Eit naturleg valg

Her kom dei inn osane mot Guløy

Valget av Guløy/Flolid som tingstad for Gulatinget var heilt sikkert ikkje tilfeldig. Fleire omsyn måtte takast ettersom tinget skulle være samlingsstad for tingmenn frå eit stort geografisk område.

Det første me må tenke på er kva for kommunikasjonsvegar/midlar som vart nytta i vikingtida. Me vil då sjå at all transport langs kysten foregjekk sjøvegen. Avstandar og seglingsforhold var difor av største betydning.
Eksempelvis var fleire eldre kyrkjer bygd på mindre øyar som I Rutledal og Balestrand.

Ser me på avstandar og tek utgangspunkt i dei innerste bygdene i Sognefjorden ser me at avstanden til Guløy/Flolid er omtrent den same som den er frå Ulsteinvik på Møre og Haugesund i Rogaland. Doblar me avstanden kjem me beinaste vegen til Shetland. Gulatingstaden ligg såleis svært sentralt til og den opne innseglinga frå skipsleia sør/nord, samt Sognefjorden i aust gjer plasseringa ideell som eit knutepunkt på Vestlandet. (Sjå også menyvalg om geografi).

(Skipa vikingane hadde utvikla er eit kapitel for seg, noko me ikkje skal komme inn på her. Me berre nemner at dei var raske, smidige, tålte dårleg vær, kunne segle over røffe havstrok samstundes som dei tok seg fram på grunt vatn. Dei kunne til og med trekkjast på land ved hjelp av godt mannskap.)

Knarren var eit mykje nytta transport og handelsskip

Dei gamle vegane over fjella ser me ennå restar av.

Busetjingsmønster og handel var nok også ein viktig faktor. Me veit at det har budd folk langs Sognefjorden og Vestlandskysten sidan før vikingtida, det seiest at det vart dyrka frukt i Sogn i vikingtida – ein tradisjon som enno lever. Vidare var Sognefjorden ei viktig ferdselsåre for kontakten med innlandsfylka. «Eit vegbrev frå omkring år 1400 påla visse gardar i Lom å gjere vegen farbar til Midt-Sognefjell og sørge for at klopper og bruer var i stand. Dølane kalla fjellet Sognefjell medan sogningane kalla det Dølafjell. Dølane frakta smør, ost, huder, ull og tjære med kløv til Luster. I Skjolden vart varene vanlegvis lasta over på jekter (Knarrer i vikingtida, red. anm.) som besørga frakta vidare. Frå Sogn vart det vanlegvis frakta korn, jern og salt attende over fjellet». (frå SNL). Innlandsfylka sokna etter kvart også til Gulatinget, så denne vegen/fjorden vart nytta også i den samanheng.

Bondesamfunnet inne i Gula er mykje eldre enn både tinglag og prestegjeld. Det hadde teke form og gav plass for Gulatinget fleire hundre år før senteret Eivindvik tok til å spira fram. Omkring i Gulafjordane treffer ein på gard- og grendenamn som tyder på ein uvanleg gamal busetnad. Livberginsvona for folket som budde der har alltid vore jordbruket, under avstengde og ytterst vanskelege livsforhold. Den einskilde kunne ikkje makte alle vanskane i kampen for tilværet ved eiga hjelp. Gulingane laut frå den aller første tida lære seg kunsten å søke hjelp i eit regelbunde samarbeid mellom grannar og grender.
«Framvoksteren frå dette vart så, då Gulatingsmennene stemde inn råka dei på eit gamalt lovsamfunn som hadde skapt eit miljø særs høveleg for den staden tinget skulde settast. Det er mi faste tru at dette er eit moment som ved sida av det geografiske leiet har vege då tinget vart i Gula. Les ein dei sitera linene frå Gulatingslova med velvijug ettertanke, lyder det av noko som liknar lovsong over Gula – inkarnasjonen av bondesamfunnet på Vestlandet.»

Sjå også samanliking mellom Guløy og Bjarkøy her

 

 

 

 

 

Sjøvegen frå aust, sør og vest møttest ved Guløy