Synfaring – kyrkjetomt Flolidstranda

Synfaring – kyrkjetomt Flolidstranda

Ved Jan Kidøy
15. november 2023

Det har opp gjennom åra vore sagt og skrive mykje om ei kyrkje frå vikingtida på Flolidstranda, på garden Flolid i Gulen. Fleire historikarar har meint at dei har funne staden og sett restar etter fundamentet. Namn som Kyrkjehaugen og Kyrkjestøa lever framleis og vitnar om at det har stått ei kyrkje i området. Nedanfor har eg samla det eg finn om kva som er gjort og ikkje gjort for å identifisere den eksakte plassen der kyrkja stod. I tillegg har eg sjølv vore på synfaring i området og dokumentert med bilder det eg fann.

Historikk

Kyrkja vart ifølge soga bygd av Håkon Håkonsson (norsk konge 1217 – 1263) i ein periode då han fekk reist mange kyrkjer rundt omkring i landet. I bygdebok for Gulen (Kleiva) er tida sett til ca år 1230. På denne tida var den mest vanlege byggestilen stavkyrkjer. Dei vart gjerne reist på eit fundament av stein, sjå bilde av Eidsborg stavkyrkje nedanfor. Eidsborg kyrkja vart bygde i same tidsrom og har omtrent same størrelse som kyrkja på Flolidstranda ifølge tidlegare oppmåling. Me kan såleis tenke oss at desse to kyrkjene kan ha hatt fleire fellestrekk.

Det er vel dokumentert at kyrkja på Flolidstranda vart flytta til Eivindvik etter reformasjonen på 1500-talet (Wikipedia/Gulen_kirke). Såleis kan ein hevde at det har stått ei middelalderkyrkje i Eivindvik, men det er samstundes misvisande sidan ho ikkje stod der i middelalderen, men vart flytta dit fleire hundre år seinare.

Den mest nøyaktige beskrivelsen av tomta på Flolidstranda har me etter B. E. Bendixen og er frå ca år 1900.

”Ved Floli kaldes en haug endnu for Kirkehaugen og landingsstedet for Kirkestøen (…) Etter [Kraft, Blom, Dahl] sine vitnesbyrd fandtes endnu spor af tomten (…)
Her ligger under Kirkehaug, let kjendelig ved sin lille varde, en flade eller jevn skraaning, og paa denne skal kirken efter traditionen have staaet, og herhen fører flere tydelige stier eller traak. Der kan i den bløde grund skjelnes to rader tuer, som ialfal delvis dækker over stene. Sandsynligvis er dette rester af kirkens grundmure, og nedenfor saavel som ovenfor kan det sees, at der har været brudt sten. Bredden mellem disse rader er omtrent 6 m, og længden af dem synes at være 13” (Bendixen 1903:161), 13 fot er litt over 4 m.

Augevitne observasjonar

Under synfaring 15/11 fann eg steinar i overflata (sjå bilder) som har same avstand som Bendixen nemner, og måla passar med størrelsen på Eidsborg Stavkyrkje.
Vidare kunne eg skimte stiane (tydelige stier eller traak) frå kyrkjebakken og ned mot Kyrkjestøa. Avstanden her er mindre enn 100 meter.
Det slo meg at denne plassen tydeleg var valgt med omhu. No som Gulatinget var flytta til Bergen var det ein fin gest til folk i Gulen og ellers på Vestlandet at kyrkja hadde utsyn mot og vendte seg mot Flolid og Guløy, staden for det heilage Gulatinget. Likeeins låg plassen sentralt som eit møtepunkt for folk frå fjordane og frå øyane lenger ute. Hamneforholda var også gode i den lune Kyrkjestøa.

Ingeborg Flolid (f. 1883) fortalde i 1960 at då ho kom til Flolid låg det 3 store stablar med flate heller på Kyrkjebakken. Når kyrne var på beite på Flolidstranda mjølka dei ofte på Kyrkjebakken og det var fint å sette mjølkebinna på hellestablane. Kårfolket hennar (kan ha levd så tidleg som 1830) fortalde henne at det hadde vore mykje tilhoggen stein på Kyrkjebakken. Presten Dahl (ordførar i dåværande Evenvig Prestegjeld frå 1837 til 1848) tok steinen til den store steingarden rundt prestegarden i Eivindvik. (Samanlign steinhellene i fundamentet til Eidsborg Stavkyrkje). (Steingarden er 1,5 km lang og vart fullført i 1825).

Arkeologiske undersøkelser i Gulen.

(Utdrag frå innberetning av Ingvild Øye Sølvberg)

«Siden Bendixens registrering har dette området ikke vært gjenstand for nærmere arkeologisk undersøkelse før juni 1975. En mente da i området mellom Kyrkjehågjen og Kyrkjestøa å gjenfinne en lokalitet som kunne stemme noenlunde med den førnevnte beskrivelsen. Det ble gravet en prøvesjakt på tvers av den mulige tufta, uten at det kunne påvises kulturlag eller bygningsvirksomhet. Trass i disse negative resultatene kunne en med dette ikke helt utelukke tuftmuligheten.

En grundigere undersøkelse fant derfor sted sommeren 1976. Under forberedelsen av dette arbeidet ble en gjort oppmerksom på et annet område, ca 20 m øst for det første, som ifølge lokal tradisjon skulle være kirketuft.
Begge områdene ble undersøkt og viste seg å være ren naturgrunn uten noen påvisbar sammenheng med byggevirksomhet. I det hele fins det i dag ingen områder under Kyrkjehågjen, utenom de to undersøkte, som med noen rimelighet kan tolkes som tufter. Det virker som en må søke opphavet til kirketuft-tradisjonen på annen måte».

Kommentar til undersøkelsen:

I boka «Gulatinget og Gulatingslova» (2001) av Knut Helle er det gjengitt bilder frå utgravinga i 1976 (s. 64). Av bildene går det tydeleg fram at undersøkelsen ikkje føregjekk på den staden Bendixen beskreiv, men høgare oppe i terrenget.
Det framgår også at dei brukte Jakob Flolid (f. 1909) som kjentmann. Han påviste Kyrkjehågjen, men «kyrkjetufta var ukjend for Jakob». Ved hjelp av Bendixens omtale leita dei seg fram til ein stad som «nokolunde rimeleg syntes å kunne forlikast med ei slik tuft».
Nå viser det seg altså at plassen for prøvegravinga var feil, og det er heller ingen spor etter graving eller prøvetaking på den rette plassen lenger nede.
På denne tida levde det folk på Flolid som var godt kjent med Kyrkjebakken, eller kyrkjetufta, og ein kan undre seg over kvifor ingen av desse vart spurde til råds. Det er også underleg at arkeologen Øye Sølvberg tek på seg oppgåva med å gje ei alternativ forklaring på dei nedarva lokale namna på staden med grunnlag i at dei ikkje fann noko (på feil plass). Forklaringane synes å være godt koordinert med Knut Helle sin versjon i ovannemnde bok. Han var også til stades under utgravinga.
(Heile innberetninga er å finne her ).

 

Autentiske bilder frå Kyrkjebakken og Kyrkjestøa, 15/11/23.