Landslova sitert
Landslova sitert med lokal tilpassing
Av Jan Kidøy/- først publisert i avisa Hordaland
I samband med jubiléet for «Landslova av 1274» sende NRK den 24. august eit 7 timar langt program kalla «Landslova ord for ord». Programmet var imponerande både i omfang og innhald men i innleiinga om «Tingfararbolken» var eit viktig stadnamn utelate
Anne Hopland er den lokale representanten for Gulatinget og hadde fått æra av å lese frå «Tingfararbolken» medan ho stod ved Tingvollane på Flolid.
Slik lyder originalteksten i Landslova: «Men vi skal ha lagtinget vårt kvart år kvar Botolfsmesseeftan i Guley,
på den rette tingstaden».
(Liknande ordelag kjem att mange ganger i denne lova, og oftast er tingstaden kalla «Guley», medan Gulatingslova nemner Gula eller i Gula»).
Slik vart lova sitert: «Vi skal holde lagtinget vårt hvert år på riktig Gulatingssted på Bottolfssok aften».
For den vanlege sjåar/lesar er det sikkert ikkje vesentleg skilnad på dei to sitata, men når me veit at Gulatinget sin nettstad, som Anne Hopland er leiar for, framheld at Eivindvik var den rette, eldste tingstaden, så skjønar me og kvifor stadnamnet Guløy er utelate.
Nettstaden Gulatinget.no er designmessig fint laga og presenterar Tusenårsstaden på ein framifrå måte. Reknskapstala syner og at den er svært påkosta. Slik sett skulle ein tru det var avklara at Gulatingstaden var på Flolid – noko NRK-sendinga og gav inntrykk av.
Men går ein litt nærare inn på dei forskjellege menyvalga på nettstaden finn ein fleire stader både uttalelsar og videomateriale som promoterer Eivindvik som den eldste tingstaden. Flolid er berre nemnt i forbifarten som ein stad der tinget vart flytta til heilt på slutten av vikingtida. Tusenårsstaden på Flolid vert omtala som ein symbolsk minnestad for Gulatinget. Hovudargumentet for ein tingstad i Eivindvik er og har vore dei to steinkrossane.
NRK-sendinga viste tydeleg at det ikkje er krossar ved nokon av dei tre andre hovedtinga.
Lokalhistorikaren Ivar Kleiva sa det slik (Gulatinget – Tingstader og Lovverk, 1985):
«Gulatingslova er den mest pålitelege kjelda vi har til kunnskap om Gulatinget».
Sidan lova alt i første kapitel understrekar at Guløy var den rette tingstaden er det underleg, men ikkje overraskande, at lovteksten vert endra i samband med feiringa av Landslova. Lova som skulle være eit vern om rettsstaten blir no tilpassa lokale politiske interesser, stikk i strid med rettsprinsippa som vert feira.
No er det nok ikkje Anne Hopland som har forfatta teksten ho leste, men det kunne vore interessant om dei som står bak dette hadde kome på banen og gjort det klart for folk kvifor Guløy-namnet vert utelate både i tale, skrift og audiovisuelle samanhengar.
Når stortingspresidenten les frå kapitel 3 i Tingfararbolken får den rette tingstaden sitt rette namn (var dette ein glipp?): «Lagmannen skal sette opp vebånd på rett tingsted Guløy».
Er tida snart inne, også lokalt, for å anerkjenne Guløy – opphavet til gulatingnamnet – som den eldste tingstaden?