia. Dette er såleis ei oppmoding til alle som ynskjer at rettferd og sanning må ligge til grunn når ei så viktig sak som Gulatinget skal markerast. Oppmodinga går i første rekke til kulturetatane i dei fylka som sokna til Gulatinget i gamal tid, men også til alle andre interesserte.

At Flolid vart valgt til tusenårsstad for Sogn og Fjordane fylke betyr at folk over heile landet, ja, langt utanfor Norges grenser, no vil få del i soga om denne viktige staden på ein heilt ny måte. Denne staden som skulle få så mykje å seie for Norge si utvikling fram mot det trygge demokratiet me har i dag. Endeleg skal folk i nåtid og ettertid få ein stad å gå til der historia vert levande. Ein stad der ein kan minnast og læra om Gulatinget. At Flolid (som omfattar halvøya Guløy og Flolidgardane med Tingvollane og andre historiske stader) vart vald til tusenårsstad var både viktig og rett. Ingen einskild stad i fylket kan ha hatt så stor innverknad på land og folk som nettopp Gulatingstaden.

DEN RETTE TINGSTADEN

Opp gjennom tidene er det mange, både lærde og legfolk, som har vitja Gulen for å sjå nærare på tingstaden. Ikkje alle kom så langt som til Flolid (sjå nedanfor), men dei som fann fram, vart fort overtydde om at dette var rette staden. Det er difor underleg at Gulen kommune har sett opp skilt som er eigna til å så tvil om dette. På eitt av skilta står det å lese: «Vi har ikkje funn som gjør at vi sikkert kan seie kvar sjølve tingstaden låg.» Kva funn er det snakk om? Har ein ikkje funne Guløy? Staden er merka av på dei eldste kjende kart, og er nemd i viktige skriftlege kjelder om Gulatinget frå gamalt av. Dette er ein av dei få ting ein verkeleg veit sikkert, at tinget vart halde i Guløy.

Etter kristninga av landet vart det bygd kyrkjer tilknytta tingstadene, slik også på Flolid. Diverre er restane av kyrkja (kyrkjene?) no borte, men muntlege overleveringar slår fast at dei var godt synlige nesten fram til vår tid.

I Haakon Haakonsøns soga står det slik: «Han let gera kirkju i Guløy nodr fra Bjørgyn og offradi tartill Gulhring.»

I J. Kraft sin Norgesbeskrivelse, bind 4, side 792 les me at «på Flolid har været en kirke, og under gården hører en liten ø eller egentlig fra fastlandet ut i Gulenfjorden gående landspids, Gulø kaldet, hvor måske det gamle Gulatinget har været holdt.»

Nils G. A. Dahl i Eivindvik påstår dette med visse i sitt skriv i Budstikken for 1823, «at på Flolidstranden har ståt en kirke under en haug, som endnu bærer navnet Kirkehaugen, likesom landingsstedet ved sjøen kaldes Kirkestøen. I samme årgang av Budstikken skrev daværende oberstløytnant Holch «Noget om Gulatinget», og hevder at «det egentlige tingstedet neppe kan være noget andet end Gulø på Flolid. Stedets almue påstår dette enstemmig som fra far til søn nedarvet tradition, og ved nevnte gård sees spor av en kirke, som rimeligvis er kong Haakon Haakonsøns kirkebygning, som efter hans saga blev reist ved Guløy.» Både Dahl og Holch, som nøye har undersøkt staden, omtalar fundamenta etter kyrkja.

Skulestyrar B. E. Bendixen frå Bergen undersøkte også kyrkjestaden i Guløy, og seier: «Noget utenfor gårdens landingsplass på Flolidstranden, vest for gårdens huse, fant jeg på en flate eller rettere svag skråning under Kirkehaugen, der er kjendelig ved sin lille varde, og hvor kirken efter traditionen skulde have ligget, spor av dens fundamenter. Traditionen peker visstnok med fuld ret på dette sted. Sammenfattet i korthet: Navnet Guløy, bestemte traditioner peker på, at her lå tingstedet, og øens beskaffenhet er nøiere beset, ikke til minste hinder for denne antagelse. Kirken lå i kort avstand, både traditionen, navne som Kirkestø, Kirkehaug, eldre beretning, rester av grundmuren viser, at her har man Haakon Haakonsøns kirkebygning.»

I tillegg til ovannemde er det ei rekkje stadnamn og lokalhistoriske overleveringar som knyter sterke band til Gulatingstaden.

15.07.2003, Jan Kidøy

Øydeleggjande strid

Trass i det store tilfanget av bevis for kvar tingstaden var, har det frå tidleg på 1900-talet vore sterke krefter som har arbeidd for å få reist eit minnesmerke om Gulatinget i Eivindvik, om lag 4 km lenger vest.

