Er Gulatinget oppkalla etter Guløy
Er Gulatinget oppkalla etter Guløy – eller er det omvendt?
Av Jan Kidøy
Guløy er eit særegent namn, ingen annan plass enn på Flolid i Gulen finn me dette namnet.
Namnet har gitt språkforskarar hovudbry ettersom det ikkje er opplagt kva som er rota eller opphavet til namnet. I denne artikkelen skal me sjå nærare på kva dei har kome fram til og kva den mest sannsynlege tydinga kan være.
Når Kartverket brukar namnet Guløyna er dette ikkje rette namnet på halvøya, men ei naturlig form etter dialekten i området. Det uheldige her er at Guløyna finst fleire plasser i landet, noko som gjer staden mindre spesiell. Lokalhistorikaren Ola R. Midtbø gjorde merksam på denne skilnaden i «Mål og Minne, 1918»: «Denne halvø kalles «Guløyna», men skrives Guløy».
Ut frå dette skjønar me at Kartverket har endra den opphavelege skrivemåten til å samsvara med daglegdags uttale i bestemt form, og at dette har skjedd etter 1918.
Dei eldste skriftlege kjeldene brukar konsekvent Guløy, eller språklege variantar av namnet.
I den opphavelege teksten i Landslova av 1274 les me: «Men vi skal ha lagtinget vårt kvart år kvar Botolfsmesseeftan i Guley, på den rette tingstaden». (Liknande ordelag kjem att mange ganger i denne lova, og oftast er tingstaden kalla «Guley», medan Gulatingslova nemner Gula eller i Gula»).
Alt i alt finn med desse variantane av namnet: Guløy, Guley, Guli, Gulø og Gula.
Når det gjeld «i Gula» omfattar dette Guløy saman med eit større område ikring Gulafjordane.
«Bondesamfunnet inne i Gula er mykje eldre enn både tinglag og prestegjeld. Det hadde teke form og gav plass for Gulatinget fleire hundre år før senteret Eivindvik tok til å spira fram. Omkring i Gulafjordane treffer ein på gard- og grendenamn som tyder på ein uvanleg gamal busetnad».
I Håkonarsaga/Heimskringla er også «i Guløy» brukt om eit større område (ettersom me veit at den nemde kyrkja ikkje stod på Guløy, men på Flolidstranda):
«Han lot gjøre en kirke i Guløy, nord for Bergen».
Lat oss no sjå kva språkgranskarane har kome fram til:
Oluf Rygh, Norske Gårdsnavne.
Guli har opprinnelig været Navn på den Fjord, som nu kaldes Gulefjord. (….)
Ved Hovedfjorden har Vestlandets gamle Hovedting (Gulathing) opprinnelig været holdt; man antager at Tingstedet har været Halvøen Gulø, rett nedenfor Gaarden Floli, og at dette er den i Haakon Haakonssøns Saga nævnte Guløy. Fjordens navn kommer aldri i Nominativ i de gamle Kilder, kun i Genitiv og Dativ (Gula), hvor Munch på flere steder har antaget at Navnet har været et ubøyet Intetkjønnsord, Gula; der er dog ingen Grund til at antage, at ikke dette Fjordnavn som så mange andre har været et svagt bøyet Hankjønsord, Guli. (….)
Guli er rimeligvis avledet af gul (gol), Kuling, Vindkast.
Oddvar Nes, Den gremanske rota geul i ein del stadnamn.
Den første eg har funne som kom med eit framlegg til tolking av Guli, er Oluf Rygh, som skriv at «Guli kan tænkes afledet af gul, gol (Kuling, Vindkast)».
Alle seinare granskarar har utan vidare godteke Ryghs etymologi. Nemnast kan t.d. Kjær (Rygh 1919), Skulerud (1946) (som tykkjest å meine at Guli er laga i historisk tid), Holthausen (1948), Hovda (1955 og 1967) (gul/gol ‘sterk vind’) og Sommerfeldt (1965).
Formelt talar ingenting mot å setje Guli til gol, gul ‘vind’, men realt er ikkje ‘vind’-etymologien så opplagt, for alle tre fjordane er dekte av øyar utanfor. Ein ting som kan undre oss, er at Guli ikkje finst som namn på vindfulle stader andre plassar i landet. Det tyder på at namnet er gamalt og ei særlaging, på line med mange andre fjordnamn. Like eins er det merkeleg at Guli er namn på to sterkt oppsplitta smale fjordar (Gulafjorden og Gulefjorden i Bremanger) som liknar kvarandre, og ein smal våg.
Mitt alternative tolkingsframlegg går ut på å føre Guli til den germanske rota geul (….)
Eit fjell i Hordaland er og blitt ført til rota geul. Det er Gulfjellet austanfor Bergen, på kartet skrive Gullfjell. Frøysadal diskuterer ymse tolkingsalternativ, men det han meiner «har mest for seg» er at namnet er ei laging til lågsteget gul-: «Overført på eit stadtilhøve, vil gul- da tyde gjel, kløft, klove o.l., og Gulfjellet: ‘fjellet med kløft(er)’. Den kløfta som er mest særmerkt … er Glumregjelet.»
Vidare drøftar Oddvar Nes (side 210-211) i si avhandling fleire sider ved den germanske rota og samanliknar med kva andre har kome fram til. Detaljane her blir for akademiske for den vanlege lesar. Me tek nedanfor berre med sitat som er viktige for Guløy-namnet.
