Lesarbrev: Historia til Gulatinget

Lesarbrev: Historia til Gulatinget

Det er viktig at me får fram den rette historia om Gulatinget, skriv Liv Karin Flolid Lien. (Avisa Strilen 18. august 2020)

Det er dinest at me har det lovfeste møte vårt kvart år her i Gula. (frå Gulatingslova)

Gulatinget hadde sitt opphav på Guløy på Flolid gard, i Gulen kommune.

Det er viktig at me får fram den rette historia om Gulatinget, og plasserer det på rette staden. Gulatinget har sitt opphav på Guløy, difor heiter det Gulating. Det einaste stadnamnet som er nemnd i soga i samband med Gulatinget, er Guløy. Soga om Håkon Håkonsson fortel oss klart og tydeleg at Gulatinget var på Guløy.

I Guløy/Flolid-området er det mange namn som tyder på gammal historie, dette er namn som framleis er i bruk:

Domsteinen, der vart dommen avsagt, og dei første lovene laga. Gammalt kart frå Gulen herred, 1916, viser Lovstenen. Me kallar han Domsteinen i dag.

Veholmen, tyder heilag holme, der vart tinget vigsla med blot i heidensk tid.

Tingvollane, samlingsplassen.

Knarrholmen, knarr er ein båttype frå vikingtida, der reparerte dei båtane,i tingtida, ein naturleg slip på ca 50 meter, når krattskog er fjerna. Ein liten holme hadde ikkje fått eit slikt namn, utan ein spesiell bruk.

Timmerøya, var holmgangsplassen, holmgang på Gulating er nemnt i soga, to gonger.

Krosshaugen, der stod den første krossen som var reist på tinget den første kristningstida.

Kyrkjestøa, der la dei til med båtane, då dei skulle til kyrkje.

Kyrkjehaugen, heilt vest på Flolid gard, har det stått ei kyrkje. Kyrkja så Håkon Håkonsson bygde. Den vil eg skrive om seinare.

På andre sida av Gulafjorden finn me garden Glosvik, med utsyn rett mot Guløy. Glosvik kjem av det gamle ordet gløse/ glo, som tyder å sjå. Der var ein av stadene dei held vakt, i Gulatingtida. Me må hugsa at på den tida, då Gulatinget vart skipa, var ei øksarti (som det står i segne som Lars Eskeland har skrive), med blodige kongar, som var heilt avhengige av sikkerheita.

Guløy er ei halvøy som lett kan vaktast, som ei borg, med redusert mannskap. Beskrivinga i Egil soga, om rettssaka som var på Gulating, stemmer òg med landskapet på Guløy. Sjå boka mi «Gulatinget på Flolid gard»

Kommunen/fylket har bygd ut på Tingvollane på Flolid, men ingen av desse namna, som eg har nemnd her, er med i formidlinga av Gulatinget.

Prost Dahl, kom til Eivindvik i 1804, og døydde her i 1852, han intervjua gamle folk i kommunen. Ingen hadde høyrt anna enn at Gulatinget låg på Guløy.

I ein protokoll prost Dahl førde i 1823 over samtalar som han sjølv seier, for blandt præstegjeldets eldste at undersøge hvad der endnu måtte være tilbage af gamle sagn angående det såkaldte Gulø og Gulating. Protokollen er underskriven av Niels Dahl og Anders Furenes.

Denne protokollen syner at Dahl har tala med dei eldste på desse gardane: Haveland, Nordgulen, Oppdal, Kjelby, Kløvtveit, Hauge, Brandanger, Rørtveit, Byrknes og Stevnebø. Men ikkje ein einaste av dei han har tala med på desse stadane, hadde høyrt anna en at Gulatinget låg på Guløy.

Ein 93 år gamal mann på Kjelby, fortalde det slik: Pao Golløyna har da vore helde maonge ting, og slag myljå store kjemper.

Liv Karin Flolid Lien