Arvestriden på Gulatinget
Arvestriden på Gulatinget
Av Jan Kidøy
Gulatinglova gjev sikre bevis for at Guløy var den eldste tingstaden for Gulatinget. På same måte gjev soga om arvestriden på Gulatinget sikre haldepunkt for at det også var tingplass ved Tingvollane på fastlandet. Skildringa i Egilssoga er så detaljert
at det ikkje kan vere tvil om kvar hendinga føregjekk.
Vi vil her sjå nærare på bakgrunnen for striden, saksforløpet og til slutt utfallet. Undervegs vil geografiske forhold og beskrivelsar stå fram som bekreftelse på at striden føregjekk på Flolid.
Kjelde for artikkelen er Egil’s Saga av Svanhildur Óskarsdóttir (2004) og Egil Skallagrimsson av Halvor Tjønn (2017). Til sist tek vi med nokre synspunkt frå tidlegare norske historikarar.
Bakgrunn:
Ein sommer, etter at Egil Skallagrimsson hadde vore mange år på Borg, Island, kom det eit skip frå Norge. Mannskapet kunne fortelje at Bjørn Brynjolvsson, far til Asgjerd (gift med Egil), var død like i forvegen. Nokre år tidlegare hadde Berg-Onund, ein av mennene til kong Eirik Blodøks, gifta seg med Gunnhild, som var dotter av Bjørn og halvsyster av Asgjerd. Alt det godset Bjørn hadde eigd, og det var ikkje lite, hadde Berg-Onund slått inn under seg fordi han var gift med dotter hans.
Egil meinte Asgjerd hadde lik rett til arven etter faren, men kunne lite gjere så lenge han var på Island. Då våren kom vart eit skip utrusta for ferd til Norge og han drog saman med Asgjerd og øvrig mannskap. I Norge vart han godt mottatt av sin venn Arinbjørn i Firdafylket. Egil tok straks opp saka med venen sin. Arinbjørn meinte han hadde lite å vinne, spesielt sidan Berg-Onund hadde både kongen og dronninga på si side. Egil innvendte at kongen trass alt måtte la lova rå.
Rett etter dette møtet fekk Egil med seg 20 mann og seilte til Askøy der Berg-Onund held til. Dei treftes og Egil sa at sidan Bjørn hadde to døtre var dei etter landets lov like arveberettiga.
Berg-Onund på si side meinte at Egil, som var dømt fredlaus av kongen, var frekk som gav seg i kast med kongens menn. For å understreke kor urimeleg kravet var, avslutta han samtalen med denne kraftsalva: Når alt kom til alt var det slik at Asgjerd på ingen måte hadde nokon arverett etter Bjørn. Grunnen var at mor til Asgjerd, Tora, i si tid var røva av Bjørn og tatt med til Island uten samtykke frå broren, Tore Herse. Derfor var Tora å rekne som trell, ikkje som fri kvinne. Ingen kunne med lov og rett krevje arv etter ein trell. Då Berg-Onund hadde roa seg ned sa Egil at han ville ta saka opp på Gulatinget, noko Berg-Onund ikkje avviste – han ville komme til tinget til sommaren.
(Harald Hårfagre og Ragnhild fekk sonen Eirik Blodøks som blei fostra opp av hersen Tore Roaldson på Svanøy i Sogn og Fjordane. Tore herse var far til Arinbjørn som også vart herse – gamal adelstitel gitt til høvdingar som utmerka seg).
Egil drog så tilbake til Arinbjørn og fortalde kva som hadde skjedd. Arinbjørn reagerte med sinne over at Tora, søster til hans eigen far, vart kalla ei trellkvinne. Han drog derfor til kong Eirik og klaga på Berg-Onund. Nå var det slik at kongen tidlegare hadde latt Egil bli i Norge, eine og aleine på grunn av venskapen med Arinbjørn. Når han no kom for å be om ytterlegare støtte meinte kongen det ville være å gå for langt. Kongen var heller morsk, og hjå dronning Gunnhild var det enda mindre velvilje å finne.