Opp gjennom åra har ein teke ymse åtgjerder i bruk for å få tilflyttarar og tilreisande til kommunen til å tru at tingstaden var i Eivindvik. Så langt har det gått at sjølv folk som er oppvaksne i Gulen tek påfunna alvorleg. Fylkeskultursjef Lidvin Osland kallar dette for ein «bygdekrangel» som ikkje er noko å bry seg om. Men dette som no skjer er noko langt meir enn ein bygdekrangel: Me står truleg overfor ein bevisst freistnad på historieforfalsking. Dette står i grell kontrast til føremålet med Gulatinget – å byggje landet med lov og rettferd.

Frå eit foredrag halde på eit åpent møte i Heradshuset i Eivindvik den 5. oktober 1960, les me fylgjande, som seier mykje om kor usakleg denne striden har vore. Foredraget vart halde av Sogn sogelag sin representant i gulatingnemnda, A. Skåsheim frå Balestrand: «Nemdi som skulde arbeide for å reise eit minne på Gulatingstaden i Eivindvik var samla i 1917, men nemdi møtte motstand, særleg gjekk Hans Floli hardt imot og han var ein tung motstandar. Nemdi fann det heilt nyttelaust å kjempe mot han. Ein rådde seg difor til å vente med det vidare arbeid til Hans Floli var avleden.» (Hans Floli var en ivrig forkjempar for at rettferda skulle komme fram om tingstaden, og han hadde lært seg islandsk for betre å forstå dei originale kjeldene. Han hadde til og med besøk av den Islandske presidenten på Flolid).

Tenk det! Argumenta var så spinkle at ein måtte ynskje livet av motstandarane for å komme vidare med saka! Kva er så argumenta for at Eivindvik kunne ha vore tingstaden? Ingen. Der er ingen lokalhistoriske tradisjonar å byggje på. Der er ingen historiske namn som kan knytast til tinget. Topografien stemmer ikkje med skildringar i sogebøkene. Der var ikkje lende for båtar før dei nåverande kaiene vart bygde. Der er ikkje isfritt i kalde vintrar (først etter 1164 vart tinget halde midtsommars). Der var ikkje kyrkje i Gulatingtida, og heller ikkje før lenge etter at tinget vart flytta til Bergen tidleg på 1300-talet.

I dei seinare år har taktikken mest gått ut på å hindra tilreisande autoritetar i å komme til Flolid, så dei ikkje med sjølvsyn kan oppleve den verkelege tingstaden. Her er nokre typiske døme (det finst mange fleire):
I 1960 kom ein sogestudent, Olof Jørgensen frå Thisted i Danmark, til Eivindvik og spurde etter Guløy og Tingvollane. Han fekk til svar at Flolid, der Tingvollane låg, stod under vatn i vikingetida (!), så der var det ingenting å sjå. Studenten sette seg likevel føre at han ville til Guløy, og etter ei synfaring på staden vart han veldig begeistra, ikkje minst over akustikken i området. Han var ikkje i tvil om at det var her tinget vart halde.

Seinare på 1960-talet kom sogefolk frå alle dei nordiske landa til Gulen for å sjå tingstaden. Dei vart oppvarta i Eivindvik, men kom aldri til Flolid. Då vikingskipet «Saga Siglar» med Ragnar Thorseth vitja Gulen, vart han stogga i Eivindvik – han fekk aldri sjå Gulatingstaden.

I september 2000 vart det halde Gulatingseminar i Eivindvik med innbedne gjesteforelesarar frå inn- og utland. Blant desse var: Førstearkivar Tor Ulset, Riksarkivet i Oslo, Professor Ditlev Tamm, Universitetet i København og Førsteammanuensis Tore Iversen ved Universitetet i Trondheim. Ingen av dei var på tingstaden!

Den 26. mai 2001 var stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl saman med alltingspresident Halldòr Bløndal og den Islandske ambassadøren i Norge, Kristinn F. Arnason, på vitjing. Dei vart som skikken er fotograferte ved krossen i Eivindvik, men Gulatingstaden fekk dei ikkje sjå.

Jan Kidøy (dato ukjent)

Språket og fedrelandskjensla

Kronikk av Jan Kidøy

Vår eller haust,
me står like traust.
Røtene grev og klora,
dei slepp aldri taket i jorda.

Språket er rota vår. Det er arven vår frå dei som gjorde oss til dei me er. Språket bind oss saman og gjer oss til ei eining – til eit folk. Gjennom språket forstår me kvarandre, gler me kvarandre og snakkar kvarandre opp. Gjennom språket forstår me dei som gjekk føre oss, dei som er oss i ei ny utgåve. Sjølv om det er andre identitetsbyggjande faktorar er språket ein av dei viktigaste. Me kan ikkje sleppa språket og tru at me vert dei same.

Eg kjem frå Gulen. – Gulen, spør du, – kvar i verda er det? Og eg kan svara stolt: – Ein gang var det midt i verda! Gulen er ein kystkommune ytterst i Sognefjorden. Her finn me ein gard som heiter Flolid med halvøya Guløy utanfor. Gjennom det meste av vikingtida var det her våre forfedre samlast til tingsete ein gong i året. Etter staden det vart halde fekk det namnet Gulatinget – i ettertid mest kjend for Gulatingslova som danna mønster for mange europesiske demoktati som etterkvart vaks fram.

