GULATINGET – Tingstader og Lovverk

Kommentar til:

GULATINGET – Tingstader og Lovverk

Av Ivar Kleiva 1985
(Tilgjengelig online på Nasjonalbiblioteket)

Ivar Krohn Gunvald Kleiva (født 17/5 1903, død 5/5 1998) var en norsk lærar, forfattar og lokalhistorikar fra Eidsdal på Sunnmøre, busatt på Dalsøyra i Gulen.
Kleiva var ein svært aktiv mann med mange jern i elden, blant anna skreiv han gards- og slektshistoria for Gulen i tre bind. Etter eige utsagn studerte han Gulatinget i 40 år.

Verdt å merke seg i samband med ovannemnde bok er at Kleiva var ein av fleire innflyttarar til Gulen som uttalar seg om Gulatinget uten å ha lokalhistoria i ryggmargen. Hans konklusjon er då også eineståande i sitt slag, nemleg at det opprinnelege tinget stod på Hisarøy, vart flytta til Eivindvik og deretter til Flolid, før det vart flytta til Bergen.

Trass i mange feilskjær i konklusjonane kjem det fram fleire historisk interessante opplysningar i boka hans. Nedanfor vil eg trekke fram nokre av dei som har interesse for stadvalget for tinget.

Side 13
«Gulatingslova er den mest pålitelege kjelda vi har til kunnskap om Gulatinget. I Magnus Lagabøtars Landslov … heiter det om Gulatinget i kap 1: Men vi skal ha lagtinget vårt kvart år kvar Botolfsmesseeftan i Guley, på den rette tingstaden.
Liknande ordelag kjem att mange ganger i denne lova, og oftast er tingstaden kalla «Guley», medan Gulatingslova berre nemner Gula eller i Gula».

Kommentar:
Sidan Gulatingslova, som nemner Guløy som rette tingstad, er den mest pålitelege kjelda, kunne all diskusjon om tingstaden ha stansa her. Alle (som vil) veit kvar Guløy er.

Side 14 og 15
«På Håkon den Godes tid (935-961) vart sjøbygdene i Noreg oppdelte i skipreide. Gulen skipreide femnde då om nordluten av Masfjorden, om Gulen, ytre og indre, radt til Dingeneset. Alt frå den tid har Gulen såleis vore administrasjonsnamn …

Forma Gula, som er brukt i Gulatingslova, er dativform av Gulen, og tyder Gulen. I området mellom Dingenes og Masfjorden må vi såleis finne tingstaden for Gulatinget.»

Kommentar:
Her trør Kleiva alvorleg feil:
– Det var ingenting som heitte Gulen skipreide:
Hǫrðafylki
32 skipreider:
Nordhordland
– Gula (!)
– Lindiáss
– Fjannar
osv.

– Gulen kunne ikkje ha vore administrasjonssenter på den tid. Namnet Gulen vart først tatt i bruk i 1890. Eivindvik Herred, som det før heitte eksisterte heller ikkje i vikingtida.

– Forma Gula kjem såleis ikkje av Gulen, men derimot av Guløy, derav også Gulafjordane. Guley, som nemnt i Gulatingslova er ei presisering av sjølve øya, medan Gula (i Gula) inkluderer det omkringliggande området, Flolidgardane.
Som vi veit vart Gulatinget halde begge plasser.

«Dei eldste bustadene ein kjenner i Gulen låg ved Blidensol (Byrknesøy), Flolid og truleg på Berge (Dalsøyra). Desse stadene var busette alt i steinalderen.»

Kommentar:
Legg merke til at korkje Hisarøy, Eivindvik eller Eidsbotn (der ein finn namnet Tinghaug) hadde eldre busetnad. Utgravingar på Flolid bekreftar at det har budd folk der i steinalderen. Det er rimeleg å tru at tingstaden vart lagt til eit område der det alt var ein busetnad.

«Ein kunne og ha venta at gardane ved botnen av Midttunvågen var gamle, men namna tyder på at dei er etter måten unge, …».