Egil og Asgjerd budde på garden til Arinbjørn over vinteren.
(Arinbjørn var ein mektig hovding/herse (Arinbjörn hersir), fødd omkring 900 og død omkring 970 i eit slag i Danmark. Han var ein nær venn av kong Eirik Blodøks og også Egil Skallagrimsson. I ei strofe i diktet «Arinbjarnarkvida» av Skallagrimsson nemner skalden at Arinbjørn budde i Fjordane (es í Fjǫrðum býr) og det er gissa på at han budde på Vereide i Gloppen kommune (sjå kartutsnitt).)
Saksforløpet:
Våren kom (årstalet er anslått til 934) og med den tida for samling på Gulatinget. Arinbjørn tok et stort antal menn med seg, og Egil var ein av dei. Kong Eirik var der også og hadde likeeins eit stort antal menn med seg. Berg-Onund og brødrene hans var på laget med kongen og hadde mange med seg. Då tida kom for å diskutere saka gjekk begge sider til plassen for tingsamlinga.
Sjå punkt 1 Soga seier at «retten vart satt på ein stor slett voll».
Punkt 1
Tingvollane, «ein stor slett voll».
Punkt 2
Ytre hamn, Arinbjørn og Egil sine skip.
Punkt 3
Indre hamn, Kong Eirik sine skip.
Punkt 4
Rindane, eit høgdedrag. «Dei gikk til skipa sine og kryssa eit høgdedrag som hindra dei frå å bli sett frå tingplassen».
Punkt 5
Kong Erik og mennene hans måtte ro rundt Guløy for å komme til Egil sine skip.
På vollen var det slått ned hasselstokkar, og eit tau var bunde rundt dei. Tauet gjekk rundt sirkelen og vart kalla veband, og innanfor var bruk av våpen forbudt. Andre stader vert vebanda nemnt som hasselbogar, sjå bilde frå Tingvollane på Flolid tatt på 1970-talet:
(Trekonstruksjonane, informasjonstavler og anna vart laga av Sigvald Kidøy medan området enno var i privat eige).
Domarane som skulle dømme i sakene sat innafor ringen. Alt i alt var de 36 domarar: Tolv frå Firdafylket, tolv frå Sygnafylket og tolv frå Hordafylket. Dei frå Firdafylket var utpeika av Arinbjørn, dei tolv frå Sygnafylket av Tord, som var bror av Bjørn, og såleis farbror til Asgjerd. Desse domarane heldt saman i alle saker, seier soga. Dei tolv domarane frå Hordafylket som var utpeika av motparten, var slik i mindretal.
Retten vart opna ved at Egil krevde at domarane måtte dømme slik lova sa i striden mellom han og Berg-Onund. Asgjerd, kona hans, var dotter av Bjørn, og hadde tilhøyrd landmannsætter og odelsbårne bønder i alle slektsledd. Ho hadde difor rett til halvparten av arven etter Bjørn, både jord og lausøre, slik det var heimla i eldgamal lov.
Etter at Egil hadde talt var det Berg-Onunds tur. Gunnhild, kona hans, var dotter av Bjørn og Ålov, og Ålov var den einaste kona Bjørn hadde fått på lovleg vis. For kongen og for domarane på tinget akta han å legg fram bevis på at Tora først var blitt tatt med makt frå broren Tore og sidan til Brynjolv, far til Bjørn, i Aurland. Saman med vikingar og folk som kongen hadde erklært fredlause hadde ho dratt i utlendigheit. Der var dottera Asjgerd født, sa Berg-Onund. Vidare sa han at det var skamlaust av Egil å gjere om på det kongen hadde beslutta, og gjentok at han hadde skaffa seg ei trelljente til kone som ikkje hadde arverett.
