Gulatinget

Fakta, tvil, fantasi

«SANNINGA OG FORNUFTEN
ER SJELDEN UVENER»
(DRONNING KRISTINA)

Striden om lokalisering av Gulatinget er over.

Sterke politiske krefter i fylke og kommune har i 200 år kjempa for å få folk til å tru at det har vore tingstad i Eivindvik. No er er det berre nokre få ihuga byråkratar og kjøpte akademikarar frå universitetsmiljøet som krampaktig held fast på denne teorien.

Når me veit at Eivindvik ikkje eksisterte som busettingsområde i middelalderen (Kleiva) og at det ikkje finst eit einaste historisk prov, framstår dette som ønsketenkning. Det er først i nyare tid at det vart kai og handel på fastlandet. Den første butikken i bygda var på øya Fonna der det var bedre landingstilhøve.

Frå gamalt av har folk i Gulen alltid visst at Gulatinget var på Flolid der tinget fekk namn etter halvøya Guløy og landet innafor. Etter at området vart valgt til Tusenårsstad for Sogn og Fjordane er det og sett opp synlege minnesmerker som ei bevisstgjering for besøkande. Med tanke på transporttilhøva i gamal tid er det lett å forstå at staden er perfekt for formålet. Plasseringa sentralt på Vestlandet, hamneforholda, seglingsforholda og tryggleiken kunne ikkje vore betre ivaretatt.

Besøkande på tingstadene på Guløy og Flolid kan nå med sjølvsyn sjå kor ideell plassen må ha vore for tingsamlingane. Når dei så lærer om dei gamle stadnamna som Tingvollane, Krosshaugen, Veholmen, Knarrholmen og Kyrkjehaugen fell bitane på plass av seg sjølv. Den eldste tingstaden på Guløy er i Gulatingslova kalla «Guløy Tingstad Rettom» og der finn ein også Domsteinen som er merka av på gamle kart som Lovsteinen.

Lokalhistorikaren Ivar Kleiva har skildra forholda på ein framifrå måte i boka «Tingstader og Lovverk» frå 1985:
Side 49
«… Sjølve eidet har sikkert ikkje vore nytta til tingstad, men vollane mellom eidet og sjølve busetjinga høver på fleire måtar betre til tingstad enn noko ein kan finne i Eivindvik.
Det var lettare å sigle inn og ut den romslege Osen enn i dei tronge sunda ved Eivindvik, og der var gode hamner både aust og vest for «Gulløyna», stutt tilror og aldri isvanskar.
Nær stranda var utifrå høvelege tingvollar i god livd for vind og ver, og der var både lovberg og lagelege stader for lagrett og domsnemnder, og for tinglyden. Rundt ikring var det fint lende både for telt og buer, og matvatn var det nok av. Nokre stadnamn tyder kanskje og på at her har vore halde ting. Tingvollane er kanskje ei nylaging, men Kongshamna, Knarreholmen og Veholmen er sikkert gamle».

Anders Hantveit, ordførar i Gulen 1890-1911 sa det slik (Bergens Tidene 1919):
«Som gammel kommunemand vilde jeg selvsagt finde det hyggelig at omgivelsene omkring kommunelokalet kunde bli pyntet op med en vakker bauta. Men jeg har den opfatning at det vilde være at «pynte seg med lånte fjær», og det smaker ikke. Skal det påtenkte minde ha noget kulturhistorisk værdi, må det bringes i overensstemmelse med det som de gamle skrift og tradisjonerne forteller os. Ikke lempes til på en måte som man efter nutids begrep finder mest bekvemt.»