Side 23
«Kring 80 år e.Kr. skreiv den romerske sogeskrivaren Tacitus at germanane i Mellom-Europa var delte i mange stammer, men hadde godt utvikla lover. To av desse stammane: Rygene og harudane, busette seg sidan på Sørvestlandet i Noreg»

Kommentar:
Dette er veldig interessant! Det samsvarar godt med det vi kjenner til om dei første tingsamlingane på Guløy, nemleg at det i begynnelsen berre var utsendingar frå Rogaland og Hordaland. At dette var skrive i byrjinga av romertida kan også indikere at Gulatinget er mykje eldre enn ein hittil har trudd – at «godt utvikla lover» er nemnt peikar i same lei. Vikingtida kan såleis i 2-300 år ha vore parallelt med romertida. NB: Her må definisjonen på «viking» avklarast.

Side 24
Her drøftar Kleiva grunnar som talar for eit høvdingsete på Hisarøy. (Han var tydelegvis ukjend med at Flolid var/er gamal kongsgard).

1. Eg har ikkje funne noko stadnamn i området aust for Folefotsundet som tykkjest høve for ein eldgamal storgard. Alle gardsnamna i området ser ut til å være sekundærnamn. …. Dingja og Flolid ligg utanfor området. Stavenes, Grønevik, Haugane og Eivindvik er namn på små lokale område. Fleire stader i området har ein kome over jordfunn, men dei Per Fett har i registeret sitt, er frå yngre jernalder, og helst etter småkårsfolk.
2. Området kring Prestesundet og Midttunvågen høvde ringt for den som skulle vakte skipsleiene, og all ferdsle til og frå kunne lett hindrast av eit par skip som stengde Prestesundet og Ilesundet.
3. Etter namna å døme ser det ut til at gardane kring Midttunvågen har vorte utskifte frå hovudbølet nokså tidleg, og tek ein dei ifrå, vert det knapt att jordvidd til eit skikkeleg høvdingsete i området.
N.G.A Dahl fortel at det delvis har vore myr eller eikeskog der prestegarden no er. Prestegardane vart før i tida ikkje skyldsette og skattlagde som andre gardar. Men i ein takst for «Høeskatt» i 1713 er prestegarden berre verdsett til 1 laup smør, medan Gryta hadde 1-1/3 laup. Skattetaksten galdt truleg det Dahl sidan ringa inn med den store muren.
4. I 1823 tok Dahl opp eit såkalla «tingvitne» for å få greie på kva gamle folk visste om Gulatinget. Der står mellom anna: En anden gammel Mand fortalte, at hans Fader var født på Stevnebø, og efter dennes Sigende skulle meget fornemme Folk der have boet i oldtiden, hvorav gamle Mure og Kjældere længe have vist Spor, som da endnu sees. Til Stevnebø skulle de ved Gulathinget tvistende Parter været tilstævnede, men Thinget stod ikke der; det Samme stadfæste flere gamle folk aldeles eenstemmig.

Kommentar:
Her avskriv Kleiva Eivindvik som tingstad.
– Han nemner at stadnamna er av nyare dato.
– At prestegarden var liten og ikkje kan ha vore sete for ein høvding.
– Området var myr eller skog.
– At Eivindvik er ei strategisk felle ved angrep utanfrå.
– At det ikkje er gjort oldfunn av verdi for saka.
– At eldre folk/nedarva tradisjon, einstemmig også avviste Stevnebø/Hisarøy som tingstad.

Side 26
«Men garden vart sett i ypperleg stand av presten Niels Griis Alstrup Dahl. Han skriv at då han overtok garden i 1807, var det den ringaste prestegarden i bispedømmet, og det var truleg rett».
Side 43
«Den lange striden om kvar Gulatinget vart halde i Gulen har særleg svive om Eivindvik eller Guløy, dvs. Flolid. Det er få som har ferdast på den bergklumpen som kallast Guløy – «Gulløyna» – som vil tru det kan ha vore ting der, og enno mindre kyrkje.
Dei som heldt på Flolid viste sjølvsagt til tekstene i Håkon Håkonssons soge og i Landslova, og dessutan til Dahl’s tingvitne. Ymse segner peikte og mot Flolid.

