Gulatingsferdene frå Eskingedalen i mellomalderen

GULATINGSFERDENE FRÅ EKSINGEDALEN I MELLOMALDEREN.

Aage Lavik

Etter at Sogn og Fjordane Fylkesting vedtok Gulatinget og den gamle tingstaden på Guløy/ Flolid til tusensårs-stad for Sogn og Fjordane, oppnemnde Bygdarådet i Eksingedalen ei prosjektgruppe, som skulle finne ut mest mogeleg fakta om den gamle reisemåten frå Eksingedalen, og ev. kring liggjande bygdelag. Me hadde eit godt utgangspunkt i det som er skildra i boka ”På Klårfjell” av Lars Eskeland 1938, m/nye opplag i 1982 (privat) og 2000 (Bygdarådet).

Nemnda har også prøvt å finna fram til alt som fram gjennom tidene er skrive om dette, her har me serleg hatt nytte av gode artiklar i ”Frå Fjon til Fusa”, 1964-67,1982-og 83.,og ein langvarig avisdebatt i Gula Tidend 1918- 1919. Det siste som er kome ut vedkomande Gulatinget er forfattar Knut Helle si bok i 2001: ”Gulatinget og Gulatingslova”. Dette er meir generelt stoff, og lite om ferdavegane til tinget.

Nemnda har også hatt samtalar og annan kontakt med ei rekkje lokalhistorikarar i Gulen, Lindås, Masfjorden og Voss. Serleg vil me nemna Ingrid Kidøy frå Gulen. Nemnda vitja ho i den vakre heimen hennar like ved den gamle tingstaden i juni 2001. Hobbyen hennar heile livet, hadde vore Gulatinget og den gamle Tingstaden, og ho hadde samla utruleg med stoff, m.a. ei stor fotosamling som nemnda hadde fått tilsendt på førehand.

Ho var kunnskapsrik og engasjert, og i tillegg svært god å fortelja, så opphaldet der vart ei stor oppleving for oss alle. Sonen hennar, Audun Kidøy, viste oss rundt på den gamle tingstaden, med Tingvollane, Rindane, der Egil Skallagrimson rømde til skipa sine etter ufreden på Gulatinget kring år 935,og Hamnaneset der kongane,
m.a. Erik Blodøks, låg med skipa sine.

Diverre døydde Ingrid Kidøy i vinter, berre nokre månader etter at me vitja ho, elles hadde det nok blitt fleire turar til Flodli.

I årboka vår for 2000, hadde nemnda ei grundig gjennomgang av denne saka, så langt som me var komne til då. Me hadde med stoff frå ”På Klårfjell, artiklane i ”Frå Fjon til Fusa”, generelt stoff om Gulatinget m.m. Me skal ikkje ta det oppatt her, men fortelje litt om det me har funne ut seinare, og kome med ei oppsummering.

Turen me har skildra ovanfor, til Ingrid Kidøy på Flodlid, gav oss både ny informasjon, og stadfesting av at ting var slik me hadde tenkt oss det. Den turen var ein lekk i arbeidet med å finna fram til den eksakte reiseruta, og serleg til overnattingsplassane.

Eskelandruta eller Østgulenruta? – eller både og ?

Det forvirra oss litt i starten at historikarane hadde to litt ulike reiseruter. Først hadde me Eskelandruta, som me i 2000-årboka hadde kart over, teikna av skuleelevar i Eksingedalen. Den fylgde stort sett gamle ferdavegar som var vanleg brukte på den tid. Så hadde me Østgulen-ruta, som gjekk på meir uvanlege vegar, men som høvde på ein prikk med dei første versa i ”voggesullar om Gulating” .Men svaret gav seg i grunnen sjølv, og me finn det i ”På Klårfjell, vers 15 i voggesullar—.
Det verset handlar om heimturen, og lyder slik:

Då skal me fara den gamla lei,
Um Drongasund og um Haugdalshei.

Dette fortel klårt at dei tok ein annan veg heimatt, og at dei då fylgde dei vanlege ferdslevegane , den gamla lei. Dermed har me Eskelandruta.

Ivar Husdal som bur på Vinje, Vossestrand, som har jobba mykje, både med Gulatingsferdene, og andre gamle fjellvegar, meiner at det var heilt bevisst at reiserutene til Gulatinget vart lagt utanom allfarveg, for å unngå å verta hefte av skyldfolk og vener.

