Gulatinget

Fakta, tvil, fantasi

«SANNINGA OG FORNUFTEN
ER SJELDEN UVENER»
(DRONNING KRISTINA)

Gulatinget – møtestad for lov og rett

«Etableringa av Gulatingsparken ute i havgapet i vest dreier seg om mykje meir enn granittskulpturar av største slag. Heile området Flolid skal bli ein attraksjon og forhåpentleg ein turistmagnet».

Ja, mon tru det kan bli ein turistmagnet så lenge Eivindvik blir marknadsført som den eigenlege tingstaden? Det må være svært skuffande og forvirrande for turistar som kjem til Gulatingparken å bli fortalt at dei er på feil plass. Like skuffande må det være for folk med litt historisk innsikt å få Eivindvik presentert som tingstad – Eivindvik der ingenting stemmer med soga.

Anders Hantveit, ordførar i Gulen 1890-1911 sa det slik (Bergens Tidene 1919):
«Som gammel kommunemand vilde jeg selvsagt finde det hyggelig at omgivelsene omkring kommunelokalet kunde bli pyntet op med en vakker bauta. Men jeg har den opfatning at det vilde være at «pynte seg med lånte fjær», og det smaker ikke. Skal det påtenkte minde ha noget kulturhistorisk værdi, må det bringes i overensstemmelse med det som de gamle skrift og tradisjonerne forteller os. Ikke lempes til på en måte som man efter nutids begrep finder mest bekvemt.»

Ein annan med lokal kunnskap var Ola R. Midtbø frå Masfjorden som etter å ha granska saka kom fram til dette:
Det sted som tradisjonen nevner som tingsted, er en i fjorden fremspringende halvø ved garden Flolid, noget østenfor Eivindvik. Denne halvø kalles «Guløyna», men skrives Guløy, og tinget skal ifølge tradisjonen ha stått på dens øverste topp. I en liten kløft som kalles «Gamleveien» skal dommerne ha hatt sine rådslagninger, og en stor sten som kalles «Domsteinen» skal ha tjent som tingbord, og her ble dom avsagt. Innenfor Guløy strekker Flolids innmark seg tvers over det flate eid, fra Østviken til Vestviken. Ved Vestviken skal det ha stått en kirke hvis sted påvises mellom Kirkestøen og Kirkehaugen. Ved Guløys ytterste spiss er en sten som kalles «Gulestenen». I nærheten er «Koven» hvor kirkebåtene før alltid samledes på hjemveien fra kirken til gammen og gjestebud. I nærheten er også «Knarrholmen» hvor tingfolket reparerte sine fartøyer, samt «Timbrøyna» hvor tvekampene foregikk. Både på Guløy og Timbrøy skal der før ha vært steinbrygger som nå er borte.

Ikkje anklage, men oppklare

Lat det være klårt for alle at det følgande ikkje blir publisert for å anklage einskildpersonar eller organisasjonar, men for å avklare og oppklare kva som faktisk har skjedd og framleis skjer i lokaliseringsspørsmålet om Gulatingstaden. Mange uttalelsar/påstandar om Gulatingstaden kan skuldast vankunne, eller blind aksept av andre si synsing.

Gulatinget kan ikkje ha vore i Eivindvik

Den politiske avgjerda om at Gulatinget vart halde storparten av tida i Eivindvik har ikkje grunnlag i historiske fakta, men er eit valg som er tatt ut frå andre omsyn. Desse faktiske forholda ekskluderer Eivindvik som mogeleg tingstad:

  1. Geografien stemmer ikkje med skildringar i soga
  2. Topografien på staden stemmer ikkje med soga
  3. Hamneforholda var ikkje høveleg for samling av så mange skip. Ilandstigningstilhøva var nesten fråværande før noværande kaianlegg kom
  4. Staden er ei strategisk felle i strid. Rømningsveg er begrensa til to smale sund
  5. Namnet Eivindvik er ikkje nemnt i nokon skriftleg kjelde før etter at tinget vart flytta til Bergen
  6. Eivindvik er heller ikkje nemnd som tingstad i folketradisjonen, i segner, sagaer eller sangar korkje lokalt eller nasjonalt
  7. Det er ingen stadnamn i Eivindvik som refererer til vikingtida utenom dei som er oppdikta i seinare år
  8. Det er ikkje registrert oldfunn på staden med relevans til saka
  9. Det var mest truleg ikkje kyrkje i Eivindvik før etter reformasjonen på 1500-talet

Vestland Fylkeskommune har tatt stilling til lokaliserings-spørsmålet

Dette er deira uttalte standpunkt:

Det autentiske Gulatinget låg i middelalderkyrkjestaden Eivindvik, medan Gulatingsparken på Flolid er ein minnepark til ære for Gulatinget.