Etter mitt syn har Hovda gjort det truleg at vi har å gjere med eit gno. gjóli / gjól i Gjóleid. Hovda gjev desse orda, saman med gjóla eit tydningsinnhald ´djupt innhogg i terrenget, gil/gjøl-liknande innhogg. (….) Allereie Magnus Olsen såg at terrengtilhøva måtte liggje til grunn for namngjevinga, ….
Ved det ord- og namnestoffet eg har drøfta framanfor, trur eg å ha gjort det temmeleg sannsynleg at germanske geul- ‘gahnen, klaffen’ er representert både i høgstega og lågsteget i norske stadnamn. I stadnamn er ofte gamle språktilstandar konserverte. Gamle, ofte utdøydde, ordlagingsmåtar er tidt å finne ved nærare analyse av dei eldste stadnamna, og mykje ordstoff som ellers er kome or bruk i språket, kan vi spore opp i gamle namn.
Norsk stadnamnleksikon.
O. Rygh og mange andre har tolka Gulen (Guløy) som avleidd av norrønt gul, gol ‘sterk vind’. Eit anna framlegg har O. Nes som set Guløy til den germanske rota geul, som vi finn i til dømes norrønt gjól ‘gil, kløft’ – Gjoleid.
Ser me vidare på namnet Gjoleid er dette det tidlegare namnet på bygda Skedsmo.
Her samsvarar tolkinga av namnet med at det gjeld beskrivelse av terrenget:
Første ledd har fleire tolkingar. Namnet kan komme av norrønt gjól, som betyr ‘gjel’, altså eit innhogg i terrenget. Eit anna alternativ er at det kjem frå gjalla, ‘lyde’, og det viser til ekkoet ein kan høyre frå Gjelleråsen. Det norrøne -eid derimot viser til eidet mellom Leira og Nitelva.
Overfører me denne tolkinga til Guløy vil staden imøtekome alle tre ledda: Den gamle tingstaden ligg i eit gjel, der er framifrå akustikk (ekko) og øya er knytt til fastlandet med eit eid. Fonetisk er heller ikkje spranget langt frå Gjoleid til Guløy.
Konklusjon.
Som ein merknad til tolkinga av at Guløy kjem av ‘vind /kuling’ – som ovanfor er tilbakevist – kan me ta med eit sitat frå ein artikkel av Einar Nordgulen om det tidlegare bakeriet på Nyborg. Motorbåten «Rapp» frakta brød frå bakeriet rundt i heile Gulen og Masfjorden:
Ofte kunne været vere eit problem under transporten; særleg kunne Masfjorden og Fensfjorden stå i eitt rók og såleis vere ein risiko for den fullasta båten. Men når dei nådde Brandangersundet, kunne mannskapet puste ut, for då var jamnast smult farvatn heilt til Nyborg.
I Ola R. Midtun sin beskrivelse av den gamle tingplassen på Guløy finn me denne tekstlinja:
I en liten kløft som kalles «Gamleveien» skal dommerne ha hatt sine rådslagninger, ….
I eit referat frå Sogn Sogelag sine møter (1917) kan me lese:
Eit lite gjel på øyna ber namnet «Gamlevegen». På sudsida av øyna kan folk enno minnast at der har vore ei steinbryggja og steintrapper som no er borte.
Bildet av den eldste tingplassen, «Guløy Thingstad Rettom», viser at den ligg i eit «djupt innhogg i terrenget», gjerne kalla gjel. (Plassen er rydda og merka sidan dette bildet var tatt).
Tingplassen held fram vidare austover frå høgre bildekant. I skråninga bak var det plass til mykje folk og akustikken er framifrå. Her ser me og at det er snakk om eit gjel.
Ut frå dette kan me slutte at Guløy-namnet kjem frå den germanske rota geul, og/eller den norrøne rota gjól som begge kan bety gjel, eller djupne i terrenget. Her er det ikkje snakk om eit tilfeldig gjel, men staden der det heilage Gulatinget først vart halde frå eldgamal tid.
Når namnet såleis reflekterar kva som hende på staden er dette i tråd med gamal namnetradisjon: Knarrholmen – der knarrane vart ettersett, Veholmen der ofringa føregjekk, Krosshaugen der krossen stod, Tingvollane der tinget seinare vart halde, Kyrkjestøa der dei som rodde til kyrkja la inntil – og altså Guløy (Gjeløy/Gjoleid) der Gulatinget vart halde.
Dette vil også bety at det er Gulatinget (geul/gjól/Guløy/Gjoleid) som har gitt namn til Gulafjordane og samlenamnet Gula for områda rundt. Når me veit at tingplassen på Guløy kan være svært gamal, kanskje som «forsamlingsplass» (lovgjevande/dømande forsamling) for dei første germanske stammane (Egder/Ryger/Horder/Sygner)* som kom til Vestlandet, vert denne namngjevinga endå meir truverdig.
*) Det er mange teoriar om dei germanske stammane, kvar dei kom frå og kvar dei drog.
Det er likevel semje om at dei kan ha vore dei første som etablerte lovsamfunn, først kalla «forsamlingar» på Vestlandet. Best kjent er stammane rugii/ruiers/ryger og harudes/arochi/horder. Desse vert sagt å ha gitt namnet til Rogaland og Hordaland. I denne samanheng er det viktig å hugse at Guløy/Gula frå gamalt av var ein del av Hordaland.
På kartutsnittet nedanfor er desse stammane oppført frå Agder til og med Sogn og Fjordane: Rugii/Taetet/Sunixi/Ardchi/Arochi/Sogn? (Arochi er et anna namn på harudes). Rugii er her truleg feilplassert.
(Wikipedia: List of early Germanic peoples).