Ein annan med lokal kunnskap var Ola R. Midtbø frå Masfjorden som etter å ha granska saka kom fram til dette (på oppfordringfrå professor Magnus Olsen i «Maal og Minne 1918»):
Det sted som tradisjonen nevner som tingsted, er en i fjorden fremspringende halvø ved garden Flolid, noget østenfor Eivindvik. Denne halvø kalles «Guløyna», men skrives Guløy, og tinget skal ifølge tradisjonen ha stått på dens øverste topp. I en liten kløft som kalles «Gamleveien» skal dommerne ha hatt sine rådslagninger, og en stor sten som kalles «Domsteinen» skal ha tjent som tingbord, og her ble dom avsagt. Innenfor Guløy strekker Flolids innmark seg tvers over det flate eid, fra Østviken til Vestviken. Ved Vestviken skal det ha stått en kirke hvis sted påvises mellom Kirkestøen og Kirkehaugen. Ved Guløys ytterste spiss er en sten som kalles «Gulestenen». I nærheten er «Koven» hvor kirkebåtene før alltid samledes på hjemveien fra kirken til gammen og gjestebud. I nærheten er også «Knarrholmen» hvor tingfolket reparerte sine fartøyer, samt «Timbrøyna» hvor tvekampene foregikk. Både på Guløy og Timbrøy skal der før ha vært steinbrygger som nå er borte.

Mykje utfyllande stoff om dei historiske stadene er å finne under fana «ARTIKLAR».

Denne videoen syner området frå lufta: https://youtu.be/4qFDrC4gptw

Angrande ordfører avslører konspirasjon

(gjengitt med tillatelse)

Ludvik J. Kjellevold (1889-1971) var ordfører i Gulen i 16 samanhengande år.

I august 1966 tilkalla Ludvik Kjellevold truverdige folk frå Flolid for å bevitne noko han ville bekjenne: Det hadde vore eit viktig møte i Eivindvik, kor folk frå alle dei nordiske landa, inkludert Island og Man i Irskesjøen, kom for å sjå dei 4 tingstadene i Norge.

Ordførar og varaordførar og «dei frå Bergen» vart enige på forhånd om at dei skulle sei «her er staden» i Eivindvik, og ikkje eit ord om Guløy og Flolid.

Frå første stund såg dei tilreisande at tinget ikkje kunne ha vore i Eivindvik. Og spesielt representanten frå Island var skråsikker og vart sint for at dei var leda til feil plass. Ikkje før dei stod på kaia for å ta farvel måtte ordførar Kjellevold vedgå at Guløy låg lenger mot aust.

Då han seinare fortalde det til kona, Lise, fekk han denne kommentaren:
«Du har visst det frå du var liten gut kor Gulatinget har vore, og så har du dumma oss ut slik!»

Det var dette at han hadde ført skam over familien som førde til at han ville ha sanninga fram – ei sanning han ville dele med alle, om så var med kongen!

Høyr og sjå heile historia her

Ønska livet av motstandaren

Frå eit foredrag halde på eit åpent møte i Heradshuset i Eivindvik den 5. oktober 1960, les me fylgjande, som seier mykje om kor usakleg denne striden har vore. Foredraget vart halde av Sogn sogelag sin representant i gulatingnemnda, A. Skåsheim frå Balestrand: “Nemdi som skulde arbeide for å reise eit minne på Gulatingstaden i Eivindvik var samla i 1917, men nemdi møtte motstand, særleg gjekk Hans Floli hardt imot og han var ein tung motstandar. Nemdi fann det heilt nyttelaust å kjempe mot han. Ein rådde seg difor til å vente med det vidare arbeid til Hans Floli var avleden.”
(Dei måtte vente i 23 år).

I utakt med lokal tradisjon

Prost Dahl, kom til Eivindvik i 1804, og døydde her i 1852, han intervjua gamle folk i kommunen. Ingen hadde høyrt anna enn at Gulatinget låg på Guløy.

I ein protokoll prost Dahl førde i 1823 over samtalar som han sjølv seier, for blandt præstegjeldets eldste at undersøge hvad der endnu måtte være tilbage af gamle sagn angående det såkaldte
Gulø og Gulating. Protokollen er underskriven av Niels Dahl og Anders Furenes.

Denne protokollen syner at Dahl har tala med dei eldste på desse gardane: Haveland, Nordgulen, Oppdal, Kjelby, Kløvtveit, Hauge, Brandanger, Rørtveit, Byrknes og Stevnebø. Men ikkje ein einaste av dei han har tala med på desse stadane, hadde høyrt anna en at Gulatinget låg på Guløy.