I år 2000 vart Flolid vald til tusenårsstad for Sogn og Fjordane, og området er oppgradert til ein vakker naturpark med tilhøyrande minnesmerke. Eg vaks opp berre nokre hundre meter frå Tingvollane, og har stor respekt for det som hende der i gamal tid. Slekta mi på morssida har alltid vore i denne delen av landet og kan førast heilt attende til vikingtida. Så eg kan i sanning sei at eg har vikingblod i årene. Når eg no vandrar på Tingvollane i vaksen alder er det som eg kjenner vikingblodet brusar i meg, og eg vert lei meg for alt som har gått tapt, og for at me ser på alt nytt som framsteg …

Til Gulatinget kom valde tingmenn frå heile Vestlandet, det som då var det sentrale Norge. Ja, like frå Møre til Agder kom dei, og innlandsbygdene på Austlandet var også representert. På tinget vart usemje løyst og kloke råd og lover vart sendt heim til bygdene med tingmennene. Slik bygde dei landet med lov. Og dei tala eit språk som alle forstod, og som heldt folket saman. Men vikingane var og eit farande folk, og identiteten sin – det norrøne språket – tok dei med seg over alt. I dag finn me ord og uttrykk frå vikingane like frå Istanbul i aust til Irland i vest. Mange ord me i dag betraktar som engelske er eigentleg norske, eller norrøne.

Det var frå Ytre Sogn og Sunnfjord dei mest ressurssterke vikingane drog vestover til Island og slo seg ned. Der bygde dei eit samansveisa samfunn som har stått sterkt til denne dag. Dei har ikkje late seg påverka av språklege vindar, men har tatt vare på språket vårt og gamal kultur slik det opprinneleg var. Dette at dei har halde fast i røtene sine har gjort dei sterke. Ikkje berre er dei betre enn oss til å spela fotball, men dei har også vist veg for heile den vestlege verda ved å knebla finanseliten som held på å sluka dei.

Det er i takksemd til vikingane og til islendingane eg skriv dikta mine på nynorsk. Og ikkje minst i takksemd til Ivar Aasen. Han forstod kor gale det bar i veg når me vart pådytta eit framandt språk. Iherdig reiste han land og strand rundt og samla restane av det som ein gong var vårt heidersteikn – det norske språket.

I det samfunnskritiske diktet «Kvar er du, Bjørnson?» stiller eg spørsmål ved om prisen for globalisering og EU-tilpasning har vorte for høg. Kanskje treng me ein Bjørnson og ein Aasen i dag som kan visa oss røtene våre og derigjennom gje oss ny styrke. Styrke til å lyfta høygaflane når det trengs og ikkje bli utsletta som eigen nasjon i takt med at språket vårt vert meir og meir utvatna.

 

Første gang publisert 21.11.2016 i Bokstaver.no

GULATINGSFERDENE FRÅ EKSINGEDALEN I MELLOMALDEREN.

Aage Lavik

Etter at Sogn og Fjordane Fylkesting vedtok Gulatinget og den gamle tingstaden på Guløy/ Flolid til tusensårs-stad for Sogn og Fjordane, oppnemnde Bygdarådet i Eksingedalen ei prosjektgruppe, som skulle finne ut mest mogeleg fakta om den gamle reisemåten frå Eksingedalen, og ev. kring liggjande bygdelag. Me hadde eit godt utgangspunkt i det som er skildra i boka ”På Klårfjell” av Lars Eskeland 1938, m/nye opplag i 1982 (privat) og 2000 (Bygdarådet).

Nemnda har også prøvt å finna fram til alt som fram gjennom tidene er skrive om dette, her har me serleg hatt nytte av gode artiklar i ”Frå Fjon til Fusa”, 1964-67,1982-og 83.,og ein langvarig avisdebatt i Gula Tidend 1918- 1919. Det siste som er kome ut vedkomande Gulatinget er forfattar Knut Helle si bok i 2001: ”Gulatinget og Gulatingslova”. Dette er meir generelt stoff, og lite om ferdavegane til tinget.

Nemnda har også hatt samtalar og annan kontakt med ei rekkje lokalhistorikarar i Gulen, Lindås, Masfjorden og Voss. Serleg vil me nemna Ingrid Kidøy frå Gulen. Nemnda vitja ho i den vakre heimen hennar like ved den gamle tingstaden i juni 2001. Hobbyen hennar heile livet, hadde vore Gulatinget og den gamle Tingstaden, og ho hadde samla utruleg med stoff, m.a. ei stor fotosamling som nemnda hadde fått tilsendt på førehand.

Ho var kunnskapsrik og engasjert, og i tillegg svært god å fortelja, så opphaldet der vart ei stor oppleving for oss alle. Sonen hennar, Audun Kidøy, viste oss rundt på den gamle tingstaden, med Tingvollane, Rindane, der Egil Skallagrimson rømde til skipa sine etter ufreden på Gulatinget kring år 935,og Hamnaneset der kongane,
m.a. Erik Blodøks, låg med skipa sine.