Avgjerda er fulgt opp av krefter frå fleire universitet:

Videoar «Fakta om Gulatinget» 3-6
I tre av seks videoar som ligg på Gulating.no sin nettstad legg Professor Jørn Øyrehagen Sunde ingenting imellom, men seier uten atterhald og uten å nemne Flolid at Gulatinget var i Eivindvik.

Vegskilt ved E39 i Instefjorden knyter Gulatinget til Eivindvik.

Tilpassa namn i Eivindvik

«Lovseieberget»
Karl Gåta nemner Lovseiingsberget. Nyare namn?
(Karl Gåta promoterte Eivindvik saman med Anders Skaasheim, Balestrand, ein av stiftarane av Histoerielaget for Sogn 1909)

«Olavskjelda»
Opphaveleg namn «Renna»: Ei oppkomme. Her var det tidlegare laga til ei renne av ein uthola trestamme. I dag blir Renna som oftast kalla Olavskjelda. Dette namnet er ikkje nemt i skulebarnoppskriftene. Det tyder på at Olavskjelda er eit nyare namn, gjerne berre nokre tiår, og kan truleg knytast til diskusjonen omkring plassering av Gulatingsstaden.
(At Olav den Heilage har drukke av Renna kan ikkje dokumenterast og framstår som rein fantasi).

NB: Det er ikkje dokumentert at Olav den Heilage nokon gang var i Eivindvik.
Det soga fortel er at han var på ei reise på Vestlandet.

«Kyrkjeneset»
Opprinneleg kalla «Smedneset».
«Sogegranskar Jacob Åsland fortalde på Kyrkjehaugen (Flolidstranda) at i Breim var det ein haug som var kalla Kyrkjehaugen av den grunn at ein herfrå kunne sjå kyrkja i Breim. (Etter sjømann Karl Gaata, frå Byrknesøy, 1918)»
Slik sett var det nok lageleg med namnet «Kyrkjeneset» som ligg i siktlinja frå Kyrkjehaugen på Flolidstranda.

(Ovanståande informasjon er henta frå Fylkesarkivet, stadnamn i Eivindvik)

Gulafjorden

Kvifor er plasseringa av Gulafjorden viktig i lokaliseringsspørsmålet?
Jau, dette heng saman med at namnet Gula/Guløy/Guli, kjent frå soga, ikkje kan knytast til Eivindvik. Om det kunne hevdast at Gulafjorden byrgjar rett sør for Eivindvik kunne det være eit hypotetisk samsvar mellom fjordnamnet og Gulatinget med ein tingstad i Eivindvik.

I samarbeid med Kartverket har ein «flytta» Gulafjorden frå Guløy/Flolid til langt ut i det som vert kalla «osane». Ekstra langt ut i professor Knut Helle si bok.

Jan Kidøy var i 2022 i kontakt med Kartverket for å få retta opp feilen, men til inga nytte. Han fekk gehør for eit par andre endringar, og tilbakemeldinga var: «Det tyder at me kan formalisera namnet for offentleg bruk neste gong me reiser namnesak i Gulen kommune». Så kan ein spørje, kven styrer med namnesaker i Gulen kommune? Ein annan merknad var at nokre argument han hadde lagt fram var henta frå boka «Gulatinget på Flolid gard» (Liv K. Lien Flolid), underforstått at dette ikkje var truverdig.

Skilting i samband med Gulatinget

For å gjere saka meir diffus og opne for mogeleg tingstad i Eivindvik nyttar ein konsekvent berre Gulatinget på vegskilta. Ikkje eit einaste skilt nemner Gulatingstaden. Skiltet i Instefjorden, der vegen tek av frå E39, hovedfartsåra gjennom Gulen, koblar i tillegg Gulatinget direkte til Eivindvik. I Eivindvik sentrum viser eit skilt vegen til «Gamal tingstad», medan det motsatt veg berre står «Gulatinget».