Deretter tok Arinbjørn ordet og sa at det ville bli sett fram vitnemål som bekrefta at det var gjort forlik mellom hans eigen far – Tore – og Bjørn om at dottera til Bjørn og Tora skulle være berettiga til arven etter Bjørn. Dessuten var det slik, sa han – og snudde seg mot der Eirik Blodøks sat – at kongen sjølv hadde gitt Bjørn retten til å være i Norge. På det viset var heile striden som i si tid hadde vore mellom kongen på den eine sida og Bjørn på den andre blitt henlagt, sa han.
Etter talen kom tolv menn fram. Dei sverga alle på at dei hadde vore til stades og høyrt på då forliket mellom Tore og Bjørn vart inngått i saka om Tora. Domarane på Gulatinget sa då at dei gjerne ville ta imot dette vitneprovet, om ikkje kongen skulle ha noko i mot det. Kong Eirik må på dette tidspunktet ha vorte noko spak. I staden for å gje Berg-Onund støtte ville han korkje sei ja eller nei til å la domarane motta vitneprova om forliket mellom Tore og Bjørn.
No greip dronning Gunnhild inn i saka. Det var rett og slett underlig, sa ho henvendt til sin eigen ektemann, at han – sjølvaste kongen – tillet Egil å forkludre alle sakene hans. Kanskje han ikkje ein gang ville ta til motmele om Egil gjorde krav på sjølve kongedømmet? Om det var slik at kongen ikkje ville gje Berg-Onund hjelp, så var det slik at ho som var dronning ikkje ville tåle at Egil trakka på venene hennar og med urette tok det godset Berg-Onund eigde.
Då tok heile møtet på Gulatinget ei dramatisk vending: Gunnhild ropa på Alv Askmann (Alv var bror til dronninga): «Spring bort dit domarane sit og sørg for at dei ikkje feller gale dommar», sa ho. Straks sprang Alv opp saman med mennene sine. Dei trakk knivar dei hadde i beltet, skar ned tauet rundt hasselstengene og jaga domarane bort. Det vart eit voldsomt oppstyr, men det var lite Egil og Arinbjørn kunne gjere sidan alle hadde lagt våpena igjen på båtane slik lova krevde. Dermed kunne Alv sine menn fare fram som dei ville, på oppfordring frå dronning Gunnhild.
Makta viste seg langt sterkare enn retten, sjølv om det var på ein av dei heilagaste stadene for lov og rett i Norge – sjølvaste Gulatinget. (Samanlign denne setninga med dagens situasjon).
Midt i ståket ropte Egil, «Kan Berg-Onund høyre meg»? «Eg høyrer», svara han. Deretter utfordra Egil sin motpart Berg-Onund til holmgang på Gulating, der sigerherren vil ta all eigedom og alle verdiar tilhøyrande arven. Hvis han ikkje torde møte opp ville han bli kvar manns niding, det vil sei ein ærelaus mann. Kong Eirik svara då at om det var slik at Egil ønska kamp skulle dei arrangere det. Egil svara at han ville kjempe, men på like vilkår.
Nå vendte Arinbjørn seg til Egil og sa, «Lat oss dra, Egil, det er lite me får gjort her slik stoda er no». Egil snudde seg mot folket og ropa ut ein advarsel til alle som var til stades om at han forbaud ein kvar, utlending eller innfødt, å ta i bruk Bjørn Brynjulfssons eigedom for eit kvart formål. Ein kvar som gjer dette har brote landets lov og påført seg gudane sin vrede og forstyrra freden.
Etter dette gjekk Egil saman med Arinbjørn til båtane.
Sjå punkt 4 Her fortel soga at «dei gikk til skipa sine og kryssa eit høgdedrag som hindra dei frå å bli sett frå tingplassen».
Egil var sint. Då dei kom til skipa talte Arinbjørn til folka sine og sa: Alle veit kva som gjaldt på tinget her, at vi ikkje vart vist rettferd. Vi vann ikkje vår rett, og kongen er no så rasande at han vil behandle oss på verste måte om han får tak i oss. Eg vil no at kvar mann går til sin båt og drar heim, og lat ingen vente på ein annan.