Diverre døydde Ingrid Kidøy i vinter, berre nokre månader etter at me vitja ho, elles hadde det nok blitt fleire turar til Flodli.

I årboka vår for 2000, hadde nemnda ei grundig gjennomgang av denne saka, så langt som me var komne til då. Me hadde med stoff frå ”På Klårfjell, artiklane i ”Frå Fjon til Fusa”, generelt stoff om Gulatinget m.m. Me skal ikkje ta det oppatt her, men fortelje litt om det me har funne ut seinare, og kome med ei oppsummering.

Turen me har skildra ovanfor, til Ingrid Kidøy på Flodlid, gav oss både ny informasjon, og stadfesting av at ting var slik me hadde tenkt oss det. Den turen var ein lekk i arbeidet med å finna fram til den eksakte reiseruta, og serleg til overnattingsplassane.

Eskelandruta eller Østgulenruta? – eller både og ?

Det forvirra oss litt i starten at historikarane hadde to litt ulike reiseruter. Først hadde me Eskelandruta, som me i 2000-årboka hadde kart over, teikna av skuleelevar i Eksingedalen. Den fylgde stort sett gamle ferdavegar som var vanleg brukte på den tid. Så hadde me Østgulen-ruta, som gjekk på meir uvanlege vegar, men som høvde på ein prikk med dei første versa i ”voggesullar om Gulating” .Men svaret gav seg i grunnen sjølv, og me finn det i ”På Klårfjell, vers 15 i voggesullar—.
Det verset handlar om heimturen, og lyder slik:

Då skal me fara den gamla lei,
Um Drongasund og um Haugdalshei.

Dette fortel klårt at dei tok ein annan veg heimatt, og at dei då fylgde dei vanlege ferdslevegane , den gamla lei. Dermed har me Eskelandruta.

Ivar Husdal som bur på Vinje, Vossestrand, som har jobba mykje, både med Gulatingsferdene, og andre gamle fjellvegar, meiner at det var heilt bevisst at reiserutene til Gulatinget vart lagt utanom allfarveg, for å unngå å verta hefte av skyldfolk og vener.

Oppsummering av turen frå Eksingedalen til Gulatinget.

Ferda fylgjer nok den ruta Olav H. Østgulen har skildra i ”Frå Fjon til Fusa” i 1964.

Turen starta frå Eksingedalen i ”otta grå” den første dagen, med folk og hestar m/kløv. Det var mykje dei skulle ha med seg, mest alt dei trong i ein månadstid, stasklede, gåver, øl og mat. Så kvar tingmann/utsending måtte nok ha fleire hestar, han måtte og ha hjelpesmenn med seg. Så sjølv om det neppe var meir enn ein utsending frå Eksingedalen, så vart det nok eit bra fylgje.Ofte var det også folk med, som var innstemna til tings, eller som sjølv hadde saker dei ville ta opp på tinget.

Ofte var det nok også med sendemenn frå Vossestrand, og frå Valdres, og då kunne nok dette verta eit stort fylgje.
Dei drog først over Farestveitfjellet til Modalen (frå Flatekval),deretter truleg opp Hellandsdalen og over til Stordalen, der dei overnatta på ein lun plass dei kalla ”Hestakvam,”

Me trur at dette må vera på Fossestølen. Dette er ein lun plass som stemmer godt med skildringane i ”På Klårfjell”, og som ligg midt i ”leia” frå Modalen, og vidare til garden Kringla.

Dag 2:

Etter å ha ”kvila notti med hugjen heil”, drog dei no vidare til neste overnattingstad, Krossangeil. Frå Fossestølen, går det eit naturleg ”dalføre” over til garden Kringla, der bilvegen til Sogn no går, og kryssa ”Fjordsdalen om lag på høgste punktet, og tok fjellet vidare til Krossangeil, som Østgulen meiner ein finn ved garden Sleire. Måler ein avstanden millom Eksingedalen og Stordalen, og avstanden mellom Stordalen og Sleire, vil ein finne at denne er heilt lik.

Dag 3:

Den har Østgulen skildra slik: Etter overnatting ved Krossangeil tok dei rett nord mot Gulen gjennom ei heller trong dalkluft, men før dei kom heilt til fylkesgrensa, som det heiter no, er det ein stad som heiter Krossane ogso i dag. Etter dette vart dalklufti mellom garden Sleire og Krossane heitande for Krossangeil(Krossgilet),i gamal
tid.

Vidare Over Halsane, der Østgulen har skildra nedturen slik: Det var over Halsane ned mot fjorden Austgula ved Oppdalsøyra Gulatingsferdi frå Eksingedalen hin ettermiddagen kom ruslande.

