Øydeleggjande strid

Øydeleggjande strid

Trass i det store tilfanget av bevis for kvar tingstaden var, har det frå tidleg på 1900-talet vore sterke krefter som har arbeidd for å få reist eit minnesmerke om Gulatinget i Eivindvik, om lag 4 km lenger vest.

Opp gjennom åra har ein teke ymse åtgjerder i bruk for å få tilflyttarar og tilreisande til kommunen til å tru at tingstaden var i Eivindvik. Så langt har det gått at sjølv folk som er oppvaksne i Gulen tek påfunna alvorleg. Fylkeskultursjef Lidvin Osland kallar dette for ein “bygdekrangel” som ikkje er noko å bry seg om. Men dette som no skjer er noko langt meir enn ein bygdekrangel: Me står truleg overfor ein bevisst freistnad på historieforfalsking. Dette står i grell kontrast til føremålet med Gulatinget – å byggje landet med lov og rettferd.

Frå eit foredrag halde på eit åpent møte i Heradshuset i Eivindvik den 5. oktober 1960, les me fylgjande, som seier mykje om kor usakleg denne striden har vore. Foredraget vart halde av Sogn sogelag sin representant i gulatingnemnda, A. Skåsheim frå Balestrand: “Nemdi som skulde arbeide for å reise eit minne på Gulatingstaden i Eivindvik var samla i 1917, men nemdi møtte motstand, særleg gjekk Hans Floli hardt imot og han var ein tung motstandar. Nemdi fann det heilt nyttelaust å kjempe mot han. Ein rådde seg difor til å vente med det vidare arbeid til Hans Floli var avleden.” (Hans Floli var en ivrig forkjempar for at rettferda skulle komme fram om tingstaden, og han hadde lært seg islandsk for betre å forstå dei originale kjeldene. Han hadde til og med besøk av den Islandske presidenten på Flolid).

Tenk det! Argumenta var så spinkle at ein måtte ynskje livet av motstandarane for å komme vidare med saka! Kva er så argumenta for at Eivindvik kunne ha vore tingstaden? Ingen. Der er ingen lokalhistoriske tradisjonar å byggje på. Der er ingen historiske namn som kan knytast til tinget. Topografien stemmer ikkje med skildringar i sogebøkene. Der var ikkje lende for båtar før dei nåverande kaiene vart bygde. Der er ikkje isfritt i kalde vintrar (først etter 1164 vart tinget halde midtsommars). Der var ikkje kyrkje i Gulatingtida, og heller ikkje før lenge etter at tinget vart flytta til Bergen tidleg på 1300-talet.

I dei seinare år har taktikken mest gått ut på å hindra tilreisande autoritetar i å komme til Flolid, så dei ikkje med sjølvsyn kan oppleve den verkelege tingstaden. Her er nokre typiske døme (det finst mange fleire):
I 1960 kom ein sogestudent, Olof Jørgensen frå Thisted i Danmark, til Eivindvik og spurde etter Guløy og Tingvollane. Han fekk til svar at Flolid, der Tingvollane låg, stod under vatn i vikingetida (!), så der var det ingenting å sjå. Studenten sette seg likevel føre at han ville til Guløy, og etter ei synfaring på staden vart han veldig begeistra, ikkje minst over akustikken i området. Han var ikkje i tvil om at det var her tinget vart halde.

Seinare på 1960-talet kom sogefolk frå alle dei nordiske landa til Gulen for å sjå tingstaden. Dei vart oppvarta i Eivindvik, men kom aldri til Flolid. Då vikingskipet “Saga Siglar” med Ragnar Thorseth vitja Gulen, vart han stogga i Eivindvik – han fekk aldri sjå Gulatingstaden.

I september 2000 vart det halde Gulatingseminar i Eivindvik med innbedne gjesteforelesarar frå inn- og utland. Blant desse var: Førstearkivar Tor Ulset, Riksarkivet i Oslo, Professor Ditlev Tamm, Universitetet i København og Førsteammanuensis Tore Iversen ved Universitetet i Trondheim. Ingen av dei var på tingstaden!

Den 26. mai 2001 var stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl saman med alltingspresident Halldòr Bløndal og den Islandske ambassadøren i Norge, Kristinn F. Arnason, på vitjing. Dei vart som skikken er fotograferte ved krossen i Eivindvik, men Gulatingstaden fekk dei ikkje sjå.

Jan Kidøy (dato ukjent)