Skjuler Guløy ein løyndom?

Skjuler Guløy ein løyndom?

Oversikt over historiske stadnamn i området Guløy/Flolid (video)

Guløy, ei halvøy utanfor Flolidgardane i Gulen, vert vist til i fleire gamle skrifter som staden der Gulatinget vart halde. Samstundes ligg Tingvollane, som etter tradisjonen var sjølve tingstaden, på fastlandet like innanfor Guløy. Kan det ha vore to tingstader i same området – ein på Guløy og ein på fastlandet? Desse og andre spørsmål drøftar Jan Kidøy i denne kronikken.

KRONIKK
Jan Kidøy

STEINTRAPPA: Grunnen til at eg har stilt meg sjølv desse spørsmåla er fyrst og fremst overleveringane om at det skal ha vore ei stor steintrapp frå sjøen og opp på utsida av Guløy, i ei lita bukt rett vest for Mulen. Dette er ein god fiskeplass, og som gutunge mista eg meir enn ein pilk her, ettersom det er steinbotn, mens det ellers er sandbotn rundt det meste av øya. Det var mor som fortalde meg om trappa. Ho hadde spurt fleire gamle folk innover i fjordane om dei kjende til ei slik trapp, og fekk slik læra at det var vanleg å stoppa i dette området ved Guløy når folk rodde til kyrkje, ettersom det er ei oppkome som mest aldri er fri for vatn rett ovani Gulesteinen der det no står eit kabelhus. Ein av dei gamle hugsa spesielt ei lita jente som sprang opp trappa for å gjøyma seg bort for å gå på do. For meg er likevel det sterkaste «provet» på at her kan ha vore ei trapp det mor fortalde etter si mor, Sara Westervik.Ho vaks opp på Klokkeide, tvers over fjorden frå Guløy, og kunne fortelja at då dampskipskaia på Nyborg vart bygd bruka ho og dei andre ungane å sjå på dei store pram- mane som frakta stein frå sørsida av Guløy til Nyborg. Frå Klokkeide hadde dei den beste utsikten ein kan tenkja seg, så det lyder truverdig at dei såg kor steinen kom frå. Det var mange fornminne som vart øydelagde på denne måten. Bevaringstanken måtte nok vika for behovet for lett tilgjengeleg stein til ymse formål.

KRYSS OG TVERS: Men kva skulle ein med ei stor trapp på denne kanten av øya? Bufeet hadde si eiga kleiv det gjekk opp på fastlandssida, og dei gamle slåtteteigane ligg lenger inne på øya og har godt tilg jenge frå sjøen på austsida. Eg sette meg føre at eg ville sjå nærere på dette, og våren 2002 traska eg Guløy på kryss og tvers. Eg gjekk ned til sjøen der trappa skal ha vore, og fekk syn for sagn ettersom det ligg fleire store steinar av løkvalitet rett i strandlinja og vidare utover langs botnen. Eg tolka det slik at nokre kanskje vart mista på sjøen, mens andre vart fråsortert som ueigna, og dumpa. Deretter g jekk eg opp lyngrabbane for å freista finna ut kva folk kunne ha hatt å gjere der oppe. Etter min- dre enn 5 minutts gange kom eg opp til eit lite dalsøkk med bergskrentar på begge sider. Ein lun og fin plass, heilt utan innsyn korkje frå sjøen eller landsida. Berga på nordsida minner om dei som ligg ovanfor Tingvollane, mest som naturlige sitjeplassar, men med plass til langt færre.

DOMSTEINEN: Som gutunge tykte eg det var svært spanande med alle dei gamle sagnene me høyrde, og alle stadnamna som var knytt til Gulatinget. Det vart mellom anna fortalt at det skulle liggja en stor rund stein ein stad på Guløy som vart kalla Domsteinen, men ingen visste kvar på øya han låg. Me gutane leita fleire gonger etter denne steinen, men me var nok aldri så langt ute som til denne vesle dalen eg no hadde funne. Difor g jorde hjarta eit lite hopp då eg såg ein rund stein – rettnok ikkje så svært stor, men høg nok til å nyttast som «bord» – liggjande inn mellom buskfurene på sørsida av dalsøkket. Kunne dette vera Domsteinen? Hadde dei hatt tingsete nede på den vesle sletta, og avsagt domane her ved steinen? Tanken vart levande, og eg såg føre meg at dette saktens kunne ha hendt. Men kvifor akkurat her? Forholda skulle liggja langt betre til rette nede på Tingvollane.

UINNTAKELEG FESTNING: Guløy ligg som ein trygg festning ut i sjøen. Viss ein tenkjer seg attende til vikingetida, då pil og boge, spjut, sverd og øksar var dei vanlegaste våpena, skjønar ein fort at å gå til åtak fråbåt på ein landstyrkje i bratt lende ville vera fåfengt. Så åtak frå sjøsida ville vera lite å frykta med tanke på vern om tingfreden. Likeeins er det på landsida høge, stupbratte berg mest heile vegen frå aust til vest, berre avbrotne av ei lita geil der det går an å koma opp. Så her ville det også vera lett å forsvara seg. Inne på øya er det to markerte forkastningar i fjellet. Den eine går i aust-vest retning og den andre nord-sør. Ved eit tenkt «vaktskifte» ville forsvararane kunne forflytta seg lett og usett på berre få minuttar langs desse aksane. Vakthaldet ville og vere lettare enn nokon annan plass eg kan tenkja meg. I aust har ein full oversikt over innløpet til Nordgulfjorden og Austgulfjorden, og i sør Eidsfjorden. I vest ser ein Ilenessundet, og utover heile Osen like til Segløyna og vidare ut mot havet, mens Flolidfjellet reiser seg bratt opp i nord. Ein fiende ville ikkje kunne snika seg innpå nokon stad utan å bli sett. Dermed kunne ein bli varsla tidleg, med god tid til førebuingar. Samstundes ville eigne skip ligg je godt i skjul på dei lune vågane ved Knarreholmen. Ved steintrappa er det gode landingstilhøve, og kort veg inn til hamna for oppankring.

LØYNDOMEN: Viss desse tankane eg har gjort meg har noko føre seg, kan ein likevel undrast over at ein ikkje har høyrt denne tingstaden omtala, sjølv ikkje på folkemunne. Eller kanskje det ikkje er til å undrast over? Om staden skulle vera løynd for omverda er det kanskje rimeleg å tru at folk synte respekt for dette, og at det difor har vore lite omsnakka frå gamalt av, slik at minna har døydd fort ut. Av denne grunn vil nok spørsmålet om ein tingstad på sjølve Guløy framleis vera ein løyndom. Men det er slik undring som gjer soga spanande, og som legg mystikk og historiesus over Tusenårsstaden på Flolid!
(Firda, 16/9 2005)