Historisk oversikt

Domsteinen ligg ved den eldste tingstaden, nær toppen av Guløy.

Teori og historie

Ein teori er at Gulatinget opprinneleg var eit lovsamfunn som var samansett av tre eller fleire forhistoriske småland styrt av småkongar, slik Norge var før det vart samla til eitt rike. Tinget har fått namn etter staden Guløy, som tidligare tilhøyrde den nordlegaste bygda i Hordafylke.
Snorre Sturlason skreiv at Håkon den Gode sette Gulatingslova med råd av Torleiv Spake (Stormann frå Meldal i Trøndelag og forsterfar til Eirik Jarl), men dette må i så fall være ein revisjon. Alltinget på Island omkring 930 hadde Gulatinget som forbilde for Ulvljotslova (Ulvljot vart send frå Island til Norge og var her i 3 år for å lære Gulatingslova) og Knut Robberstad meiner Gulatinget ikkje kan ha vore nytt på den tida. Sjå hans oversetting av den eldste Gulatingslovi.
Det er og interessant å legge merke til korleis «Kystlandet» er definert i Historia Norvegjæ: Landet var inndelt i føljande patriae:

  1. Viken i øst (Sinus Orientalis dicitur)
  2. Gulatingsloven (Gulacia ad insulam)
  3. Hålogaland (Halogia)
  4. Trondheimen (Trondemia uocitatur)

Med andre ord – heile Vestlandet vart betegna som Gulatingsloven.

Namnet Guløy

Så seier ei gulatingsegn (etter Lars Eskeland, noko forkorta):

«Langt tilbake i tid, då æsene rådde, var det svært fredlaust mellom sygner og hordar – det var ei «øksartid». Hordane var dei mest steinharde. Saka vart drøfta på Gudeting og dei sende Tingvaktaren sin for å skape fred. Våpenlaus kom han og våpenlaus gjekk han. Men då han kom hadde han med seg ein ask med gull. Det tømde han ut i Sygnarsjøen, ved Flolidlandet. Der rekna dei gamle at merket gjekk mellom hordar og sygner (hordalendingar og sunnfjordingar).

Bildet viser den eldste tingstaden på Guløy med utsikt mot vest.

Ville dei leita opp att dette gullet, sa han, så skulle kvar buande mann verte rikare på gull enn dei no var alle saman. Men helst skulle dei ta frendafolket sitt med seg og skipe ein tingstad etter æsene sitt mønster. Våpenbyrd måtte ikkje tålast der, for retten skulle råde. Hegn (forsvarsverk) skulle møte både klo og klauv. Sanninga skulle ha fri tilgang som den flygande fuglen.

Gullet fann dei, og Gulløyna kalla dei sidan den staden der gullet låg. Dette er opphavet til Gulatinget. Om desse tildragelsane og om hendingane på Gulatinget i gamletidene er det mange og store sagn. Vis hadde den vore som kunne dei alle.

Nå er det ikkje lenger æsene, men Kvite-Krist som rår på Gulatinget. For Han lyser dei tingfred under den heilage krossen. Den tida sang bispen Gloria frå den gamle gjæve kongebua som Håkon Adelsteinfostre reiste».

(Om denne hendinga er det og nedskrive eit Gulatingstev, side 43-45 i boka «På Klårfjell», sjå menyvalg «Litteratur og video»).

Håkon Adelsteinfostre var yngste son til Harald Hårfagre, konge i Norge frå ca. 933 til 961 under namnet Håkon den Gode.

At denne segna om gullet er opphavet til Guløy-namnet er vanskeleg å ettergå.
Det mest trulege er at namnet er avleda frå og viser til den eldste tingstaden, «Guløy Thingstad Rettom» som ligg i eit dalsøkk eller eit gjel.
Oluf Rygh antar at navnet opprinnelig var Guli, en avledning av ordet gul/gol som betyr kuling eller vindkast. En annen mulig forklaring på ordet er fra germansk geul, norrønt gjól, som betyr kløft

Til høgre for Tingvollane ligg høgdedraget som er omtala i Egilssoga.

Namnet Flolid

Garden har heitt Floli så langt tilbake som det finst skriftlege kjelder. Det vart uttala Flo´li og skrive på ei rekkje måtar. På 1800-talet var skrivemåten Flolie og Flolid. Kva namnet betyr er uklart, men det kan komme av flolag og av flo eller av ei skrå li som er flat i botnen. Det er truleg ikke brukt som namn andre stader i Norge.

Flolid er ein av de eldste bustadene i Gulen, og det er funne tre buplassar frå steinalderen her. Den eine buplassen skal ha lege på ei slette mellom låge bergnakkar aust-søraust for husa. Den andre skal ha lege ved Rindane, mot Ytre Flolidvågen. Det er også registrert restar etter buplass på høgda ved sjøbua til Birger Flolid.

Ein skal ha funne ei rekkje gjenstander her, mellom anna eit sverd som no er blitt borte, ei gravurne av kleberstein og ei krossforma hakke med skafthòl. Det har mest truleg vore gravhaug her.

I Håkon Håkonssons saga er det nemnt at kongen bygde ei kyrkje i Guløy, nord for Bjørgvin, (nord for Bergen). Flatøybok bekreftar også dette i litt andre ordelag. Kyrkja stod på Flolidstranda, der namna Kyrkjehaugen og Kyrkjestøa framleis er i bruk. Flolid høyrde til Bergen kongsgard fram til 1715 og det er truleg at Håkon Håkonsson eigde jorda då han bygde kyrkja på Flolidstranda.

