Kyrkje i Eivindvik

Kyrkje i Eivindvik
kommentar til beskrivelsen i Kulturminnesøk

Av Jan Kidøy

Sitat 1 frå ID 84447
«Eldste omtale av kirken er i 1329»

Kommentar:
Referansen det her visest til nemner ikkje kyrkje i Eivindvik, berre at presten budde der.
På den tida stod kyrkja framleis på Flolidtranda. (Det er også ulogisk at det vart bygd kyrkje i Eivindvik når det alt var ei på Flolid – avstanden i luftlinje er 1,5 km).

Sitat 2
«En middelaldersk stavkirke på stedet …»

Kommentar:
Dette var kyrkja som tidlegare stod på Flolidstranda (bygd år 1230-1250 iflg. Bygdebok/Kleiva)
og som etter Reformasjonen vart flytta til Eivindvik. Dette er godt dokumentert av bl. andre
prosten N.G.A. Dahl. Å kalle Eivindvik for «et middelalder kirkested» (brukt i mange samanhengar om Eivindvik) er såleis ein tilsnikelse ettersom det ikkje var kyrkje i Eivindvik i middelalderen (vikingtida).

Sitat 3
«Eivindvik var frå først av ein retteleg storgard».

Kommentar:
Denne setninga står i anførselstegn og gjev såleis inntrykk av å være eit sitat, men er uten referanse. Til sist i beskrivelsen er det referert til Kleiva (Ivar Kleiva, lokalhistorikar).
Den same Kleiva har dette å seia om «storgarden» Eivindvik (Gulatinget – tingstader og lovverk 1985):

«Dei eldste bustadene ein kjenner i Gulen låg ved Blidensol (Byrknesøy), Flolid og truleg på Berge (Dalsøyra). Desse stadene var busette alt i steinalderen.»

«Ein kunne og ha venta at gardane ved botnen av Midttunvågen var gamle, men namna tyder på at dei er etter måten unge, …».

Eg har ikkje funne noko stadnamn i området aust for Folefotsundet som tykkjest høve for ein eldgamal storgard. Alle gardsnamna i området ser ut til å være sekundærnamn. …. Dingja og Flolid ligg utanfor området. Stavenes, Grønevik, Haugane og Eivindvik er namn på små lokale område. Fleire stader i området har ein kome over jordfunn, men dei Per Fett har i registeret sitt, er frå yngre jernalder, og helst etter småkårsfolk.

… i ein takst for «Høeskatt» i 1713 er prestegarden berre verdsett til 1 laup smør, medan Gryta hadde 1-1/3 laup. Skattetaksten galdt truleg det Dahl sidan ringa inn med den store muren.

Prestegarden i Eivindvik er ikkje nemnd i matrikkelen/rentekammeret i 1665.
Matrikkelen frå 1886 har med Eivindvik prestegjeld med alle gardane som høyrde til.
I 1907 var sjølve prestegarden i Eivindvik matrikulert med 0 mark og 12 øre.
9 andre små bruk låg under prestegarden. (Matrikkel nordre Bergenhus).
Dette stemmer godt med Kleiva sin omtale av Eivindvik; «små lokale område»
og «småkårsfolk».