I tingvitnet frå 1823 står m.a. dette:
a) Ikkje aleene Oldinger, men næsten enhver til alder kommen Mand veed at tale om Gulething og de mærkelige Ting som paa den saa kaldte Gulø og i Egnen der omkring skulde være passerede.
b) Især er nu 93 Aar gammel Mand, der endnu har temmelig usvækket Hukommelse, fortalte at paa Gulø eller Gaarden Floli, have stået mange Slag mellom gamle Kæmper, en konge har der boet som kaldes Gule (formodentlig Fabel), og paa Floli fandtes for ikke mange Aar siden et stort Slagsværd i en Høi, der bar Mærke af, enten er stor Mand der har været begraven, eller og et stort Slag staaet.

Alle veit om «Gulething og de mærkelige Ting» som skal ha hendt kring Guløy, men dei fortel ingenting om dette tinget, bortsett frå det eg før har sitert om Stenebø. … Like fullt hevdar den lokale tradisjonen at Gulatinget vart halde på Guløy eller Floli, …

Kommentar:
«Det er få som har ferdast på den bergklumpen som kallast Guløy – «Gulløyna» – som vil tru det kan ha vore ting der, og enno mindre kyrkje.»

Kleiva er ein av fleire som nedsetjande kallar Guløy for «bergklumpen» eller «bergskolten». Det går an å forstå dette synspunktet om ein ikkje «har ferdast» over heile øya og heller ikkje har bakgrunnskunnskap om den eldste tingstaden. Som ung mann hadde eg sjølv problem med å finne «Domsteinen» me hadde høyrt om frå vi var små. Sjå artikkelen «Skjuler Guløy ein løyndom?»

Folketradisjonen nemner ikkje kyrkje på Guløy eller fastlandet innafor. Kleiva antyder at det var naturleg med ei kyrkje aust for Tingvollane. I så fall er restane etter denne nå godt forsegla under to store grindbygg med støypt fundament.
(I Kulturminnesøk var det markert ein kyrkjegrunn her, men ganske nyleg er dette punktet flytta lenger vest – tilfeldig?).
Når det gjeld stavkyrkja på Flolidstranda er informasjon å finne her https://gulatingstaden.no/gulatingstaden-fakta/ (Nytt om kyrkja …)
og her: https://gulatingstaden.no/gulatingstaden-artiklar/ (Synfaring kyrkjetomt)

Når det gjeld sitata frå «tingvitnene» er det opp til kvar enkelt å gjere seg opp ei meining.

Side 47
«… Like fullt er det tydeleg at den eller dei som laga segnene og visene har meint at Gulatinget heilt frå fyrste skipinga har vore halde på Flolidstranda eller sjølve «Gulløyna».
Her må eg ta med ei onnor segn frå Eksingedalen. Marie Halland frå Dalsøyra fortalde etter far sin at eksingedølene for forbi Eivindvik når dei kom frå Bergen og skulle til Gulatinget. … På tingvollen var det ei stor steinhelle som han stod på han som styrde tinget. Det var noko innhogge på denne hella, men far min visste ikkje kva som stod der».

Kommentar:
Alle gamle overleveringar, same kva form dei har, peikar eintydig på Guløy og Flolid som tingstad. Interessant er det at folk frå Eksingedal ikkje berre gjekk dalane og fjella til Oppdalsøyra når dei skulle til tinget, men at dei og kom sjøvegen frå Bergen. At dei for forbi Eivindvik var naturleg då det ikkje fanst noko der i vikingtida.
Når det gjeld steinhella på tingvollen er det også ei anna overlevering som kan lesast her.

Side 49
«… Sjølve eidet har sikkert ikkje vore nytta til tingstad, men vollane mellom eidet og sjølve busetjinga høver på fleire måtar betre til tingstad enn noko ein kan finne i Eivindvik.
Det var lettare å sigle inn og ut den romslege Osen enn i dei tronge sunda ved Eivindvik, og der var gode hamner både aust og vest for «Gulløyna», stutt tilror og aldri isvanskar.
Nær stranda var utifrå høvelege tingvollar i god livd for vind og ver, og der var både lovberg og lagelege stader for lagrett og domsnemnder, og for tinglyden. Rundt ikring var det fint lende både for telt og buer, og matvatn var det nok av. Nokre stadnamn tyder kanskje og på at her har vore halde ting. Tingvollane er kanskje ei nylaging, men Kongshamna, Knarreholmen og Veholmen er sikkert gamle».

Kommentar:
Her oppsummerer Kleiva på ein fin måte fleire av argumenta for at vikingane valde Guløy/Flolid som tingstad.