Litteratur og video

Gulatingslova vart rekna som ei av dei friaste og mest demokratiske lovene i Europa for over tusen år sidan, og lova kom til å sette preg på mange andre lover. Dei lovene vi har i Norge i dag er framleis tufta på dei gamle gulatingslovene.

Såleis kan ein ikkje «skalte og valte» med plasseringa av Gulatingstaden etter ønske og fantasi. Denne arven tilhøyrer ikkje berre Gulen og Sogn og Fjordane og Norge. Fleire land i Europa har bygd sine lover og sitt rettsvesen med basis i Gulatingslova og har såleis rett til å få korrekt historisk informasjon når dei vitjar Flolid og Guløy.

Slik tenkjer ein seg det såg ut med dei karakteristiske veband-bogane rundt ringen der domarane sat. Frå Tingvollane på Flolid.

Hederlege unntak

Wikipedia har framleis ei korrekt forteljing om Gulen si historie:

«Gulens betydning i eldre tider kjem av at det låg strategisk plassert nært både Hordaland og Sunnfjord, og ikkje minst tente Gulen som utgangspunkt for seglinga inn Sognefjorden til Sogn. Det er gjort funn frå steinalderen på Flolid, Berge og Blidensol. Det er og funne branngraver frå bronsealderen langs kystleia. Frå jernalderen er funna talrike. Ved Dingenes i nordvest stod det eit slag i 978 kor Håkon jarl overvann kong Ragnfred, siste son til Eirik Blodøks.

I Gulen, på garden Flolid låg Gulatinget i gamal tid, som no er fylket sin tusenårsstad. Her samla høvdingar og storbønder frå heile Vestlandet seg for å avgjera rettstvistar og hylle norske arvekongar. Tingområdet gjekk på det meste frå Agder til Sunnmøre. Tinget er svært gamalt, det var forbilde for det islandske Alltinget då det vart oppretta i 930. Gulatinget vart halde i Gulen i om lag 400 år, gjennom borgarkrigstida og høgmellomalderen fram til 1200-talet, då vart det flytt til Bergen.

Gulen var viktig i kristninga av Vestlandet. Den 1. krossen på Gulating stod på Krosshaugen over Tingvollane på Flolid. Han vart flytta til kyrkja som Håkon Håkonsson bygde på Kyrkjebakken. Denne kyrkja vart, etter reformasjonen ein gong, flytta til Eivindvik, der stod ho til ny kyrkje vart bygd i 1863».

Arne Høyland gjer ein stor innsats med dokumentasjon og formidling av gamle kulturminner. Sjå til dømes Facebook-gruppa Museum og samlingar i Nordhordland. Her er han fotografert på Gulatingstaden.

Historia engasjerer

Det er uendeleg mykje både skrive og synsa om Gulatingstaden, men på desse nettsidene har ein berre tatt med det som er mest aktuelt for saka. Nedanfor er det lagt lenker til gamalt og nytt materiale.

Arne Høyland har velvilleg bidratt med skanning av lokalt innsamla historie som no er bevart for framtida. Han har óg sommaren 2022 vore med Jan Kidøy og filma ei omvising på Flolid og Guløy. Alt dette er å finne på bloggen hans, «Vestnorsk kulturarv». (Her kan det nemnast at desse opptaka er gjort på sparket og uten manus – opplysningane byggjer på Jan Kidøy sin personlege kunnskap og hukommelse).

Guløy med Knarrholmen til venstre og Veholmen på Ytre Flolidvåg til
høgre. I bakgrunnen Nyborg midt i bildet og Klokkeide til høgre.
Foto frå Kulturhistorisk leksikon.

Lokale patriotar for rettferd

Jan Kidøy har lenge ivra for rettferd i lokaliseringsstriden om Gulatingstaden. Her er nokre av hans debattinnlegg opp gjennom åra:

Øydeleggjande strid

Norgeshistorie på flyttefot

Skjuler Guløy ein løyndom?

Historia vert skriven av sigerherrane

Liv Karin Lien Flolid har gitt ut ei viktig og informativ bok om garden der ho vaks opp.
Gulatinget på Flolid gard

 

«Saga Oseberg» er ein kopi av Osebergskipet som vart funne ved Tønsberg. Bildet er tatt av trebåtbyggar Geir Magne Røvik, prosjektansvarlig for rekonstruksjonen.

