Guløykoven

«Guløykoven» – ei vik med lange tradisjonar

Av Liv K. Flolid Lien, tilrettelagt av Jan Kidøy

 

Under Gulatingsamlingane var det mange tilreisande og det kunne være trangt om plassen til alle båtane. Sør for Kyrkjestøa ved ytre Flolidvågen er ei lun vik kalla «Koven». Der er trygg og god hamn i allslags vær og mykje tyder på at bygdefolket okkuperte denne bukta for seg under det årlege Gulatinget. Når folket frå Gulafjordane seinare rodde til kyrkje, var dei innom Koven på heimvegen. Der samlast dei for prat og matøkt. Den fyrste båten tok festa i land, dei andre hekta seg på etterkvart som dei kom. Det vart såleis eit heilt fylgje der frå dei 3 Gulafjordane. Husmødrene som laga nistemat til turen, pakka særskilt maten som skulle nytast i Koven. Dei som venta heime, og var spent på å høyre nytt, spurde alltid først om det var mykje folk i Koven. Denne skikken vara til robåtane vart avløyst av motorbåtar.

Ola Østgulen fortel: «I tida 18-30 årsalderen var eg bygdespelemann og søkte kontakt med eldre spelemenn i bygda. Ein av dei eldste fortalde meg: Eg kan ikkje hugse at eg nokon gong har spela til bryllaup i bygdi utan me samlast i Guløykova. Det hende ikkje sjeldan at me var fleire bryllaupslag same dagen, og der gjekk det soleis føre seg: Først laut spelemennene spele kvar sin bruraslått, deretter kom turen til kjøkemeisteren med kvar si bryllaupsvisa. Når det var gjort kom drikkebollane på gli og det vart drukke skål for brurefolki. Sidan gjekk praten over tilje med godt humør, medan det vart smaka på god mat som både lefsekling og spekekjøt.»

Dette gir eit bilde av korleis gulingane held skikken i hevd og samlast om den minnerike Gulatingstaden. Når gamle folk fortalde om desse samlingane i koven, både om korleis dei opplevde det og korleis deira foreldre og besteforeldre hadde hatt det, la dei oftast til: «I Guløykova gjekk det alltid fredeleg og gildt føre seg. Ugreie eller krangel i kova hadde ingen høyrt om.»