Oppsummering av turen frå Eksingedalen til Gulatinget.

Ferda fylgjer nok den ruta Olav H. Østgulen har skildra i ”Frå Fjon til Fusa” i 1964.

Turen starta frå Eksingedalen i ”otta grå” den første dagen, med folk og hestar m/kløv. Det var mykje dei skulle ha med seg, mest alt dei trong i ein månadstid, stasklede, gåver, øl og mat. Så kvar tingmann/utsending måtte nok ha fleire hestar, han måtte og ha hjelpesmenn med seg. Så sjølv om det neppe var meir enn ein utsending frå Eksingedalen, så vart det nok eit bra fylgje.Ofte var det også folk med, som var innstemna til tings, eller som sjølv hadde saker dei ville ta opp på tinget.

Ofte var det nok også med sendemenn frå Vossestrand, og frå Valdres, og då kunne nok dette verta eit stort fylgje.
Dei drog først over Farestveitfjellet til Modalen (frå Flatekval),deretter truleg opp Hellandsdalen og over til Stordalen, der dei overnatta på ein lun plass dei kalla ”Hestakvam,”

Me trur at dette må vera på Fossestølen. Dette er ein lun plass som stemmer godt med skildringane i ”På Klårfjell”, og som ligg midt i ”leia” frå Modalen, og vidare til garden Kringla.

Dag 2:

Etter å ha ”kvila notti med hugjen heil”, drog dei no vidare til neste overnattingstad, Krossangeil. Frå Fossestølen, går det eit naturleg ”dalføre” over til garden Kringla, der bilvegen til Sogn no går, og kryssa ”Fjordsdalen om lag på høgste punktet, og tok fjellet vidare til Krossangeil, som Østgulen meiner ein finn ved garden Sleire. Måler ein avstanden millom Eksingedalen og Stordalen, og avstanden mellom Stordalen og Sleire, vil ein finne at denne er heilt lik.

Dag 3:

Den har Østgulen skildra slik: Etter overnatting ved Krossangeil tok dei rett nord mot Gulen gjennom ei heller trong dalkluft, men før dei kom heilt til fylkesgrensa, som det heiter no, er det ein stad som heiter Krossane ogso i dag. Etter dette vart dalklufti mellom garden Sleire og Krossane heitande for Krossangeil(Krossgilet),i gamal
tid.

Vidare Over Halsane, der Østgulen har skildra nedturen slik: Det var over Halsane ned mot fjorden Austgula ved Oppdalsøyra Gulatingsferdi frå Eksingedalen hin ettermiddagen kom ruslande.

Østgulen reknar no med at dei fekk båtskyss over til Floli (vanleg på den tid). Nemnda har vore på staden, og sett på korleis det er å koma seg landevegen eller fjellet rundt Austgula-fjorden, og me har snakka om dette med folk i lokalmiljøet. Det vert i alle høve ein svært lang omveg, og vanskeleg lende, så det er lite truleg at dei
har fare den vegen. Dei har nok fått båtskyss det korte stykket over til Floli, og her er så korte avstandar at det er godt mogeleg at hestane har gått att på sørsida, medan folket var på tinget. Dette høver også svært godt med tidsaspektet frå Voggesullar, der dei i vers 6 var framme på Floli; Ved Solfallsbilom på tridjandag,
ved Flåli-strendom dei sit i lag.

No har dei bytt klæde etter turen, og fjelga buene sine (Ingrid Kidøy fortalde at ei av buene hadde stått i hagen hennar, men om det var eksingedøler som hadde den, det visste ho ikkje)

Nemnda har vore på Sleire, og på Oppdalsøyra, og garden Kjelby, der me har sett på lendet, og snakka med folk. Me har sett oppover mot Halsane og sett for oss den slitne flokken av folk og hestar koma ”over Halsane ”og ned mot fjorden, glade for at dei straks var framme.

Me har ikkje funne noko ting som ikkje stemmer med skildringa til Olav H. Østgulen, og ”voggesullar um Galatinget”. Tvert om; di meir me har granska, di fleire bitar har falle på plass.

Heimturen.