Østgulen reknar no med at dei fekk båtskyss over til Floli (vanleg på den tid). Nemnda har vore på staden, og sett på korleis det er å koma seg landevegen eller fjellet rundt Austgula-fjorden, og me har snakka om dette med folk i lokalmiljøet. Det vert i alle høve ein svært lang omveg, og vanskeleg lende, så det er lite truleg at dei
har fare den vegen. Dei har nok fått båtskyss det korte stykket over til Floli, og her er så korte avstandar at det er godt mogeleg at hestane har gått att på sørsida, medan folket var på tinget. Dette høver også svært godt med tidsaspektet frå Voggesullar, der dei i vers 6 var framme på Floli; Ved Solfallsbilom på tridjandag,
ved Flåli-strendom dei sit i lag.

No har dei bytt klæde etter turen, og fjelga buene sine (Ingrid Kidøy fortalde at ei av buene hadde stått i hagen hennar, men om det var eksingedøler som hadde den, det visste ho ikkje)

Nemnda har vore på Sleire, og på Oppdalsøyra, og garden Kjelby, der me har sett på lendet, og snakka med folk. Me har sett oppover mot Halsane og sett for oss den slitne flokken av folk og hestar koma ”over Halsane ”og ned mot fjorden, glade for at dei straks var framme.

Me har ikkje funne noko ting som ikkje stemmer med skildringa til Olav H. Østgulen, og ”voggesullar um Galatinget”. Tvert om; di meir me har granska, di fleire bitar har falle på plass.

Heimturen.

Denne veit me mindre om, utanom det vesle me finn i vers 15 i voggesullar. Men det er svært rimeleg at den fyl den ruta Lars Eskeland har skildra. Denne er godt skildra i 2000-årboka,så me tek ikkje dette oppatt her. På heimvegen hadde dei ikkje same tidspresset på seg, og det er godt mogeleg dei har brukt lengre tid, og vore litt meir sosiale, vitja vener og skyldfolk m.v.

Reiseruta frå Resten av Vaksdal og Vosse-bygdene.

Den første ordføraren i Modalen Kommune, Andres J. Lavik, f. 1852, d.1941,jobba litt med dette spørsmålet tidleg på 1900-talet,og han hadde kontakt og brevveksling med mange Vossingar om dette. Han hadde og ei omfattande
brevveksling med historikaren Olav Midbø i 1918-1919,og båe deltok i den lange avisdebatten i Gula Tidend desse åra. Om Vosseruta skriv Andres i eit brev til Olav Midtbø i 1918:

Den vanlege veg for Vesser og Vassvaurer var ,etter segnene her, ut Bolstadfjorden til Rommarheim. Men der var unntak, var dei nokre få, helst strendingar, so kunde dei koma ned Eksingedalen, og fylgjast med folk herifrå yver
Modalen og til tingstaden. Men var Vessene eit stort lag, kunde dei snu ut Osterfjorden ved Vossaneset. Då var det enten sjøferdsla heilt fram, elder og gjekk dei yver Eio på ———— (uråd å lesa.)

Det er rimeleg å tru at Vaksdølene for same vegen, men me har ikkje funne nokoting skrive om dette.

Valdres og Hallingdalen:

Desse bygdene kom med i Gulatinget, på 1200-talet. Ivar Husdal, som bur på Vinje, Vossestrand har skildra litt av deira reiserute, i samband med ein tur han gjekk i fjor, frå Vossestrand til Hallingskeid. Femte dagen gjekk han over Vossaskavlen og til Hallingskeid, og i referatet har han kalla turen:

Vegen der Gulatingsmenn gjekk år 1200.

Morgonen kom med sol over Vossaskavlen og med mot i brystet. No var det berre å vona at snøen ikkje var for hard opp brattaste fonna. ————— På toppen var det stille og sol. Hardanger-jøkulen lyste ikkje så langt borte. Fonna halla no svakt nedover, lette til beins og lett i hugen vandra vi mot Hallingskeid. Mange har i årtusener gått denne vegen, og eg feste tankane mine på dei utvalgte tingmenn frå Valdris og Hallingdal som i mellomalderen
skulle på Gulatinget. Dei kom no å små flokkar ridande, med seg hadde dei hestar med klyv.

Dei for fort forbi, helsa kort utan eit ord. Lenger bak kom det fleire småflokkar. Desse ordlause småflokkane skulle nok og kryssa vegen ved Vinje, der eg bur, på veg over til Eksingedalen, vidare til Gulatinget. Om vi hadde spurt ein Valdris då kvifor dei ikkje tok båt ut Sognefjorden til Gulatinget, hadde han nok svara: ”Vi sel ikkje retten vår mot å få lov til å spy i ein Sognebåt”

Vegen til tinget var og lagt slik at ingen elvar kunne hindre dei, sjølv om det var flaum. Dei reid utanom alle bygder, om det var mogeleg. Vener kunne hindra dei meir i å nå tinget i tide enn uvener.

Med denne oppsummeringa, ser nemnda prosjektarbeidet sitt som offisielt avslutta. Men me deltek gjerne i turar, og andre tilskipingar på skulane i Eksingedalen og Modalen, som me har hatt eit godt samarbeid med. Og dersom
nokon sit inne med meir opplysningar, tek me sjølvsagt med gleda mot dette.