Gulatingstaden

Utdrag frå boka «På Klårfjell» av Lars Eskeland, 1938.

Ugløymande minne er feste til denne tingstaden, minne som kjem til å leve så lenge det er eit norsk folk og norrøne frendefolk til.

Det store kulturbrotet som kom med forfallstidene døyvde alle minne frå betre dagar, og særleg vart det lite eller inkje høyrt på som berre levde hjå bøndene og i bygdene. Såleis gjekk det til at så mykje av folket gløymde møtestaden for hovudtinget på Vestlandet i gamal tid. Med kringom i dei nærmaste bygdene gløymde dei det ikkje radt. Segnene om Gulatinget døydde aldri, og dei var sameinte om tingstaden. Og dei namna som ennå lever gjev oss god og fullgod rettleiing.

Innafor Knarrholmen i aust er det gode hamneforhold. Gjennom sundet her ser ein mot Austgulfjorden.

Alle gamle norske hovedting ber namnet etter samlingsstaden, uten unntak, og nokre mindre ting med. I dei gamle lovene finn me både: i Gula og i Guløy brukt med same meining, i Gulatingslova stod i Gula, i landslova til Magnus Lagabøtar både i Gula og a Gula tingstad.

Dei fleste handskrifter av den nye Gulatingslova seier at lagtinget skulle være i «Guløy tingstad rettom», og dette må vel helst tydast so at tingstaden skulle vere den same som han hadde vore etter eldgamal tid. Men når sume har tenkt seg at Håkon Håkonsson flytte tinget til Guløy frå ein stad som ein no må gissa seg til, so er det anna skil. Alt ein kan tenkja seg talar imot det. For det første, det hadde vore eit storhende som måtte vore mykje åtgått i heile det veldige lagdømet, så det hadde levd i minne vidt og breidt i lange tider. Landslova og sogeskrivarane hadde nemnt det, og segnene hadde spunne seg ikring det. Og so: Etter gamle tider og tilhøve kunne det snaut finnast ein laglegare tingstad enn Guløy, so vanskeleg for uroflokkar å setja innåt, og med gode hamner. Berre av slike grunnar kan tingstaden aldri ha vore i Eivindvik som sume har meint.

Ei gamal segn som professor Taranger har skrive opp, seier at på Guløy har tingstaden vore i dei aller eldste tider. Mellom Varden og Domsteinen må det ha vore. Og der er godt rom for mange mennesker. Namnet Domsteinen er i det minste merkeleg, og det er ikkje trulig at det er et påfunn frå seinare tider.
Det finst ikkje ein einaste ting som talar imot at Gulating alltid var på Guløy, før det vart flytta til Bergen, men alt talar for det. Desse segnene og visene frå Eksingedalen seier det óg, og eit slikt vitnemål skal ein ikkje vanvyrde. Og dei segnene som er innsamla frå bygdene ikring Guløy, for hundre år sidan, for femti år sidan og no nyleg (1938), seier det same.

Tufta ved Kyrkejehaugen (heiter så ennå) er tydeleg den dag i dag (1938), og ein ser greit at det ikkje berre er i hustuft men ei kyrkjetuft. Ei lagleg landing nedanfor heiter ennå Kyrkjestøa.

Det var særs høgtideleg i den kristne tida før kyrkja kom og. Me høyrer om «da gamla heilage Gulating» og «dar tala bispen i heilagt skrude; han sang Gloria frå den gamle gjeve kongebua som Håkon Adelsteinfostre reiste. «Kvite Krist rår på Gulatingje. Fy’ honom lyse dei tingfred unde den heilage krossen».

Messestaden var merkt med ein høg kross («unde krossen») truleg ein steinkross. Han har stått på Krosshaugen, attmed Tingvollane. Stadnamn er pålitelege vitne. Håkon den Gode hadde hatt tingbua si der etter desse segnene. Truleg var det ikkje noko att av den, men det er rimeleg dei fortalde det frå ætt til ætt kvar ho hadde stade. Og der hadde dei sett krossen.

Ei konkret hending frå Egilssoga

Kapittel 49
«Egil og Berg-Anund på Gulatinget»
(Her er berre tatt med nokre setningar som knyter ein arvestrid til Gulatingstaden på Flolid):

«Då tok dronning Gunnhild til orde: …. Far med din flokk dit der retten sit og lat ingen urett dom falle.»
«Alf for med sine menn bort der domarane sat, dei reiv sund fredsbanda, braut ned hasselstengene og sprengde retten. Då vart det vill larm på tinget, men alle stod der våpenlause.»

Sjå bilde av veband (hasselstenger) under «Litteratur».

«Derpå gjekk Egil bort med Arenbjørn. Dei drog ned mot stranda. Vegen gjekk over ein langstrakt bakke (Rindane, sjå kart), slik at ein ikkje kunne sjå skipa deira frå tingvollen».

Dette stemmer fullstendig med topografien på Flolid. Om skipa låg på vestsida av Flolid, måtte dei gå over høgdedraget Rindane, som er langstrakt, for å komme til båtane som ikkje ville være synlege frå Tingvollane.

Egil Skallagrimson levde frå omlag år 910 til omlag 990. Såleis veit me sikkert at Gulatinget var på Flolid i denne tidsbolken.

Likeeins veit me sikkert at på denne tida var tingplassen på fastlandet på Flolid, og ikkje på Guløy.