Hendingar som skapte splid

To historiske hendingar som

skapte splid i 200 år

Av Jan Kidøy

 

Guløy og Flolid står no stadig tydelegare fram som staden der Gulatinget hadde sin fødsel og sitt liv fram til flyttinga til Bergen. Me kan no dra på smilebandet av alle dei lærde og lege som sidan 1800-talet har freista slå fast kvar den opphavelege tingstaden var, utan å lukkast.
Det kjende sitatet frå Henrik Ibsen kjem her til sin fulle rett:
«Hvor utgangspunktet er galest, blir titt resultatet originalest».

Når me les gamle historiske opptegnelsar er det ofte slik at me ser etter ord og vendingar som passar inn i eit bilde me har sett føre oss som det rette. I vår leiting etter bekrefting er det lett å oversjå andre viktige element. Slikt ser me mykje av i ‘striden’ om Gulatingstaden.

  1. Flytting av Gulatinget
    Kva tid vart Gulatinget flytta til Bergen?

Svaret på dette spriker frå år 1220 til år 1300. Professor Knut Helle var den som gjekk lengst bakover i tid i sine avhandlingar. Han antyda at flyttinga kan ha skjedd så tidleg som i år 1220-1230, dette på grunn av endringar i styresettet i landet.
Andre historikarar er meir vage i sine tidsangjevingar, men nemner at det har vore halde ting ved Kristkyrkja i Bergen før Håkonshallen vart ein naturleg samlingsplass etter at den stod ferdig i 1261. Punkt 2. nedanfor vil vise at tidspunktet for flyttinga er avgjerande for å forstå sanninga om Gulatingstaden.

  1. Kyrkja på Flolidstranda
    Kva tid vart kyrkja ‘i Guløy’ bygd?

Håkon Håkonsson (1204-1263) var konge i Norge i 46 år. Han stod for mange store og små byggeprosjekt, mellom anna Håkonshallen (1247-1261) og fleire kyrkjebygg over store deler av landet. I Håkonarsaga finne me dette sitatet som er lett å feiltolka:

Dette kan lesast som om han bygde kyrkje i Guløy og flytta tinget dit frå ein annan stad. Og det er denne ‘andre staden’ historikarane har freista finne. Men ser me på årstala ovanfor forstår me at kyrkja må ha vore bygd i kongens regjeringstid, 1217-1263. Bygdebokforfattar Ivar Kleiva meiner ho vart bygd i 1240-1250.

Ifølge punkt 1. var Gulatinget då flytta til – eller i ferd med å bli flytta til – Bergen!
Me må difor sjå på sitatet frå Håkonarsoga på nytt, om forfattaren har hatt ei anna meining. Når me veit at namnet Guløy var kjent over heile landet, og også på andre sida av Nordsjøen, må det være ein grunn til at han har tatt med ‘nord for Bergen’. Forklaringa kan være så enkel som at ordet ‘dit’ viser til Bergen og ikkje til Guløy:

Med denne forklaringa fell alt på plass. Det har berre vore tale om ei større flytting: Frå Guløy/Flolid til Bergen. Om dei to tingplassane på Flolid har vore brukte om ein annan ville ikkje dette vore sett på som ei flytting av sogeskrivarane.

Slik Håkonarsoga er gjengitt i ‘Heimskringla’ er ikkje flyttinga nemd i det heile tatt, berre at det vart bygd ei kyrkje i Guløy og gitt eit offer. Eit slikt offer er ikkje nemnt ved dei andre kyrkjebygga, så det er rimeleg å tru at dette offeret hadde samanheng med Gulatinget. Tinget og tingstaden som var djupt forankra i folkesjela vart no flytta til Bergen etter fleire hundre år på Flolid.

Dette harmonerar også fullstendig med Gulatingslova og Landslova av 1274.
Den einaste tingstaden som er nemt er Guløy – ingen av dei andre stadene historikarane har spekulert i er nemde med eit einaste ord, korkje i desse lovene eller ellers i sagalitteraturen.