Angrande ordfører avslører konspirasjon

(gjengitt med tillatelse)

Ludvik J. Kjellevold (1889-1971) var ordfører i Gulen i 16 samanhengande år.

I august 1966 tilkalla Ludvik Kjellevold truverdige folk frå Flolid for å bevitne noko han ville bekjenne: Det hadde vore eit viktig møte i Eivindvik, kor folk frå alle dei nordiske landa, inkludert Island og Man i Irskesjøen, kom for å sjå dei 4 tingstadene i Norge.

Ordførar og varaordførar og «dei frå Bergen» vart enige på forhånd om at dei skulle sei «her er staden» i Eivindvik, og ikkje eit ord om Guløy og Flolid.

Frå første stund såg dei tilreisande at tinget ikkje kunne ha vore i Eivindvik. Og spesielt representanten frå Island var skråsikker og vart sint for at dei var leda til feil plass. Ikkje før dei stod på kaia for å ta farvel måtte ordførar Kjellevold vedgå at Guløy låg lenger mot aust.

Då han seinare fortalde det til kona, Lise, fekk han denne kommentaren:
«Du har visst det frå du var liten gut kor Gulatinget har vore, og så har du dumma oss ut slik!»

Det var dette at han hadde ført skam over familien som førde til at han ville ha sanninga fram – ei sanning han ville dele med alle, om så var med kongen!

Høyr og sjå heile historia her

Konspirasjonen lever

Konspirasjonen lever framleis, 56 år etter denne hendinga. Eit djupdykk i kva som føregår bak kulissane viser at dette er mykje meir omfattande enn ein skulle tru.

Les dette ein gang til, og ta litt tid til ettertanke:

Det autentiske Gulatinget låg i middelalderkyrkjestaden Eivindvik, medan Gulatingsparken på Flolid er ein minnepark til ære for Gulatinget.
(Ut.no opplyser at denne teksten er skrevet av Vestland Fylkeskommune)

Her får ein inntrykk av at Gulatingparken på Flolid i det stille blir brukt som marknadsføringsplass for ein tenkt tingstad i Eivindvik. Dette blir bekrefta mellom anna ved dette kartet som er å finne under Kulturminnesøk:

Ved søk i «Kultuminnesøk» på ordet «Gulatinget» er det berre dette kartet som kjem opp.  Flolid/Guløy er ikkje registrert som tingstad. men som kyrkjestad, og kyrkja er i tillegg plassert på feil plass. Kven står bak denne bevisste forfalskinga?

Desinformasjon i Kulturhistorisk leksikon

Stadnamnet Gulen, som også er namn på kommunen på sørsida av Sognefjorden, kjem av det gamle fjordnamnet Guli, no Gulafjorden. Etter Gulen (NB: 1890) har Gulatinget namn. Fjorden deler seg etter kvart i 3 fjordar: Nordgulfjorden, Austgulfjorden og Eidsfjorden.

(Deretter kjem ei lang utgreiing som freistar avkrefte at Gulen-namnet kjem av Guløy, akkurat slik som Gulafjorden gjer det).

To steinkrossar i Eivindvik har truleg opplevd både Gulatinget og innføringa av kristendommen. Den eine av krossane har rette, enkle former og står ved porten til kyrkjegarden.

Ei segn seier at Olav reiste krossane for å vigsle grunnen til gudsteneste, og at han baud folk å byggja ei kyrkje på staden. Ei anna segn går ut på at Olav skaut tre piler i ulike retningar frå tingstaden og sette opp ein kross der kvar pil landa. Steinkross-granskaren Fridtjov Birkeli (1906-1983) meiner det er sannsynleg at det var Olav Tryggvason som reiste krossane, før kyrkja i Eivindvik vart bygd.
Ein hypotese går ut på at døypefonten og krossen vart laga til ein massedåp som Olav Tryggvason heldt.

