Gula tingstad

– fødestaden til fleire rettssamfunn *

* Gulatinget og Gulatingsloven: Arv og innflytelse

To tingstader

skaper forvirring

Eit feiltolka sitat frå Håkon Håkonssons Saga har leda mange til å tru at Gulatinget vart flytta til Guløy frå ein annan stad – Eivindvik er oftast nemnt. Gulatinget vart etablert på Guløy i eldgamal tid og var halde i same området like til det vart flytta til Bergen. Gamle stadnamn som ennå lever, sogeforteljingar og folketradisjonen viser at det også har vore halde på fastlandet på Flolid. Herifrå vart det flytta til Bergen i tidsrommet 1220/1230 (Knut Helle). Om tinget i periodar har veksla mellom desse to tingstadene veit me ikkje, men sikkert er det at staden på Guløy var den tryggaste i ufredstid. At tingstaden er kalla «Guløy Thingstad Rettom» fortel oss at denne plassen var heilt spesiell. Den er no merka med ei informasjonstavle og stien opp er rydda og skilta.
Les meir om dette her.

«Det fryktelege er at når ein søkjer sanninga så finn ein ho».

(Rémy de Gourmont)

(Vi veit ikkje sikkert kor gamalt Gulatinget er, men skriftlege kjelder og folketradisjon tyder på at det er svært gamalt, kanskje frå 600/700 talet, i starten i ei enklare form, truleg som eit meir lokalt lovsamfunn.)

Tinget vart flytt til Bergen ein gang i tidsrommet 1220/1230.

Translation from Norwegian to other languages are automated, so please accept some minor errors due to local Norwegian words and expressions.

Gulatinget minnesmerke

Gulatingstaden.no
Website: Seek.no
Dronevideo: Friis Media
Musikk: Danheim “War of the North”
Kontakt: Bruk kontaktskjema nedanfor

Forfattar og samfunnsdebattant

Jan Kidøy, ansvarleg redaktør

Kontaktskjema

4 + 6 =