Ein 93 år gamal mann på Kjelby, fortalde det slik: Pao Golløyna har da vore helde maonge ting, og slag myljå store kjemper.

 

Typisk dekorasjon med symbolikk frå Urnes Stavkyrkje.

Ikkje kyrkje i Eivindvik i vikingtida

Eit sitat frå «Diplomatarium Norvegicum» vert brukt som referanse og argument for at det var kyrkje i Eivindvik i middelalderen. Referansen frå 1327 fortel berre at brevet var sendt til presten i Eivindvik, medan kyrkja stod på Flolidstranda til etter reformasjonen på 1500-talet. (Med båt frå Eivindvik er det berre 1,5 km til Flolidstranda og ca 2,5 km landevegen, så det var inga ulempe for presten å bu i Eivindvik).

Seinare kyrkjebygg i Eivindvik er ikkje tema her, men det framgår av kostnadsoversikt at det var mange reparasjonar på kyrkja som vart flytta frå Flolid, noko som var naturleg alderen tatt i betraktning.

 

 

Nytt om kyrkja på Flolidstranda

Det har kome fram materiale i den seinare tid som gjev grunn til å tenke heilt nytt om kyrkja på Flolidstranda.

Kyrkja var truleg bygd etter at Gulatinget var flytta til Bergen. Denne tida, etter 1230, var Håkon Håkonsson si store kyrkjebyggingstid – han lot bygge kyrkjer mange stader i landet. Dermed vart ho ikkje bygd som tingkyrkje, noko som forklarer kvifor ho ikkje stod ved sjølve tingstaden.

Ei anna bekrefting er sitata frå «Flatøyarbok» der det feiltolka står at kongen bygde ei kyrkje i Guløy og ofra ein gullring. Men teksten lyder offradi thar till. Det betyr: «Ofra til den». (Her er det klart at å ofre til ein gullring ikkje gjev meining, men at offeret var til Gulating. Flatøyarbok er avskrift av handskrevne originaler så å forveksle Gulating med Gullhring var fullt mogelig). Det kan også bety at kyrkja vart bygd som eit offer til gulating.

Dette fordi kongen følte med folket i Gulen og ellers i tingkretsen som mista Gulatinget som var ein heilagdom for dei. Dette stemmer og med Håkon Håkonsson sin personlegdom slik den er skildra. Det er verd å merke seg at usemje og uvenskap vart gjort opp mann i mellom på Gulatingstaden i lange tider etter at tinget var flytta til Bergen.

Ei tredje bekrefting er valget av stad for kyrkja – eit nes på Flolidstranda der ho kunne byggast med koret vendt øst mot Guløy som ein ekstra heder til tingplassen.

(Etter gamal skikk skal kyrkjene være orientert mot øst, slik at koret er i østre ende medan inngangen er i vestre. Den regelen er nemd i Gulatingslova, men vart ikkje praktisert absolutt på grunn av blant anna tilhøva på tomta).

Tingstove ved Tingvollane

I skrifter etter Hans B. Flolid kan me lese: Overfor Guløy stod, i gammal tid, ei stove som dei kalla Tingstova. Det var ei sperrestove, noko stor, og bygd av rundt timber. Ho vart ført til Nordgulen, og stod lenge der, vart brukt til eldstove, men no er ho borte.

Dette er bekrefta av Professor Torleiv Hannaas: ”I Nordgula stod ei gamallrøykstove. I da auret da store solformykjelsen va, va Pernille Merkjesdala i Nordgula. Ho va daa attan år (f. kring 1830) (Pernille Olsdtr. Merkesdal var fødd 8/7 1832.) Det vart myrkt som natti høgstdages. Ho fortalde at dei kalla denne stova tingstova, og dei sa ho skulle ha kome fraa Flolid. (Den totale solformørkelsen var i 1851 så dette er sikker dokumentasjon).