Arinbjørn gjekk ombord i sitt skip og sa til Egil: «Gå med dine menn ombord i kutteren som ligg på sjøsida av langskipet og dra av gårde så raskt du kan. (Kutter var opprinneleg eit mindre seglskip med éi mast i tillegg til årer). Reis om natta om du kan, ikkje på dagtid, og vær på vakt, for kongen vil prøve å finne deg. Uansett kva som skjer, kom til meg når dette er over.
Dette kartutsnittet viser fluktruta til Egil Skallagrimsson (rosa) og den litt lengre ruta til kong Eirik Blodøks (blå). Kongen brukte først tid på å halde eit «husting» med mannskapet sitt, og deretter måtte dei ro rundt Guløy for å komme til ytre hamn. Egil fekk såleis eit betydeleg forsprang. Han hadde dessuten ein svært lettrodd båt.
Egil gjorde som Arinbjørn sa; dei gjekk ombord i kutteren, omtrent tredve mann, og rodde av all kraft. Skipet var bemerkelsesverdig raskt. Deretter rodde mange andre skip med Arinbjørns folk ut frå hamna, kuttere og robåtar, men langskipet Arinbjørn styrde drog sist, siden det var det tyngste å ro. Den raske kutteren Egil førde fekk fort et forsprang på dei andre.
Sjå punkt 2 Ytre hamn, Arinbjørn og Egil sine skip.
Vikingskipet «Haakon Haakonsson» (opprinneleg «Olav Trygvason»). Skipet er bygd etter modell av Gokstadskipet i skala 2:3 i Bjørkedalen i Volda i 1997. Det er 16 meter langt og har åtte par årer. Originalt hadde Gokstadskipet truleg ikkje dragehovud. Mester for skipet er båtbyggjar Jakob Helset. Skipet tilhøyrer no Vikinglaget Haakon Haakonsson i Bergen.
Kong Eirik hadde høyrt Egil sine avskjedsord til forsamlinga, og var no rasande. Men siden alle hadde kome til tinget uten våpen gjekk han ikkje til angrep der. Han beordra sine menn å gå til båtane, noko dei gjorde.
Sjå punkt 3 Indre hamn (Kongshamn), Kong Eirik sine skip.
Framme ved hamna arrangerte kongen eit «husting» kor han la fram planen sin: Vi vil fjerne overdekket frå skipa våre og ro etter Arinbjørn og Egil. Deretter vil vi ta livet av Egil og ikkje spare ein einaste som har valgt hans side. (I Halvor Tjønn sin oversettelse står det: «Når det gjaldt Egil, skulle han fangast i live, …»
Kong Eirik hadde møtt fram med 6 eller 7 langskip. (Kvart langskip kunne ha eit mannskap på 50 eller fleire, så om lag 350 mann i kongens følge, og kanskje noko tilsvarande i Arinbjørn sin flokk. Legg me til eit antal øvrige tilreisande («Heimskringla» nemner at der også var ei stor samling av bønder) kan det ha vore meir enn 1000 personar på tingsamlinga på Flolid dette året).
Kongens menn gjekk så ombord i skipa og gjorde seg fort klar til å ro dit Arinbjørns skip hadde hamn, men dei var alt reist då dei nådde fram.
Sjå punkt 5 Kong Eirik og mennene hans måtte ro rundt Guløy for å komme til Egil sine skip.
Utfallet:
Det mest interessante med denne nøyaktige beskrivelsen frå Egilssoga er at alt kan etterprøvast den dag i dag. Eit besøk på Flolid vil gjere det klart for alle som som vil sjå, og som kjenner historia, at Gulatinget var samla på Tingvollane i året 934. Det same gjeld for fluktruta der kong Eirik forfølgde Egil inntil mennene hans gjekk i ei naturleg felle.
