Synfaring – steinbrygge og trapp, Guløy

Synfaring – steinbrygge og trapp, Guløy

Ved Jan Kidøy
15. november 2023
Kunnskapen om ei steinbrygge og trapp på sørsida av Guløy i Gulen kommune var i ferd med å bli gløymd inntil ein byrgja granske tidlegare nedskrevne overleveringar og samanheld desse med augevitne observasjonar frå året 1883. Som så mange andre stader i området vart det flytta stein frå gamle kulturminner til andre formål (Brygge Timrøyna/kyrkje og brygge Flolidstranda/naust og kai Flolid/grunnmurar Segløyna)*. Landgangstilhøva på Guløy er kanskje av størst historisk verdi ettersom dette var lettaste atkomsten til den eldste kjende tingplassen for Gulatinget, «mellom Domsteinen og Varden» nær toppen av Guløy.

Historikk

Det er lite skriftleg tilfang om brygga og trappa på Guløy, men opptegnelsar frå Ola R. Midtbø bekreftar det som ellers er stadfesta av tidlegare augevitne, og nå ved denne synfaringa 15/11/23. Midtbø granska lokal kunnskap om Gulatinget og plassen det vart halde på oppfordring frå professor Magnus Olsen. Funna vart publisert i «Maal og Minne» 1918.

«Det sted som tradisjonen nevner som tingsted, er en i fjorden fremspringende halvø ved garden Flolid, noget østenfor Eivindvik. Denne halvø kalles «Guløyna», men skrives Guløy, og tinget skal ifølge tradisjonen ha stått på dens øverste topp. I en liten kløft som kalles «Gamleveien» skal dommerne ha hatt sine rådslagninger, og en stor sten som kalles «Domsteinen» skal ha tjent som tingbord, og her ble dom avsagt. Både på Guløy og Timbrøy skal der før ha vært steinbrygger som nå er borte».

*) Fleire detaljar om flytting av stein, sjå her

Augevitne observasjonar

I åra 1893-1894 vart det bygd ny dampskipskai på Nyborg, rett over fjorden frå Guløy. Det er nedskrive to augevitne observasjonar til denne hendinga:
1. Erik Sandnes (1888-1963) budde på Nyborg og fortalde om «steinprammar» frå Bergen som førde stein frå Guløy til Nyborg, han «hugsa pramma godt».
2. Sara Opdahl Westervik (1885-1966) budde på Klokkeide og hugsa at barna var oppe på Klokkeidneset og såg på at dei førde stein frå Flolid til Nyborg.
(Ref: Vestnorsk kulturarv)

Slik dette er fortalt tyder det på at det var ei større forflytning av stein – prammane frå Bergen er nemnde i fleirtal, og ein kan sjå for seg ein viss skytteltrafikk. Det skulle såleis vere mogeleg å sjå restar etter brygge og/eller trapp på Guløy, eller iallfall kvar vegen/stien gjekk opp frå sjøen.

Staden var no overvokst med einer og anna buskas og ikkje så lett synleg. Ved synfaring 15/11/23 vart stien rydda og ein tydeleg gangveg, delvis steinsett kom til syne. Det var også ein del stein i sjøkanten som ikkje naturleg høyrde heime der, og som godt kan vere restar etter ei brygge. Når det gjeld trappa som etter beskrivelsen skulle gå frå brygga og opp den første kneiken var det ingen spor etter denne. Men eit jamnt skrått berg (ca 40 grader) fører frå sjøen og opp til der stien startar. Her har det vore lett å bygge ei trapp – og like lett å fjerne den (sjå bilder). Likeeins ligg det i skogen litt lenger oppe ei (unaturleg) samling av stein som enten har vore til overs eller rekna som upassande.

Stien oppover er tydeleg lengst nede. Lenger oppe opnar landskapet seg opp så det er mogeleg med fleire vegvalg. Truleg gjekk dei litt i sikk-sakk for at det ikkje skulle bli for bratt, samstundes som ein kunne unngå det litt myrlendte terrenget. Ved å gå mot vest for deretter å krysse nordover kjem ein rett inn på det som var kalla «Gamlevegen» som er kortaste leia rett opp til tingstaden. Denne ruta vil bli merka i 2024.