Dette betyr at det ikkje har vore kyrkje på Flolid før etter 1230, men at det i staden har vore ei Tingstove. Det stemmer også med Lars Eskeland sin omtale av Håkon Adelsteinfostre sine seremoniar ved «Kongebua» («På Klårfjell»).

Frå utgravinga ved Tingvollane i 1976. Arkeologen kalla dette eit «dreneringssystem», liggjande på ei høgd. Koordinatar for staden er ikkje oppgitt i rapporten.
(Bilde frå Knut Helle si bok).

For eit utrena auge kan dette være underlaget for muren der Tingstova stod. Sjå også artikkelen «Kyrkje på Flolid». 

«Den berømmelige Norske Handels-Stad Bergens Beskrivelse» (Ludvig Holberg, 1750):

Udi Nordhordlen ligger den Øe Guløe, hvor laug-stolen blev anlagt, som kaldest Gulatings Laug-Stoel (Laugstol =Tinglag eller tinglaug), og siden er forflyttet til Bergen.

På Gulatingstaden på Flolid, nemner prost Niels Griis Alstrup Dahl at det skal ha lege ei kyrkje i mellomalderen. Dette må være same kyrkja som er nemnt i Håkon Håkonsson saga, der det heiter at kongen bygde ei kyrkje i Guløy, ei halvøy som ligg like ved Flolid. Lokalkjende meiner at omgrepet Guløy ikkje berre femde om halvøya, men om eit vidare område der også Flolidgarden var med. Dahl nemner også kyrkjer på Hauge og på Nesetranda. Han var ellers ein av fleire som bekrefta at kyrkja på Flolistranda vart flytta til Eivindvik.

Sjå også «Synfaring – kyrkjetomt»

To tingstader skaper forvirring

Eit feiltolka sitat frå Håkon Håkonssons Saga har leda mange til å tru at Gulatinget vart flytt til Guløy frå ein annan stad – Eivindvik er oftast nemnt. Gulatinget vart etablert på Guløy i eldgamal tid og vart halde i same området like til det vart flytta til Bergen. Gamle stadnamn som ennå lever, sogeforteljingar og folketradisjonen viser at det også har vore halde på Fastlandet på Flolid. Herifrå vart det flytta til Bergen i tidsrommet 1220/1230 (Knut Helle). Om tinget i periodar har veksla mellom desse to tingstadene veit me ikkje, men sikkert er det at staden på Guløy var den tryggaste i ufredstid. At tingstaden vart kalla «Guløy Thingstad Rettom» fortel oss at denne plassen var heilt spesiell. Den er no merka med ei informasjonstavle og stien opp er rydda og skilta.

Årsaka til forvirringa rundt tingstaden finn me i dette sitatet som lyder slik på originalspråket:

Dette har nokon tolka som om han bygde kirke i Guløy nord for Bjørgvin og flytta tinget til Guløy frå ein annan stad. Når me kjenner historia og årstala gir dette inga meining. Det er antatt at kyrkja på Flolid vart bygd i tida 1240 – 1250 (tida for mange av Håkon Håkonssons bygg rundt om i landet), og då var Gulatinget mest truleg alt flytta til Bergen. Les me derimot dette sitatet rett ser me også den rette meininga:

På engelsk:

Dei fleste som har omsett Håkon Håkonssons Saga til norsk har nytta eit sitat henta
frå Flatøyarbok som lyder slik:

Omsett blir det:

og på engelsk:

(Ein har med hensikt bytta ut Gullhring med Gulating. Å ofre ein gullring til ei kyrkje blir meiningslaust, medan det gjev meining å ofre til Gulatinget (ein heilag tingplass). Det kan også bety at kyrkja var eit offer til Gulatingstaden for å vise ære til plassen og folket som no
hadde mista ein århundrelang tradisjon).