Frå artikkelen «Gulatingsminnet …» av Hermond Kleppa:
Nemnda måtte gjera eit val. Dei rådde til å reisa minnesmerket i Eivindvik som midtstad i den «bygda Gulating heiter etter» (NB: Kommunen heitte Eivindvik fram til 1890 – ikkje rart at det vart folkeopprør om stadvalget).

Ønska livet av motstandaren

Frå eit foredrag halde på eit åpent møte i Heradshuset i Eivindvik den 5. oktober 1960, les me fylgjande, som seier mykje om kor usakleg denne striden har vore. Foredraget vart halde av Sogn sogelag sin representant i gulatingnemnda, A. Skåsheim frå Balestrand: «Nemdi som skulde arbeide for å reise eit minne på Gulatingstaden i Eivindvik var samla i 1917, men nemdi møtte motstand, særleg gjekk Hans Floli hardt imot og han var ein tung motstandar. Nemdi fann det heilt nyttelaust å kjempe mot han. Ein rådde seg difor til å vente med det vidare arbeid til Hans Floli var avleden.»
(Dei måtte vente i 23 år).

I utakt med lokal tradisjon

Prost Dahl, kom til Eivindvik i 1804, og døydde her i 1852, han intervjua gamle folk i kommunen. Ingen hadde høyrt anna enn at Gulatinget låg på Guløy.

I ein protokoll prost Dahl førde i 1823 over samtalar som han sjølv seier, for blandt præstegjeldets eldste at undersøge hvad der endnu måtte være tilbage af gamle sagn angående det såkaldte
Gulø og Gulating. Protokollen er underskriven av Niels Dahl og Anders Furenes.

Denne protokollen syner at Dahl har tala med dei eldste på desse gardane: Haveland, Nordgulen, Oppdal, Kjelby, Kløvtveit, Hauge, Brandanger, Rørtveit, Byrknes og Stevnebø. Men ikkje ein einaste av dei han har tala med på desse stadane, hadde høyrt anna en at Gulatinget låg på Guløy.

Ein 93 år gamal mann på Kjelby, fortalde det slik: Pao Golløyna har da vore helde maonge ting, og slag myljå store kjemper.

 

Folketradisjonen – den sikraste kjelda

Ola R. Midtbø forstod dette og samla mykje trygg informasjon:
Det sted som tradisjonen nevner som tingsted, er en i fjorden fremspringende halvø ved garden Flolid, noget østenfor Eivindvik. Denne halvø kalles «Guløyna», men skrives Guløy, og tinget skal ifølge tradisjonen ha stått på dens øverste topp. I en liten kløft som kalles «Gamleveien» skal dommerne ha hatt sine rådslagninger, og en stor sten som kalles «Domsteinen» skal ha tjent som tingbord, og her ble dom avsagt.

Sjå meir under Artiklar.

Kven sådde tvil, og kva tid?

Kva tid kom tvilen om den rette tingstaden inn i bildet?
Byrja det med Nils G. Alstrup Dahl (1778-1852)?

Dahl var frå Kvinnherad, vart tilsett som kapellan i Eivindvik 26 år gamal, og tre år deretter som sokneprest og seinare prost i Ytre Sogn Prosti. Han var ordførar i Gulen i 10 år.

Han publiserte to artiklar i tidsskriftet for Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, Trondheim: «Om beliggenheden af det gamle Gaulom» og «Hvor blev Gulathingsloven given og hvor haar Gulathing staaet?».

Når me veit kva innflytelse denne mannen hadde, og alt han gjorde for bygda og prestegjeldet Eivindvik er det ikkje det minste forundeleg at han ville koble bygda til Gulatinget. Legg merke til at han bruker stadnamnet Gaulom i staden for Guløy/Gulø/Guli. (Gaulom vert identifisert som «ein fjord som stikk inn i landet» – kanskje litt meir høveleg for Eivindvik).

Nils G. Alstrup Dahl var prest og ordførar i Eivindvik

(seinare Gulen) tidleg på 1800-talet.

Var han den første som sådde tvil?
Korleis kunne ein så opplyst mann, etter kvart lokalkjent i bygdene, tenke tanken at tinget hadde vore i Eivindvik om han ikkje hadde vikarierande motiv?

I 1360 er Eivindvik (Øyuindarviih) nemnt som skattebetalande gard.