Kong Eirik beordra nå sine menn å ro nord gjennom sunda (Ilenessundet, Prestesundet og Nyhamarsundet) etter Arinbjørn og Egil. I Sognesjøen, den ytterste delen av Sognefjorden, fekk mennene på kongeskipet auge på Arinbjørn sitt skip. Skipa la inntil kvarandre og kongen spurde om Egil var ombord. Arinbjørn svara at han nok ikkje ville finne nokon Egil på hans skip. Kongen måtte gjerne komme og sjå, men det var ikkje likt Egil Skallagrimsson å gøyme seg under tiljene på skipet. Eirik Blodøks slo seg til ro med svaret, men ville vite om Arinbjørn kunne sei noko om kvar Egil var. Sist Egil var sett, sa han, var på ei skute med tretti mann som rodde mot Steinsund, rett utanfor utløpet av Sognefjorden.
Kongen befalte så mennene sine å ro etter Egil og prøve å avskjære han. Sjølv sto kongen og styrde. Framme i skipet sto ein av hirdmennene, ein mann frå Oppland kalt Kjetil Drapsmann, som viste vei. Han var ein stor og flott mann, og i nær slekt med kongen. Mange meinte dei likna mykje på kvarandre.
Egil hadde etterlate eit handelsskip (truleg ein knarr) i Steinsund. Der hadde han plassert alle verdisaker før han drog til Gulatinget. Skipet var klargjort for segling med roret klart og årene bundne på plass i åregangane.
Den følgande morgonen, då det så vidt grydde av dag, la vaktene merke til at fleire langskip kom roande mot dei. Egil vakna og kom seg fort på beina. Han beordra alle mann å komme ombord i kutteren. Egil bevepna seg raskt og det same gjorde mannskapet. Han tok kistene med sølvet han hadde fått av kong Adelstein (og som han tok med seg over alt). Dei forlot handelsskipet og rodde mellom krigsskipet og land – det viste seg å være kong Eirik sitt skip.
Ettersom dette hende så fort, og det framleis var lite dagslys, segla skipa forbi kvarandre. Då dei var akterende ved akterende kasta Egil eit spyd som gjekk rett gjennom kroppen til Kjetil Drapsmann. Kong Eirik ropte ut ein ordre til mennene sine om å ro etter Egil. Då dei øvrige skipa kom opp langs handelsskipet borda kongens menn det og ti av Egils menn som ikkje rakk å komme seg over på kutteren vart drepne, medan nokre få berga seg i land. Fleire av skipa rodde etter Egil medan andre plyndra handelsskipet. Dei tok alt dei fann av verdisaker og deretter sette dei fyr på skipet.
(Nøyaktig kvar dette skjedde går ikkje fram av soga, men ut frå hendinga som følgde må det ha vore i søre delen av Ytre Steinsund. For eksempel er Kobbeholmen ein plass som ville gitt vern både mot sjøgang og innsyn, og såleis ein god gøymestad for handelsskipet).
Skipa som forfølgde Egil rodde alt dei kunne, med to mann på kvar åre. Dei hadde mange mann å ta av, medan Egil berre hadde atten mann att på sin båt, så kongens menn begynte å ta innpå. Ein av Egil sine menn visste om ein passasje på innsida av Rånøyna, Rånestraumen, der djupna kan være heilt nede i tredve centimeter på fjære sjø (varierande med årstid og månefase). Og fjære var det denne morgonen fortel soga. Egil og mennene hans valgte dette sundet og kom seg gjennom, medan dei større krigsskipa gjekk på grunn og mista Egil av syne. Kongen vende då tilbake og drog sørover medan Egil sette kursen nordover for å treffe Arinbjørn.
(Legg merke til at havnivået ikkje har endra seg merkbart sidan vikingtida).
