Noregshistorie på flyttefot?

Noregshistorie på flyttefot?

Det einaste kjende stadnamnet frå soga som kan setjast i samband med Gulatinget, er Guløy (Gulø) – ei halvøy ved Flolid-gardane, om lag 4 km frå kommunesenteret Eivindvik i Gulen. Lokalhistorisk er det ei rekkje stadnamn som stadfester at Flolid og Guløy var tingstaden.

Når det har vore snakk om å markere tingstaden med eit minnesmerke, har sterke krefter i Eivindvik arbeidd for at dette skulle reisast i Eivindvik, truleg av kortsynte økonomiske omsyn. Denne striden har vara i snart hundre år, og har blussa opp att no som Flolid vart valgt til tusenårsstad for Sogn og Fjordane fylke.

Slik saka har utvikla seg er det nærliggjande å tru at kommuneleiing og næringsinteresser i Eivindvik ser seg lite tent med at det vert investert 10-20 millionar i ei storslått markering på tingstaden Flolid, medan sjølve kommunesenteret står att med ingenting.
Dei ville kanskje så gjerne hatt turistane og pengane og æra til Eivindvik.

Taktikken for å endra på dette er no som før: Dersom det kunne hevdast at tinget vart halde i Eivindvik – i alle fall for ei tid – så kunne det forsvarast å ha litt markering begge stader. Ein har difor gjennom lang tid arbeidd for å gje tilreisande inntrykk av at Eivindvik var tingstaden. I denne prosessen har lokale stadnamn vorte endra (eks. Borghaugen > Lovseieberget / oppkomme > Olavskjelda), og kyrkja i bygda er gjort 400-500 år eldre enn ho er.

Mange har bete på agnet som vert hengt ut. Om professor Knut Helle ved universitetet i Bergen er ein av dei, skal være usagt, men han er i alle fall ein trufast tilhengar av ”Eivindvik-alternativet”. Han hevdar at Gulatinget vart halde det meste av tida i Eivindvik, og berre ca. 50 år på Flolid! Han er no hyra av Gulen kommune til å skrive bok om Gulatinget. Boka kjem ut i november i år.

Viss boka skulle vise seg å innehalde påstandar lik dei ovanfor nemnde, er det viktig at det blir organisert ein oponion mot denne freistnaden på å endre historia. Dette er såleis ei oppmoding til alle som ynskjer at rettferd og sanning må ligge til grunn når ei så viktig sak som Gulatinget skal markerast. Oppmodinga går i første rekke til kulturetatane i dei fylka som sokna til Gulatinget i gamal tid, men også til alle andre interesserte.

At Flolid vart valgt til tusenårsstad for Sogn og Fjordane fylke betyr at folk over heile landet, ja, langt utanfor Norges grenser, no vil få del i soga om denne viktige staden på ein heilt ny måte. Denne staden som skulle få så mykje å seie for Norge si utvikling fram mot det trygge demokratiet me har i dag. Endeleg skal folk i nåtid og ettertid få ein stad å gå til der historia vert levande. Ein stad der ein kan minnast og læra om Gulatinget. At Flolid (som omfattar halvøya Guløy og Flolidgardane med Tingvollane og andre historiske stader) vart vald til tusenårsstad var både viktig og rett. Ingen einskild stad i fylket kan ha hatt så stor innverknad på land og folk som nettopp Gulatingstaden.

DEN RETTE TINGSTADEN

Opp gjennom tidene er det mange, både lærde og legfolk, som har vitja Gulen for å sjå nærare på tingstaden. Ikkje alle kom så langt som til Flolid (sjå nedanfor), men dei som fann fram, vart fort overtydde om at dette var rette staden. Det er difor underleg at Gulen kommune har sett opp skilt som er eigna til å så tvil om dette. På eitt av skilta står det å lese: «Vi har ikkje funn som gjør at vi sikkert kan seie kvar sjølve tingstaden låg.» Kva funn er det snakk om? Har ein ikkje funne Guløy? Staden er merka av på dei eldste kjende kart, og er nemd i viktige skriftlege kjelder om Gulatinget frå gamalt av. Dette er ein av dei få ting ein verkeleg veit sikkert, at tinget vart halde i Guløy.

Etter kristninga av landet vart det bygd kyrkjer tilknytta tingstadene, slik også på Flolid. Diverre er restane av kyrkja (kyrkjene?) no borte, men muntlege overleveringar slår fast at dei var godt synlige nesten fram til vår tid.

I Haakon Haakonsøns soga står det slik: «Han let gera kirkju i Guløy nodr fra Bjørgyn og offradi tartill Gulhring.»

I J. Kraft sin Norgesbeskrivelse, bind 4, side 792 les me at «på Flolid har været en kirke, og under gården hører en liten ø eller egentlig fra fastlandet ut i Gulenfjorden gående landspids, Gulø kaldet, hvor måske det gamle Gulatinget har været holdt.»

Nils G. A. Dahl i Eivindvik påstår dette med visse i sitt skriv i Budstikken for 1823, «at på Flolidstranden har ståt en kirke under en haug, som endnu bærer navnet Kirkehaugen, likesom landingsstedet ved sjøen kaldes Kirkestøen. I samme årgang av Budstikken skrev daværende oberstløytnant Holch «Noget om Gulatinget», og hevder at «det egentlige tingstedet neppe kan være noget andet end Gulø på Flolid. Stedets almue påstår dette enstemmig som fra far til søn nedarvet tradition, og ved nevnte gård sees spor av en kirke, som rimeligvis er kong Haakon Haakonsøns kirkebygning, som efter hans saga blev reist ved Guløy.» Både Dahl og Holch, som nøye har undersøkt staden, omtalar fundamenta etter kyrkja.

Skulestyrar B. E. Bendixen frå Bergen undersøkte også kyrkjestaden i Guløy, og seier: «Noget utenfor gårdens landingsplass på Flolidstranden, vest for gårdens huse, fant jeg på en flate eller rettere svag skråning under Kirkehaugen, der er kjendelig ved sin lille varde, og hvor kirken efter traditionen skulde have ligget, spor av dens fundamenter. Traditionen peker visstnok med fuld ret på dette sted. Sammenfattet i korthet: Navnet Guløy, bestemte traditioner peker på, at her lå tingstedet, og øens beskaffenhet er nøiere beset, ikke til minste hinder for denne antagelse. Kirken lå i kort avstand, både traditionen, navne som Kirkestø, Kirkehaug, eldre beretning, rester av grundmuren viser, at her har man Haakon Haakonsøns kirkebygning.»

I tillegg til ovannemde er det ei rekkje stadnamn og lokalhistoriske overleveringar som knyter sterke band til Gulatingstaden.

15.07.2003, Jan Kidøy