Tilslutt vil me takka alle som har hjelpt oss med opplysningar, og på andre måtar. Me har møtt mykje velvilje, og stor interesse overalt.

Nemnda har vore samansett slik: Åse Eikemoi Strømme, Aage Lavik, Kari Blåflat, seinare Oddvar Eikefet frå Vaksdal Kommune, og ordførar Leif Egil Nåmdal og Inga Jorunn Nåmdal frå Modalen Kommune.

Sjå også video

Trubaduern og historikaren, Arne Høyland, har sett melodi til ein gamal bånsull frå Eskingdal som beskriv denne reiseruta. Videoen hans tek oss med frå plass til plass. Teksten er hentet frå det som vert kalle «gulatingvisa», eit sikkert prov på kvar tingstaden låg.

SAMANLIKNING GULØY – BJARKØY

At stadvalget ikkje var tilfeldig ser me tydeleg om me samanliknar geografien på og rundt Guløy der Gulatinget vart halde og Bjarkøy i nord der Tore Hund hadde hovedsetet sitt. (Tore Hund, født rundt 990 og død ein gang etter 1030, var ein av dei betydelegaste
høvdingane i Hålogaland. Han hadde gard på Bjarkøy i det seinare Troms fylke).

Det er spesielt fire tilhøve som er felles og som nok var avgjerande:
– Gode hamner som gav ly ved fleire vindretningar.
– Kort og lett veg mellom hamneområda.
– Kort veg frå hamnene ut i open sjø der dei kunne heise segla.
– Begge stader ligg inne i eit fjordsystem, beskytta frå det opne havet.

Gulatingsparken er her markert som eit gult felt. Eigedomen er nummer 23/9 og Gulen Kommune står som eigar.

FORNFUNN PÅ FLOLID

Nedanståande er henta frå bloggen Vestnorsk Kulturarv, skanna dokumenter etter Ingrid Kidøy.

INGRESS/KORTVERSJON

Gulatinget som omfatta heile Vestlandet med Agder og deler av indre Østlandet kom saman årleg i kanskje langt meir enn 400 år på garden Flolid i Ytre Sogn. Der vart tvistesaker og andre rettslege forhold avgjort i samsvar med Gulatingslova – ei av dei eldste lovsamlingane i Europa.

Gulatinget har namn etter halvøya Guløy som er knytt til Flolid med eit smalt eid. Stadnamn, gamle skrifter og lokal tradisjon gjev grunn til å tru at tinget i periodar kan ha vore halde både på ein eldre tingstad på Guløy og på fastlandet på Flolid like ved. Plassen er tydelegvis nøye valgt ettersom den ligg sentralt i området lova gjaldt for, samstundes som innseglingsruter, hamne- og tryggleiksforhold er svært gunstige. Her på Flolid vart også den fyrste steinkrossen reist og i samband med kristninga av landet.

Kongesagaene og dei eldste øvrige skriftlege kjelder fortel at dette var tingstaden. Historiegranskarar opp gjennom åra har slutta opp om denne konklusjonen.

Når offentlege etatar i vår tid hevdar at den eldste tingstaden ligg i bygdesenteret Eivindvik, 3,5 km unna, er dette eit politisk vedtak som korkje samsvarar med historie, geografi eller topografi.

Sjå også her – (Gulen historie)

KORRESPODANSE

 

Store planar for Gulatingstaden på Flolid.

Eit større prosjekt med bygg for konferansar, undervisning, audiovisuelle framsyningar m.m
er planlagt ved Tingvollane. Kostnadsrama er på nesten 100 mill. Prosjektet legg opp til tredelt finansiering mellom stat, kommune og fylkeskommune. Legg spesielt merke til følgande setning i tilbakemeldinga frå Kulturdepartementet: «Tusenårsstedet er etablert som en minnepark til ære for Gulatinget».

Lenke til postliste, Gulen Kommune.

Samt denne lenken

Middelalderkyrkje i Eivindvik?

Tilsvar til e-post av 21. okt. 2022
frå Berit Anna Gjerland

Nedanfor fylgjer en del kommentarar til svaret ditt – eit svar som reiser fleire nye spørsmål. Eg vil gå gjennom dette punktvis og spørsmål som krev svar samlar eg nederst.

1. ID 8445-1 Guløy kyrkjestad.
Under «utfyllende beskrivelser» står det: «Lokaliseringen av kirkestedet er uavklart». I same avsnitt står det vidare: «Ved Floli kaldes en haug endnu for Kirkehaugen og landingsstedet for Kirkestøen». Så følger ein nøyaktig beskrivelse av kirketomta med angitte avstandar på restane av grunnmuren.