«Da matrikkelen skulle settes opp i 1868, ble gården beskrevet. Gården lå nær sjøen, men den var tungdrevet og hadde verken fiske eller fiskerettigheter. Jordene var spredt, den hadde syv husmannsplasser».

(I kontrast til dette er denne beskrivelsen nå å finne i «Kulturminnesøk»:
”Eivindvik var frå først av ein retteleg storgard”).

I 1360 hadde Flolid i lang tid vore kongsgard.

Typisk dekorasjon med symbolikk frå Urnes Stavkyrkje.

Ikkje kyrkje i Eivindvik i vikingtida

Eit sitat frå «Diplomatarium Norvegicum» vert brukt som referanse og argument for at det var kyrkje i Eivindvik i middelalderen. Referansen frå 1327 fortel berre at brevet var sendt til presten i Eivindvik, medan kyrkja stod på Flolidstranda til etter reformasjonen på 1500-talet. (Med båt frå Eivindvik er det berre 1,5 km til Flolidstranda og ca 2,5 km landevegen, så det var inga ulempe for presten å bu i Eivindvik).

Seinare kyrkjebygg i Eivindvik er ikkje tema her, men det framgår av kostnadsoversikt at det var mange reparasjonar på kyrkja som vart flytta frå Flolid, noko som var naturleg alderen tatt i betraktning.

 

 

Nytt om kyrkja på Flolidstranda

Det har kome fram materiale i den seinare tid som gjev grunn til å tenke heilt nytt om kyrkja på Flolidstranda.

Kyrkja var truleg bygd etter at Gulatinget var flytta til Bergen. Denne tida, etter 1230, var Håkon Håkonsson si store kyrkjebyggingstid – han lot bygge kyrkjer mange stader i landet. Dermed vart ho ikkje bygd som tingkyrkje, noko som forklarer kvifor ho ikkje stod ved sjølve tingstaden.

I skrifter etter Hans B. Flolid kan me lese: Overfor Guløy stod, i gammal tid, ei stove som dei kalla Tingstova. Det var ei sperrestove, noko stor, og bygd av rundt timber. Ho vart ført til Nordgulen, og stod lenge der, vart brukt til eldstove, men no er ho borte. (Sjå også Kulturminnesøk, restar etter bebyggelse på Rindane, Flolid).

Dette betyr at det ikkje har vore kyrkje på Flolid før etter 1230, men at det i staden har vore ei Tingstove. Det stemmer også med Lars Eskeland sin omtale av Håkon Adelsteinfostre sine seremoniar ved «Kongebua» («På Klårfjell»).

Ei anna bekrefting er sitata frå «Flatøyarbok» der det feiltolka står at kongen bygde ei kyrkje i Guløy og ofra ein gullring. Men teksten lyder offradi thar till. Det betyr: «Ofra til den». (Her er det klart at å ofre til ein gullring ikkje gjev meining, men at offeret var til Gulating. Flatøyarbok er avskrift av handskrevne originaler så å forveksle Gulating med Gullhring var fullt mogelig). Det kan også bety at kyrkja vart bygd som eit offer til gulating.

Dette fordi kongen følte med folket i Gulen og ellers i tingkretsen som mista Gulatinget som var ein heilagdom for dei. Dette stemmer og med Håkon Håkonsson sin personlegdom slik den er skildra. Det er verd å merke seg at usemje og uvenskap vart gjort opp mann i mellom på Gulatingstaden i lange tider etter at tinget var flytta til Bergen.

Ei tredje bekrefting er valget av stad for kyrkja – eit nes på Flolidstranda der ho kunne byggast med koret vendt øst mot Guløy som ein ekstra heder til tingplassen.

(Etter gamal skikk skal kyrkjene være orientert mot øst, slik at koret er i østre ende medan inngangen er i vestre. Den regelen er nemd i Gulatingslova, men vart ikkje praktisert absolutt på grunn av blant anna tilhøva på tomta).

«Den berømmelige Norske Handels-Stad Bergens Beskrivelse» (Ludvig Holberg, 1750):

Udi Nordhordlen ligger den Øe Guløe, hvor laug-stolen blev anlagt, som kaldest Gulatings Laug-Stoel (Laugstol =Tinglag eller tinglaug), og siden er forflyttet til Bergen.

