Fire forskjellige kyrkjer
Fire forskjellige kyrkjer, likelydande sagn i beskrivelsen!
Beskrivelsen utarbeida av antatt seriøse historikarar.
Av Jan Kidøy
Å bruke eit sagn, som framstår som ei vandrehistorie, på denne måten
kan sette heile beskrivelsane i eit uheldig lys. Her er det snakk om
forskningsresultat der ein skulle forvente ein høgare grad av seriøsitet.
Eit interessant aspekt ved beskrivelsen av RUTLE kyrkje er dog siste
setningen: «Over åsen mot sørvest heiter det Krossane». Dette indikerar
at det var vanleg å reise krossar ved dei gamle stavkyrkjene. Det er då rimeleg
å anta at krossane følgde kyrkja når denne vart flytta, slik tilfellet var
med kyrkja på FLOLID (stranda).