Er tingstadene våre eldre enn me trur?
Er tingstadene våre eldre enn me trur?
Av Jan Kidøy
Mykje tyder på at tingstadene i Norge er eldre enn me hittil har trudd. Dei kan ha vore brukt til rettergang frå «uminnelege» tider ved at våre kjende tingstader byggjer vidare på gamle tradisjonar. Dei germanske stammane som slo seg ned på Vestlandet hadde også sine preferansar når det gjaldt stadvalg.
«Kring 80 år e.Kr. skreiv den romerske sogeskrivaren Tacitus at germanane i Mellom-Europa var delte i mange stammer, men hadde godt utvikla lover. To av desse stammane: Rygene og harudane, busette seg sidan på Sørvestlandet i Noreg» (Ivar Kleiva).
Inger Storli har skrive ei avhandling 1) om dette, og her fylgjer nokre utdrag som er interessante i forhold til Gulatingstaden (kjeldehenvisning i originaldokumentet, academia.edu):
Germanske stammar sine lover kan ha vore påvirka av romersk lov, men det er ein utbredt oppfatning at germanske lover generelt, også på skandinavisk territorium, har felles trekk.
Det har vorte foreslått at dei norske regionale lovene, som er godt kjent frå skriftlege kjelder frå 1000- og 1100-talet, hadde sitt grunnlag i ein tingorganisasjon som daterast attende til 400-talet, men den tidlegaste omtalen av skandinaviske ting er Rimberts referanse til Birka i Vita Ansgarii fra 800-talet. Imidlertid vart den germanske tinginstitusjonen observert og beskreven av Tacitus i hans verk Germania alt rundt år 100 e.Kr. Ifølge Tacitus løyste dei nordgermanske stammane politiske og juridiske saker på forsamlingar der dei også valgte sine høvdingar. Høvdingane si hovedoppgave var å sikre lov og orden i landsbyane så vel som på landsbygda. Høvdingane rådførte seg med kvarandre i mindre saker, men viktige saker vart avgjort på forsamlingar som var avhaldne til faste tider (som Gulatinget).
Medan spørsmål om den lovgjvande og regjeringsmessige rollen til forsamlinga i middelalderens Europa tradisjonelt har fått mykje merksemd, har det vore lite fokus på stadene der forsamlingar vart avhaldne. I løpet av det siste tiåret har likevel interessa for å forstå tingstadene sin betydning som ein type arkeologisk plass auka. Det er særleg fokus på svenske og britiske tingstader, og ein erkjenner rollane dei spela i prosessane med kongedannelse. Det har ikkje vore tilsvarande fokus på norske tingstader frå eit arkeologisk synspunkt, og bortsett frå eit par studier er plasseringane så vel som dei fysiske manifestasjonane av tingstader i Norge ukjent. Likevel vil eg i de følgende avsnittene utforske forslaget om at rettsstader representerar tingstader. (…) I norrønt refererar Þhing til forsamlingar av mennesker med lovgjevings- og domsmyndigheit, tilsvarende forsamlingane Tacitus beskreiv. Dette betyr ikkje nødvendigvis at det er en direkte sammenheng mellom dei tidlige germanske forsamlingane og den norrøne tinginstitusjonen, men det er absolutt likskap som er verdt å vurdere.
Tidligere studier indikerar at spreiinga av store haugar og båthus i nokre tilfeller fell saman med spreiinga av rettsstader, men i andre tilfeller er rettsstader plassert i områder der det ikkje er monumentale hauger eller båthus i det heile tatt. Det har også blitt påpeika at dei fleste rettsstader er plassert på marginale stader, ofte i noko avstand fra gardsbusetjninga (Guløy).
1) (Court Sites of Arctic Norway = Remains of Thing Sites and Representations of Political Consolidation Processes in the Northern Germanic World during the First Millennium AD?)