På Gulatingstaden på Flolid, nemner prost Niels Griis Alstrup Dahl at det skal ha lege ei kyrkje i mellomalderen. Dette må være same kyrkja som er nemnt i Håkon Håkonsson saga, der det heiter at kongen bygde ei kyrkje i Guløy, ei halvøy som ligg like ved Flolid. Lokalkjende meiner at omgrepet Guløy ikkje berre femde om halvøya, men om eit vidare område der også Flolidgarden var med. Dahl nemner også kyrkjer på Hauge og på Nesetranda. Han var ellers ein av fleire som bekrefta at kyrkja på Flolistranda vart flytta til Eivindvik.

Kven skal me tru på?

Professor Knut Helle (1930-2015) blir framstilt som «den fremste autoriteten på norsk middelalderhistorie». Denne autoriteten har konkludert med («Gulatinget og gulatingslova») at den opprinnelege tingstaden var Eivindvik, og at tinget «kanskje» var på Flolid dei siste 50 åra før det vart flytta til Bergen. Det er verd å merke seg at Gulen Kommune var med og delfinansierte ovannemnde bok med kr. 25.000.-.

Lat oss sjå litt på kva tilknyting dei har til Gulen, lokale tradisjonar og overleveringar, desse som hevdar at Eivindvik var ein sannsynleg tingstad:

Nils G. Astrup Dahl: Innflyttar frå Kvinnherad

Anders Skåsheim: Historiegranskar frå Balestrand

Ivar Kleiva: Innflyttar frå Sunnmøre

Knut Helle: Historieprofessor frå Larvik, Universitetet i Bergen

Jørn Øyrehagen Sunde: Frå Kvinnherad, Professor ved Institutt for offentleg rett i Oslo.

Skal med godta

at desse stemmene utanfrå skal overprøve ropet frå fortida, nedarva som tradisjon frå generasjon til generasjon, gjenfortalt frå slektsledd til slektsledd, skildra detaljert i eldgamle sanger og segn og innbakt i ryggmargen på ærlege folk i Gulen, Nordhordland og det øvrige Vestlandet?

Kva truverde skal me tillegge desse framfor til dømes folk med lokal forankring:

Hans B. Flolid: Oppvaksen på tingstaden og glødande interessert i historia rundt denne. Framstod som den mest kunnskapsrike når det gjeld tingstaden.

Anders Hantveit: Oppvaksen eit «steinkast» frå tingstaden, høgt akta historieinteressert bonde og lokalpolitikar som meinte Eivindvik prøvde å «pynte seg med lånte fjær».

Ingrid Kidøy: Oppvaksen i Eidsfjorden, busett på Flolid, privat granskar, har dokumentert stadnamn og intervjua ei rekkje eldre folk på 1960-talet.

Liv Karin Lien Flolid: Etterkomar av Hans B. Flolid, privat granskar, har gitt ut boka «Gulatinget på Flolid gard».

Eller andre som tidlegare har engasjert seg sterkt i spørsmål rundt Gulatinget:

Jens Edvard Kraft (1784-1853) Historisk forfattar og embetsmann, var med og målte opp og dokumenterte kirketomta på Flolidstranda.

Gustav Peter Blom ( 1785 – 1869) Sorenskrivar: Var med og utforma den norske Grunnlova av 1814, såg med eigne auge restane etter kyrkja på Flolidstranda.

B. E. Bendixen (1838-1918) Skulestyrar: Oppretta legat «til fremme av arkeologisk forskning», var sjølv på Flolistranda og såg restar etter kyrkjegrunnmuren.

Absalon Taranger (1858-1930), professor i rettshistorie: «Ei gamal segn som professor Taranger har skrive opp, seier at på Guløy har tingstaden vore i dei aller eldste tider. Mellom Varden og Domsteinen må det ha vore. Og der er godt rom for mange mennesker». Dette stemmer med Hans B. Flolid sine skrifter og kart.

Lars Eskeland 1867-1942): Skulestyrar og forfattar av mellom anna boka «På Klårfjell» som har eit langt kapitel om Gulatinget.