Egil fortalde Arinbjørn om hendinga og han svara at Egil ikkje kunne venta seg anna når han hadde med kong Eirik å gjere. «Men du vil ikkje stå i beit for pengar, Egil. Eg vil kompensere for skipet du tapte og gje deg eit nytt så du får ei grei reise til Island».
Asgjerd, kona til Egil, hadde bodd i huset til Arinbjørn medan dei var på Gulatinget. Arinbjørn gav Egil eit svært sjødyktig skip og lasta det med tømmer. Egil gjorde seg så klar til avreise og hadde nesten tredve mann med seg. Han og Arinbjørn skilde lag som svært gode vener.
Konflikten mellom Egil Skallagrimsson og kong Eirik kunne godt ha fortsatt, hadde det ikkje vore for at kong Harald Hårfagre døde og Eirik vart travelt opptatt med å prøve å bli einekonge i landet. (Harald Hårfagre døde ein gang mellom 930 og 933. Arvestriden er sagt å ha vore i år 934, så her er det eit lite avvik mellom årstala).
Norske historikarar om plassen for arvestriden:
Ivar Kleiva (1903 – 1998) var ein norsk lærar, forfattar og lokalhistorikar frå Eidsdal på Sunnmøre, busatt på Dalsøyra i Gulen.
Frå «Gulatinget – tingstader og lovverk» side 49:
«… Sjølve eidet har sikkert ikkje vore nytta til tingstad, men vollane mellom eidet og sjølve busetjinga høver på fleire måtar betre til tingstad enn noko ein kan finne i Eivindvik. Det var lettare å sigle inn og ut den romslege Osen enn i dei tronge sunda ved Eivindvik, og der var gode hamner både aust og vest for «Gulløyna», stutt tilror og aldri isvanskar. Nær stranda var utifrå høvelege tingvollar i god livd for vind og ver, og der var både lovberg og lagelege stader for lagrett og domsnemnder, og for tinglyden. Rundt ikring var det fint lende både for telt og buer, og matvatn var det nok av. Nokre stadnamn tyder kanskje og på at her har vore halde ting. Tingvollane er kanskje ei nylaging, men Kongshamna, Knarreholmen og Veholmen er sikkert gamle».
Gustav Indrebø (1889 – 1942) var ein norsk språkvitar, filolog, historikar og målmann frå Samnanger.
Frå ein artikkel: «Gula tingstad»
«Egils soge kap. 56 skildrar Egil Skallagrimssons tingstrid med Berg-Anund, og det gjev ymse upplysningar um den staden der striden gjekk for seg: Der staar millom anna: Der som domen var sett, var ein slett voll. Haslestenger var sett ned i vollen, og band var lagde ikring. Dei var kalla veband. Daa Alv Askmann hadde brote tingfreden og rive burt vebandi, for Egil og Arinbjørn over eit leite ned til skipi sine. Frå tinget saag dei ikkje skipi. Egil og Arinbjørn rodde burt so snøgt som raad var. Kong Eirik Blodøks gjekk til sine skip og heldt husting. So rodde han dit som skipi aat Arinbjørn hadde vore (altso fleire hamner). Deretter rodde han nord i sundi. Daa han kom i Sognesjøen, saag han Arinbjørns skip. (Øyar og nes hadde stengt for syni fyrr)».
Hans Berthelsen Flolid (1860 – 1940) lokal historiegranskar frå Flolid.
Frå tilsvar til «Paa leiting etter Gulatingstaden» av Albert Joleik, «Gula Tidend» 1919
«Det er so greit lende umkring Guløy og Flolid at hadde Dr. Bing og dei andre herrar fenge lov til uhindra å kome opp på vollane ved Austviki, som berre ligg nokre fåe stig upp frå Hamnaneset, vilde dei nok funne vidder og turr mark nok til ein tinglyd, og naturhøve som høver til hendingane i Egilsoga med; då fyrst kunde ein hatt høve å skoda og grunda på slikt som kunde bera til på sjo og land».