Så er det tatt med eit angiveleg sagn om at tømmeret vart ført med vinden til Eivindvik og at kyrkja vart bygd der. Dette er ikkje nemnt av historikarane Kraft, Blom, Dahl eller Bendixen som det ellers er referert til. E. Bjordø kallar med rette dette for ein fabel (s. 16)? Og korleis kan ein fabel nyttast som vitenskapeleg grunnlag? (Minner om at den dominerande vindretningen på Vestlandet/Flolid er sør-sørvest, iallfall når det gjeld ekstreme værforhold. Materiala ville i så fall ha hamna på Ytre Flolidvågen). Er denne fabelen meir truverdig ein «Bånnsull frå Eksingedal» som beskriv reisa til Gulatinget på Flolid, og som har referanse til kjend kjelde?

Under «Dokumentasjon» 23/11 2011 (!) står det vidare: «Lokaliteten har manglet stedfesting til nå. Nøyaktig lokalisering må gjøres i felt».
Korleis harmonerer dette med den ovanståande beskrivelsen der 4 nemnde historikarar har vore på lokaliteten og gitt ein grundig beskrivelse?

2. ID 84447 Gulen kyrkjestad.
Frå «Utfyllende beskrivelser»: «Eldste omtale av kirken er i 1329 av prest i 1327 (referanse til brev frå biskop)». Den oppgjevne referansen seier ingenting om at det var kyrkje i Eivindvik, men brevet er adressert til presten, som då må ha budd i Eivindvik.
I Masfjorden låg eksempelvis prestegarden på garden Åmundsbotn medan kyrkja står på garden Sandnes, eit døme på at prestegarden ikkje ligg på same matrikkelgarden som kyrkja.

Tidsangjevinga her er uansett etter at Gulatinget vart flytta til Bergen (ca år 1300) og det skulle ennå gå lang tid før kyrkja på Flolidstranda vart flytta (flyttinga er bekrefta av Niels Griis Alstrup Dahl m/fl.).

Vidare står det: «En middelaldersk stavkirke på stedet ble på slutten av 1500-tallet erstattet av en liten langkirke …» Kvar finn ein referanse til den nemnde stavkyrkja? Og kor sannsynleg er det at det var kyrkje i Eivindvik og på Flolidstranda, innbyrdes avstand 1,5 km, innafor same tidsbolk?

Meir frå beskrivelsen: «Eivindvik var frå først av ein retteleg storgard».
Korleis kan ein hevde dette når skriftlege kjelder viser noko heilt anna:
I 1360 er Eivindvik (Øyuindarviih) nemnt som skattebetalande gard.
«Da matrikkelen skulle settes opp i 1868, ble gården beskrevet. Gården lå nær sjøen, men den var tungdrevet og hadde verken fiske eller fiskerettigheter. Jordene var spredt, den hadde syv husmannsplasser».
Ein «storgard» uten elementære lovrettar står ikkje til truande.

Slik desinformasjon rokkar ved truverdet til heile beskrivelsen.

3. Utgraving ved Tingvollane.
Eg hugsar godt det som vart kalla utgraving på ei lita høgd aust for Tingvollane. For eit uøvd auga såg det ut som litt «pirking i overflata».
Eg har seinare vore til stades under utgravingane på Landa, Forsand,
og der var det snakk om utgraving, ikkje «pirking».
Så vart då konklusjonen også at der ikkje var noko å finne. Men kven hadde anvist denne staden som aktuell? Det er ingen eldre skriftlege eller munnlege kjelder som har nemnt ei kyrkje her.
Trass i dette er staden avmerka som kirketomt i «Kulturminnesøk».
Dette må dei som står bak kunne svara på.

4. Utgraving på Flolidstranda.
Du viser til boka «Gulatinget og Gulatingslova» av Knut Helle. (Sjå omtale av denne boka under neste punkt).
På side 64 er det vist bilder frå tomta og utgravinga på Flolidstranda.
Når ein samanliknar dei to bilda er det tydeleg å sjå at utgravinga har foregått på feil stad, ettersom den eigenlege tomta er på flata lenger nede, tydeleg beskrive av Bendixen m.fl.
Dette reiser spørsmåla: Kvifor har ein støtta seg til Jacob Flolid som stadsanvisar (Knut Helle) når fleire kjende og nemnde historikarar har gitt ein nøyaktig beskrivelse av staden? (punkt 1). Var denne utgravinga like kalkulert som den på Flolid?

5. «Gulatinget og Gulatingslova» av Knut Helle.
Knut Helle vert beskriven som «den største autoritet på norsk middelalderhistorie». Det skal eg ikkje imøtegå, denne boka framstår som eit praktverk og vert no rekna som sjølve «Bibelen» når det gjeld Gulatinget. Dette syner fleire seinare bokutgjevingar på mellom anna Saga Forlag og Selja Forlag (Ingvaldsen/Djupedal).
Forfattarar, historikarar, læreanstaltar m.fl. vil frå no av støtta seg på Knut Helle sine konklusjonar, uten å foreta eiga gransking.