To tingstader skaper forvirring

Eit feiltolka sitat frå Håkon Håkonssons Saga har leda mange til å tru at Gulatinget vart flytt til Guløy frå ein annan stad – Eivindvik er oftast nemnt. Gulatinget vart etablert på Guløy i eldgamal tid og vart halde i same området like til det vart flytta til Bergen. Gamle stadnamn som ennå lever, sogeforteljingar og folketradisjonen viser at det også har vore halde på Fastlandet på Flolid. Herifrå vart det flytta til Bergen i tidsrommet 1220/1230 (Knut Helle). Om tinget i periodar har veksla mellom desse to tingstadene veit me ikkje, men sikkert er det at staden på Guløy var den tryggaste i ufredstid. At tingstaden vart kalla «Guløy Thingstad Rettom» fortel oss at denne plassen var heilt spesiell. Den er no merka med ei informasjonstavle og stien opp er rydda og skilta.

Årsaka til forvirringa rundt tingstaden finn me i dette sitatet som lyder slik på originalspråket:

Dette har nokon tolka som om han bygde kirke i Guløy nord for Bjørgvin og flytta tinget dit. Når me kjenner historia og årstala gir dette inga meining. Det er antatt at kyrkja på Flolid vart bygd i tida 1240 – 1250 (tida for mange av Håkon Håkonssons bygg rundt om i landet), og då var Gulatinget mest truleg alt flytta til Bergen. Les me derimot dette sitatet rett ser me også den rette meininga:

På engelsk:

Dei fleste som har omsett Håkon Håkonssons Saga til norsk har nytta eit sitat henta
frå Flatøyarbok som lyder slik:

Omsett blir det:

og på engelsk:

(Ein har med hensikt bytta ut Gullhring med Gulating. Å ofre ein gullring til ei kyrkje blir meiningslaust, medan det gjev meining å ofre til Gulatinget (ein heilag tingplass). Det kan også bety at kyrkja var eit offer til Gulatingstaden for å vise ære til plassen og folket som no
hadde mista ein århundrelang tradisjon).

Her ser me og at flytting av tinget ikkje er nemnt, og det er truleg derfor dei fleste som har
omsett Håkonarsaga til norsk har nytta dette sitatet frå Flatøyarbok for å unngå mistyding:

Alexander Bugge 1914
Kr. Audne 1963
Anne Holtsmark 1964

Tidlegare historikarar var aldri i tvil om kvar gulatingstaden var:

Kraft og Blom: Paa toppen af Guløi, der ved et lavt eid er forbundet med gaarden Floli, har formodentlig tinget været holdt; men dertil sees intet spor. Seinare bekrefta av Professor A. Taranger, skulestyrar/forfattar Lars Eskeland og den lokale historiegranskaren Han B. Flolid. Det som likevel ingen av dei nemner, og som er den historiske nøkkelen, er den tidlegare steintrappa på sørsida av Guløy. Denne trappa var der heilt fram til slutten av 1800-talet:

«Ole Eriksson opna bakeri og handel på Nyborg. Stoppestaden blei registrert som postopneri frå 1. april 1891 under namnet Guløy. Ole bygde ny steinkai på Nyborg i 1893/94, sette opp eige bygg for bakeriet og bygde på våningshuset. Guløy blei så telefonstasjon i 1905» (Frå «Varehandel i Gulen»).
Sara Marie Westervik vaks opp på Klokkeide og var 8 år i 1893. Ho fortalde at dei frå Klokkeidneset kunne sjå lasteprammar (frå Bergen) som førde stein frå Guløy til Nyborg i forbindelse med bygging av steinkaia.

På den måten forsvant eit kulturminne som ville ha kasta lys over den bortgøymde og bortgløymde tingstaden på Guløy.

Slik dette er fortalt tyder det på at prammane gjekk fram og tilbake fleire ganger, så det var snakk om mykje stein. Lengda på trappa kjenner me ikkje til, sjølv om ho mest truleg berre gjekk opp den brattaste kneika frå sjøen. Derifrå tek det omlag 3-5 min. å gå opp til tingstaden. Den ligg som beskreve av Professor Taranger «mellom Domsteinen og Varden». Dette stemmer også heilt med beskrivelse og teikningar etter Hans B. Flolid.At Hans Flolid ikkje har nemnt trappa skuldast nok helst at mange ting var så godt kjent på den tida at det ikkje vart ansett som viktig å skrive dei ned.