Vikingane sette preg på Europa

Kvar budde vikingane? Denne lenka viser at dei drog langt utenfor Norges grenser og slo seg ned både i vest og i sør. Det er ikkje å undrast over at namnet viking kling over heile den vestlege verda både på godt og vondt. For fleire detaljar, sjå også her:

Er du interessert i dei gamle kongesagaene? Dei er no tilgjengeleg digitalt og det meste er å finne her.

Knut Robberstad har omsett den gamle Gulatingslova til nynorsk. Den som vil grave djupare i dette spanande materialet kan lese lova her

Gulen kommune sitt kommunevåpen viser to steinkrossar, eit symbol som kan mistydast.

Å pynte seg med lånte fjør

Kommunevåpenet har i utgangspunktet ein fin symbolikk, men det er uheldig at Gulatingstaden vert kobla til området der det no står to steinkrossar. Soga fortel at dei har vore flytta, noko som er drøfta her.

Dei to krossane i Eivindvik er ikkje unike i sitt slag – det finst liknande krossar mange stader i Norge, og spesielt på Vestlandet. Her og her kan du lese meir om krossar i Norge.

«Trynet» på Guløy til høgre i bildet (sjå kart). Eidsfjorden i sør.

Ved Fljålistrendom dei sit i lag

Stora-Marjo (1797-1868) var frå Lavik i Eksingedalen. Ho kunne mange viser og segner og var flink å fortelje. I ein bånsull etter henne nemnest Fjolid som tingstad, noko som vitnar om ein levande tradisjon i lokalmiljøet.

Visa stod på trykk i boka «På Klårfjell» som Lars Eskeland gav ut i 1938. Gjengitt under er dei første ni strofene, av totalt 17.

Me gyra øykjom med salen blå, med salen blå og løysa ferdi i otta grå.
Syng bjødnafell, syng fonn, syng fjell!
Til Gulatingje me vilja fram, me vilja fram, med nistebumba og bjødnaham.
Syng himlar blå, syng stjernor små!
Me fara dalar, me fara fjell, me fara fenner og blanke svedl.
Syng måne bli, syng ljos i li!
Fyrr solarfell lyt me vinna fram, me vinna fram, om Langeleite til Hestakvam.
Syng notti sval, syng Storedal!
Me kvila notti med hugen heil, med hugen heil, men neste gongen ve Krossangjeil.
Syng bjødnaham, syng færi fram!
Ved solfallsbilom på tredjandag, på tredjandag, ved Fljålistrendom dei sit i lag.
Syng ljosan kveld, syng fjor, syng fjell.
Når bu er fjelga og klæe bytt, og klæe bytt, dei mydlo kjenningar fertta nytt.
Syng ljosan kveld, syng dal, syng fjell!
På gamle heilage Gulating, på Gulating, dar sit han gofar i rett og ring.
Syng ljosan kveld, syng dal, syng fjell!
Og når han Bjarne vert sterk og stor, vert sterk og stor, då fær han fylgja med far og mor.
Syng ljosan kveld, syng dal, syng fjell!

Sjå også video laga av Arne Høyland. Her syng og spelar han sin eigen melodi.

Kontakt oss gjerne!

Dette menyvalget er dynamisk og vil bli oppdatert og utvida etter kvart som me får respons frå deg og andre som vitjar Gulatingstaden.no

Bruk gjerne Kontaktskjema som du finn her.

Relevante innspel og kommentarar kan bli publisert, men dette er ikkje eit debattforum for/imot plasseringa av Gulatingstaden. Den saka er avgjort, noko som skulle være godt dokumentert her. Det som gjenstår er ei verdig markering.

Sjå dronevideo på nytt.

Takk for interessa di!

Foto:
Bilder med knarr: Jofrid Kidøy
Bilde av veband: Privat arkiv
«Saga Oseberg»: Geir Magne Røvik
Nils G. Alstrup Dahl: Wikipedia
Oversiktsbilde Flolid/Guløy: Kulturhistorisk leksikon
Steinkross i Eivindvik: St. Isidors minne
Vegskilt i Instefjord: Kåre Flolid
Dronebilder: Friis Media
Alle øvrige bilder: Jan Kidøy