Slik sett var det eit «kupp» av Gulen kommune å få Knut Helle engasjert i den over hundere år lange striden om lokaliseringa av Gulatinget. Gjennom seminar og høyringar i forkant av forfattarskapet var det tydeleg for oss som følgde med at konklusjonen var førehandsbestemt. For å etablere sitt syn i akademika i et større omfang inviterte han kollegaer frå alle dei nordiske landa til Eivindvik der dei vart kursa i hans historieversjon. Truleg var ingen av dei på Flolid, og iallfall ikkje på Guløy.

Så støtta då også Gulen Kommune utgjevinga med eit betydeleg beløp. No vil eg ikkje hevde at Knut Helle var «kjøpt og betalt», men at sterke krefter både lokalt og frå anna hald har påverka synspunkta hans kan det ikkje være tvil om.

På denne bakgrunn er truverdet av drøftingane frå side 61 – 66 i boka sterkt svekka. Dette blir forsterka av måten Flolid og Guløy er omtala, for det meste i ein nedsetjand tone, der respekten for tidlegare granskarar er fråværande. Alt på omslagsbildet ser ein kva haldning forfattaren har til saka. Om han meinte tinget også hadde vore på Flolid, om så var for ei kortare tid, ville det vore naturleg at bildet dekka eit større område.

Dessutan er det ei samanblanding av gamle stadnamn og hendingar som tyder på at han har hatt problem med å bortforklare fakta der dette har vore tiltengt.

Eksempelvis seier han at det er utenkeleg at det vart halde ting i det knudrete lendet på sjølve Guløy, og trekker beskrivelsen av Domsteinen inn i ei setning om Tingvollane. Professor Taranger, som det vert vist til i ein annan samanheng, er tydeleg på at den eldste tingstaden var på Guløy «mellom Domsteinen og Varden». Her er det eit dalsøkk med ei slette i botnen, og i nord er det ein bergformasjon med naturlege sitjeplassar som kan romme mykje folk. Her er det også naturleg god akustikk. Lite tyder på at Knut Helle har tatt bryet med å undersøke denne plassen ettersom boka berre beskriv eit knudrete lende.
Det er og eit stort spørsmål om nokon av autoritetane frå UiB og UiO som uttalar seg skråsikkert om «tingstaden» i Eivindvik har sett denne plassen?

Freistnaden på å trekke i tvil alderen på Guløy-namnet, holmgang på Timrøyna og at det har vore kyrkje på Flolidstranda er også ganske avslørande. Å forklare namnet på Krosshaugen med eit kryss i berget framstår som direkte latterleg. Mykje tyder på at me her hadde med å gjere ein autoritet som i kraft av sin fagkunnskap gjekk politiske ærend for å endre tusenårige historiske fakta og tradisjonar.

Professor Helle var også ganske vag i å konkludere med at tinget i det heile tatt har vore på Flolid, han tekkjer sogar inn antydning om at det kan ha vore fleire stader i tillegg til Eivindvik. Det er mest som ein høyrer frå bakrommet: « OK, la dei på Flolid få dei siste 50 åra, så kanskje dei roar seg».

Dette reiser og eit nytt spørsmål: Hvis me tenker oss at tinget var i Eivindvik i nesten 400 år – kva var då bakgrunnen for at det vart flytta til Flolid? Kva skjedde i Eivindvik? Var det ei naturkatastrofe eller tilsvarande hendingar – finst det i så fall prov på det? Eller var Håkon Håkonsson, den akta kongen han var, gått frå sans og samling sidan han flytta tinget frå det «ideelle» Eivindvik til «det knudrete lendet» på Guløy?

Uansett er det svært merkeleg at ei storslått markering med planlagte investeringar på nær 100 mill. kroner er lagt til Flolid hvis tingstaden var i Eivindvik. Her er det mykje som skurrar, og dess djupare ein grev i dette, dess tydelegare ser ein at her er det snakk om politiske avgjerder uten grunnlag i historiske fakta.

 

Spørsmål eg gjerne vil ha svar på:

1. Kvifor blir beskrivelsen av kirketomta på Flolidstranda frå fleire tidlegare historikarar underkjent?
2. Kvar finn ein referanse til ei middelaldersk stavkyrkje i Eivindvik?
3. Kvifor blir Eivindvik framstilt som ein storgard når skriftlege kjelder viser noko anna?
4. Kva var bakgrunnen for utgravingane ved Tingvollane på Flolid?
5. Kvifor er denne staden registrert som kyrkjestad når det ikkje vart påvisst ved utgraving?
6. Kvifor vart det gravd på feil plass på Flolidstranda når rett stad er tydeleg beskrive?
7. Kvifor er ikkje Flolid merka som tingstad i Kulturminnesøk?
8. Kvifor støttar ein seg utelukkande på Knut Helle sine konklusjonar om tingstaden når tidlegare kjende historikarar har konkludert annleis?
9. Kvifor er det ikkje tatt med i diskusjonen at det kan ha vore to tingstader på Flolid, og at ei eventuell flytting av tinget kan ha skjedd lokalt i dette området?

Risør 1. desember 2022

Jan Kidøy