Geografisk oversikt

Hovedbildet over her viser Gulafjordane som består av Nordgulfjorden, Austgulfjorden og Eidsfjorden. Likeeins ser ein seglingsruta frå Sognesjøen, gjennom Nyhammarsundet, forbi Folefoten og ut i osane kor kursen vart lagt austover mot Guløy. Til venstre i kartet ser ein skipsleia forbi Mjømna, Skjerjehamn, Storholmen fyr og deretter austover inn Segløyosen.

Gulafjordane har fått namn etter Guløy som er startpunktet. Eidsfjorden har også namn etter garden Eide, innerst i fjorden. Eit kart frå 1700-talet viser at det opprinnelege namnet var Sørgulfjorden (i harmoni med Nord- og Austgulfjorden).

Den eldste Gulatingslova såvel som Landslova av 1274 fortel at Gulatinget kom saman kvart år på Guløy, på den rette tingstaden. Det er semje om at namnet Guløy også omfatta resten av Flolidgardane i gamal tid.

I dette området finn me to tingstader – den eldste på Guløy og ein seinare samlingsplass på fastlandet rett innafor eidet som skil halvøya Guløy frå landet innafor. Klikk på kartet til høgre for å få eit større bilde.

Dei mange gamle stadnamna talar sitt eige språk om kva som føregjekk her i vikingtida samt både før og etter. Namn som Veholmen har norrønt opphav og fortel om ofring og vigsling i førkristen tid. På Krosshaugen stod ein kross frå kristningstida, denne vart seinare flytta til kyrkja på Flolidstranda. Knarrholmen var som namnet seier knytta til skipsfarten. Her vart knarrar og andre skip reparert og vedlikehaldne. Tingvollane utmerkar seg som ein ideell samlings- og tingplass, rommeleg og med framifrå akustikk. Den same gode akustikken går igjen på den eldste tingplassen på Guløy der vi finn Domsteinen, også kalla Lovsteinen.

På kartet under har vi prøvd å illustrere området slik det var i vikingtida med markering av stadnamn og aktivitetar. Dei forskjellege punktene finn ein att i Quiz-løypa, her markert med rødt. Der er det meir detaljert omtale av kvart  interessepunkt. Løypa leiar fram til eit spørjeskjema der ein kan teste kunnskapen sin.

Omvisning i området med intervju er å finne her: Vestnorsk kulturarv.

 

Lat kartet bli levande! Bli med på ei reise frå plass til plass.

Her ser ein og kor kort veg det var å frakte stein frå trappa og steinbrygga på Guløy til bygging av dampskipskai på Nyborg.
Ungane hadde god utsikt frå Klokkeidneset der dei følgde med når lasteprammane gjekk fram og tilbake, slik Sara Westervik (1885 – 1966)
fortalde. Erik Sandnes (1888-1966) fortalde det same til Ingrid Kidøy på 60-talet: «Han hugsa pramma godt».
Stein frå Flolid vart og nytta til mellom anna kjyrkjetrapp i Eivindvik i 1863.

 

Vest for Guløy ligg Timrøyna (sjå kart) der soga fortel at dei gjekk Holmgang i vikingtida.
I Egilssoga står det at Egil Skallagrimson var ein av dei som gjekk holmgang på Gulating. Saker som ikkje lot seg løyse på anna vis vart avgjort med ein duell mellom partane. Duellen kunne stansast ved første blodsutgytelse, men endte ofte med døden. (Det var ansett som feigt å gje seg).

Frå eit brev etter Hans B. Flolid:
“Det står i Egil Skalagrims saga, kap 57. Han stemte sin rettsak, arvesak, til Gulatinget, og der tilbød sin motstander, at gå holmgang, som også ble gjort på en holme, der ikke lå langt fra tingstedet. Dette stemmer treffende, og er sikkert den lille ø eller holme der ligger like nord for Guløen, som nu kalles Timmerøen. Midt oppe på holmen er en ganske flad vold, som nu er oppdyrket hvor der også var en meget rund cirkel av sten. Øens dengang eier fortalde mig efter sagnet, det var her Egil Skalagrim gikk duel, og fældte sin motstander, Kortatle. Videre viste han mig, ikke langt derifra det sted hvor sagnet siger han skulde være gravlagt. Det viser ennu ligsom en gravhøi eller avlang tue, på det formentlige sted”. Referanse: O.A. Øverland “Norgeshistorie”, utgive 1885. Der er holmgangen nøye skildra».

Timrøyna sett frå Guløy

Viktig markering på historiske Guløy

Her ser me frå skiltet mot aust. Domsteinen ligg på høgda til høgre medan ein del av samlingsstaden er nedanfor til venstre.

Jan Kidøy stod for avdukinga av nytt informasjonsskiltet den 15. mai 2023
Her er dei innleiande orda hans:

Det er ei glede og ei stor ære å ønske velkommen til denne markeringa her på Guløy.

Det er ikkje mange generasjonane tilbake at folk i Gulen og ellers på Vestlandet visste godt kor Gulatinget vart halde. Så seint som på 1960-talet kunne eldre folk fortelje at dei hugsa steinbrygga og trappa som førde opp hit, berre fem minutt å gå frå her me no står.

Til høgre for meg ligg Domsteinen som på eit kart over Flolid frå 1916 er inntegna som «Lovsteinen».

Tidlegare granskarar og folketradisjonen er tydelege på at den eldste tingstaden var her «mellom Domsteinen og Varden». I dei første handskrevne utgavene av Gulatingslova er plassen kalt «Guløy Thingstad Rettom», eller den rette tingstaden på Guløy.

Eg vil no avduke eit informasjonsskilt som fortel litt om plassen og som via
QR-koder viser til meir informasjon på internett på 5 forskjellige språk. Dette vil, uavhengig av politiske vedtak, gje Guløy tilbake sin rette plass i historia, no og for all framtid.

Då Gulatinget omfatta berre Hordaland og Sogn og Fjordane møtte truleg alle vaksne, våpenføre og frie menn. Etter at Egdafylket (Agder), Rygjafylket (Rogaland) og Sunnmøre kom under Gulatinget vart det truleg umogeleg å la alle møte, så i staden vart det valgt utsendingar, omkring 400 valgte sendemenn, flest frå Hordaland og Rogaland med rundt 100 kvar. For Sunnmøre var talet delvis oppgitt til «så mange som ville». I tillegg kom det mange andre tilreisande, alle kunne møte opp for å legge fram saker, medan nokon kom for å drive handel. Gulatingslova gjaldt opprinneleg for Vestlandet til og med Nordfjord. Sunnmøre høyrde då til Frostatings område, og vart truleg ein gang på 1100-tallet overført til Gulatingslova. Egil Skallagrimssons saga nemner dei tre fylka Firðafylki, Sygnafylki og Horðafylki. Historia Norvegiæ sier at Gulatinget omfattar Agder, Rogaland, Sogn, Fjordane og Sunnmøre, samt Valdres og Hallingdal. Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 nemner dessuten Bygland og Setesdal.

Gulen ligg sentralt til på Vestlandet.