Denne veit me mindre om, utanom det vesle me finn i vers 15 i voggesullar. Men det er svært rimeleg at den fyl den ruta Lars Eskeland har skildra. Denne er godt skildra i 2000-årboka,så me tek ikkje dette oppatt her. På heimvegen hadde dei ikkje same tidspresset på seg, og det er godt mogeleg dei har brukt lengre tid, og vore litt meir sosiale, vitja vener og skyldfolk m.v.

Reiseruta frå Resten av Vaksdal og Vosse-bygdene.

Den første ordføraren i Modalen Kommune, Andres J. Lavik, f. 1852, d.1941,jobba litt med dette spørsmålet tidleg på 1900-talet,og han hadde kontakt og brevveksling med mange Vossingar om dette. Han hadde og ei omfattande
brevveksling med historikaren Olav Midbø i 1918-1919,og båe deltok i den lange avisdebatten i Gula Tidend desse åra. Om Vosseruta skriv Andres i eit brev til Olav Midtbø i 1918:

Den vanlege veg for Vesser og Vassvaurer var ,etter segnene her, ut Bolstadfjorden til Rommarheim. Men der var unntak, var dei nokre få, helst strendingar, so kunde dei koma ned Eksingedalen, og fylgjast med folk herifrå yver
Modalen og til tingstaden. Men var Vessene eit stort lag, kunde dei snu ut Osterfjorden ved Vossaneset. Då var det enten sjøferdsla heilt fram, elder og gjekk dei yver Eio på ———— (uråd å lesa.)

Det er rimeleg å tru at Vaksdølene for same vegen, men me har ikkje funne nokoting skrive om dette.

Valdres og Hallingdalen:

Desse bygdene kom med i Gulatinget, på 1200-talet. Ivar Husdal, som bur på Vinje, Vossestrand har skildra litt av deira reiserute, i samband med ein tur han gjekk i fjor, frå Vossestrand til Hallingskeid. Femte dagen gjekk han over Vossaskavlen og til Hallingskeid, og i referatet har han kalla turen:

Vegen der Gulatingsmenn gjekk år 1200.

Morgonen kom med sol over Vossaskavlen og med mot i brystet. No var det berre å vona at snøen ikkje var for hard opp brattaste fonna. ————— På toppen var det stille og sol. Hardanger-jøkulen lyste ikkje så langt borte. Fonna halla no svakt nedover, lette til beins og lett i hugen vandra vi mot Hallingskeid. Mange har i årtusener gått denne vegen, og eg feste tankane mine på dei utvalgte tingmenn frå Valdris og Hallingdal som i mellomalderen
skulle på Gulatinget. Dei kom no å små flokkar ridande, med seg hadde dei hestar med klyv.

Dei for fort forbi, helsa kort utan eit ord. Lenger bak kom det fleire småflokkar. Desse ordlause småflokkane skulle nok og kryssa vegen ved Vinje, der eg bur, på veg over til Eksingedalen, vidare til Gulatinget. Om vi hadde spurt ein Valdris då kvifor dei ikkje tok båt ut Sognefjorden til Gulatinget, hadde han nok svara: ”Vi sel ikkje retten vår mot å få lov til å spy i ein Sognebåt”

Vegen til tinget var og lagt slik at ingen elvar kunne hindre dei, sjølv om det var flaum. Dei reid utanom alle bygder, om det var mogeleg. Vener kunne hindra dei meir i å nå tinget i tide enn uvener.

Med denne oppsummeringa, ser nemnda prosjektarbeidet sitt som offisielt avslutta. Men me deltek gjerne i turar, og andre tilskipingar på skulane i Eksingedalen og Modalen, som me har hatt eit godt samarbeid med. Og dersom
nokon sit inne med meir opplysningar, tek me sjølvsagt med gleda mot dette.

Tilslutt vil me takka alle som har hjelpt oss med opplysningar, og på andre måtar. Me har møtt mykje velvilje, og stor interesse overalt.

Nemnda har vore samansett slik: Åse Eikemoi Strømme, Aage Lavik, Kari Blåflat, seinare Oddvar Eikefet frå Vaksdal Kommune, og ordførar Leif Egil Nåmdal og Inga Jorunn Nåmdal frå Modalen Kommune.

Sjå også video

Trubaduern og historikaren, Arne Høyland, har sett melodi til ein gamal bånsull frå Eskingdal som beskriv denne reiseruta. Videoen hans tek oss med frå plass til plass. Teksten er hentet frå det som vert kalle “gulatingvisa”, eit sikkert prov på kvar tingstaden låg.