Landslovjubiléet og Værgudane
Landslovjubiléet og Værgudane
Av Jan Kidøy
VIKTIG: Omtalen av gamle og nye gudar i artikkelen er ikkje uttrykk for forfattaren si tru, men er meint å skulle vise den same respekt for det folk trudde på før kristendommen som etter at landet vart kristna. Offerplassane var eit viktig element i den gamle gudetrua på same måte som alteret er det i kristendommen.
Den 12. juni 2024 vassa eg ut til Veholmen, plassen der gudane vart påkalla og ofra til
ved vigsling av Gulatinget i førkristen tid. Opplevinga mi der har i etterkant fått meg til å tenke at korkje dei gamle eller dei nye gudane kan skrivast ut av soga som fantasi og overtru.
Bildet viser restar etter steinsetjing som indikerar at det i si tid kan ha vore mogeleg å gå tørrskodd ut til holmen frå landsida. I dag er det mogeleg å vasse ut ved fjære sjø.
Denne dagen var det skiftande vær med ei og anna regnbyge. Sjøen var varm og sola skein då eg tok meg ut på holmen. Formålet var å gjere meg litt kjend på plassen og ta norke bilder.
Men ikkje før hadde eg gått i land så svartna det til i vest og ein kraftig vestavind piska heile Flolidvågen kvit på få minuttar. Eg søkte ly bak eit tre og vart ståande og halde meg fast medan ei ofseleg regnbyge dreiv vannrett innover vågen. Floa hadde snudd og regnet ville ingen ende ta så eg fann det tryggast å gjere vendereis med uforretta sak. Straks eg var inne på fastlandet igjen var uværet over og sola glytta fram over tingplassen.
Det som seinare rann meg i hu var ei setning eg hadde skrive i eit lesarbrev i Firda den 30.10.2019, «Historia vert skriven av sigerherrane», der eg drøfta korleis makteliten tek seg til rette for å endre historia om Gulatinget.
Setninga lyder slik: Slik det nå er trur eg det vil kvila ei «forbanning» over alle forsøk på å skape blest om staden inntil uretten vert retta opp.
Det Gudane synte meg denne dagen på Veholmen ser eg på som ein demonstrasjon av eitt av dei maktmidla dei har, og som dei vil ta i bruk når gamle tradisjonar og sanningar vert trødd på slik det no skjer. Det var som om dei sa: «Ja, me er her og me finn oss ikkje i denne uretten lenger!»
Mange er dei utendørs aktivitetane, inkludert Gudstenester, som har blitt avlyst på grunn av dårleg vær på Tusenårsstaden. Dette toppa seg seinast under Landslovjubiléet i august 2024. Arrangørane gjorde sitt beste for å redde stumpane, men det som skulle bli den store folkefesten vart ifølge referata stort sett ein kamp mot naturkreftene frå begynnelse til slutt.
Berre 200 (kanskje mindre) tilskodarar ved utendørsscena på Flolid tala sitt tydelege språk.
Så var då også nedbørsmengdene enorme. Yr melde at nedbøren på Flolid i august var 524 mm, mot normalt 190 mm. Den våtaste dagen var mandag 26. august (dagen etter jubiléet vart feira) med heile 48,9 mm.
Så kan ein seie:
– Det regna ikkje berre på Flolid, men på heile Vestlandet. Korrekt.
– Klimaendringane fører til ein uroleg værtype. Korrekt.
– Været vil alltid være uforutsigbart. Korrekt, men værstatistikk gir ein peikepinn.
Men kven rår over denne vesle kloden vi bur på? Er det oss mennesker, eller er alt berre tilfeldig? Eller lever dei gamle gudane som rådde grunnen lenge før vår tid, og spelar dei kanskje på lag med dei nye gudane?
Eg seier med Ivar Aasen: «Vesle vitet strekk ikkje til, ei tru lyt stydja oppunder».
Eg har levd nokre år på Flolid og hugsa mang ein gang det regna tett i Eidsfjorden og i Austgulfjorden medan me hadde sol. Så Flolid er frå naturen si side ikkje spesielt regnutsatt.
Dette vert bekrefta i eit lesarbrev i Bondebladet 1923:
«I Flolid i Guløy er det svært grornæmt. Der skal dei ha hausta 3 gonger um aaret. Dei heldt difor denne staden for aa standa under solguden sin særlege naade, og det var daa ein grunn meir for dei til aa hava ting- og gudestaden nett der».