Lars Eskeland visste tydelegvis ikkje om trappa eller den eldste tingstaden, og difor skreiv han slik i «På Klårfjell»:
«Dei fleste handskrifter av den nye Gulatingslova seier at lagtinget skulle være i «Guløy tingstad rettom», og dette må vel helst tydast so at tingstaden skulle vere den same som han hadde vore etter eldgamal tid. Men når sume har tenkt seg at Håkon Håkonsson flytte tinget til Guløy frå ein stad som ein no må gissa seg til, so er det anna skil. Alt ein kan tenkja seg talar imot det».

Trappa var vesentleg av fleire grunnar:

– Den eldste tingstaden er vanskeleg tilgjengeleg frå landsida.
– Det var kanskje eit poeng at tingstaden låg vekkgøymd til.
– All transport føregjekk sjøvegen. Her var de godt å legge inntil for iland- og ombordstigning, samstundes som det var nær oppankringsplassane på Indre Flolidvågen.
– Den første kneika opp frå sjøen er bratt og ulendt.
– Dette var kortaste vegen opp til tingstaden.

Eit anna moment som kan kaste lys over dette valget av tingstad er at det eldste Gulatinget berre gjaldt for dei to vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane (kanskje også Rogaland) Det utgjorde ikkje så mange tingmenn, slik at det var god plass på tingstaden på Guløy. Etter kvart som fleire fylke vart med kan tinget ha vorte flytta ned på Tingvollane på fastlandet av plasshensyn. Seinare vart det begrensning på utsendingar og såleis kan det hende at tinget vart flytt attende til «Gula tingstad rettom». Guløy var også  på alle vis var ein tryggare plass i ufredstid. Sjå også «Skjuler Guløy ein løyndom».

Her ser ein tydelege restar etter steinbrygge og trapp.

Heng Gulatinget på krossen?

Sjølv om overskrifta her er eit ordspel kan ho innehalde ei bedrøveleg sanning. Koblinga mellom krossane i Eivindvik og Gulatinget framstår som det einaste argumentet av ein viss verdi for Eivindvik som tingstad.
Men ser me litt nærare på dei to krossane si historie og på steinkrossar generelt i Norge, så smuldrar også dette argumentet bort og ein står att med eit blødande Gulating for så vidt som det gjeld Eivindvik.

Den tidlegaste skriftlege skildringa av krossane er frå 1626, og skildrar krossane omtrent slik vi ser dei i dag. (Kulturhistorisk leksikon)

Lokalhistoria hevdar frå fleire hald at krossane vart flytta frå Flolid til Eivindvik, og det er naturleg at dette skjedde på den tid ein flytta kyrkja etter reformasjonen. Det var også ein tredje kross som vart knust under flyttinga. Stadnamnet Krosshaugen ovanfor Tingvollane på Flolid er framleis levande og bygger under at det tidlegare har stått kross der.

Ovanfor har me slått fast at kyrkja på Flolidstranda vart flytta til Eivindvik, herom er det lite usemje. Er det ikkje då naturleg å tenke seg at krossane vart flytta samstundes, ettersom dei høyrde inn under kyrkja?
Under reparasjon av krossen ved kyrkjeporten (øydelagt 2012) vart det funne restar av teglpanne og to metallboltar i gropa. Det tyder ikkje på at han har stått der siden vikingtida.

Om det ikkje var slik kan ein likevel ikkje uten vidare koble ein steinkross til eit tingsete. Det er mange steinkrossar spreidd over eit stort område på Vestlandet, utan at dei har med Gulatinget å gjere. Ein kan heller ikkje sjå seg blind på krossane så lenge topografi og andre tilhøve ekskluderer Eivindvik som tingstad. Meir om krossar i Norge blir å finne under menyvalget «Litteratur og video».

Steinkrossen i Eivindvik har tydeleg anglisaksisk utforming og er hogd til i Hyllestad i Sogn. Den står nokså malplassert i ein bratt bakke. (For å forklare at krossen står tilfeldig plassert har ein lansert denne segna: Ei anna segn går ut på at Olav skaut tre piler i ulike retningar frå tingstaden og sette opp ein kross der kvar pil landa).