Her ser me og at flytting av tinget ikkje er nemnt, og det er truleg derfor dei fleste som har
omsett Håkonarsaga til norsk har nytta dette sitatet frå Flatøyarbok for å unngå mistyding:

Alexander Bugge 1914
Kr. Audne 1963
Anne Holtsmark 1964

Tidlegare historikarar var aldri i tvil om kvar gulatingstaden var:

Kraft og Blom: Paa toppen af Guløi, der ved et lavt eid er forbundet med gaarden Floli, har formodentlig tinget været holdt; men dertil sees intet spor. Seinare bekrefta av Professor A. Taranger, skulestyrar/forfattar Lars Eskeland og den lokale historiegranskaren Han B. Flolid. Det som likevel ingen av dei nemner, og som er den historiske nøkkelen, er den tidlegare steintrappa på sørsida av Guløy. Denne trappa var der heilt fram til slutten av 1800-talet:

«Ole Eriksson opna bakeri og handel på Nyborg. Stoppestaden blei registrert som postopneri frå 1. april 1891 under namnet Guløy. Ole bygde ny steinkai på Nyborg i 1893/94, sette opp eige bygg for bakeriet og bygde på våningshuset. Guløy blei så telefonstasjon i 1905» (Frå «Varehandel i Gulen»).
Sara Marie Westervik vaks opp på Klokkeide og var 8 år i 1893. Ho fortalde at dei frå Klokkeidneset kunne sjå lasteprammar (frå Bergen) som førde stein frå Guløy til Nyborg i forbindelse med bygging av steinkaia.

På den måten forsvant eit kulturminne som ville ha kasta lys over den bortgøymde og bortgløymde tingstaden på Guløy.

Slik dette er fortalt tyder det på at prammane gjekk fram og tilbake fleire ganger, så det var snakk om mykje stein. Lengda på trappa kjenner me ikkje til, sjølv om ho mest truleg berre gjekk opp den brattaste kneika frå sjøen. Derifrå tek det omlag 3-5 min. å gå opp til tingstaden. Den ligg som beskreve av Professor Taranger «mellom Domsteinen og Varden». Dette stemmer også heilt med beskrivelse og teikningar etter Hans B. Flolid.At Hans Flolid ikkje har nemnt trappa skuldast nok helst at mange ting var så godt kjent på den tida at det ikkje vart ansett som viktig å skrive dei ned.

Trappa var vesentleg av fleire grunnar:

– Den eldste tingstaden er vanskeleg tilgjengeleg frå landsida.
– Det var kanskje eit poeng at tingstaden låg vekkgøymd til.
– All transport føregjekk sjøvegen. Her var de godt å legge inntil for iland- og ombordstigning, samstundes som det var nær oppankringsplassane på Indre Flolidvågen.
– Den første kneika opp frå sjøen er bratt og ulendt.
– Dette var kortaste vegen opp til tingstaden.

Eit anna moment som kan kaste lys over dette valget av tingstad er at det eldste Gulatinget berre gjaldt for dei to vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane (kanskje også Rogaland) Det utgjorde ikkje så mange tingmenn, slik at det var god plass på tingstaden på Guløy. Etter kvart som fleire fylke vart med kan tinget ha vorte flytta ned på Tingvollane på fastlandet av plasshensyn. Seinare vart det begrensning på utsendingar og såleis kan det hende at tinget vart flytt attende til «Gula tingstad rettom». Guløy var også  på alle vis var ein tryggare plass i ufredstid. Sjå også «Skjuler Guløy ein løyndom».

Her ser ein tydelege restar etter steinbrygge og trapp.

Heng Gulatinget på krossen?

Sjølv om overskrifta her er eit ordspel kan ho innehalde ei bedrøveleg sanning. Koblinga mellom krossane i Eivindvik og Gulatinget framstår som det einaste argumentet av ein viss verdi for Eivindvik som tingstad.
Men ser me litt nærare på dei to krossane si historie og på steinkrossar generelt i Norge, så smuldrar også dette argumentet bort og ein står att med eit blødande Gulating for så vidt som det gjeld Eivindvik.

Den tidlegaste skriftlege skildringa av krossane er frå 1626, og skildrar krossane omtrent slik vi ser dei i dag. (Kulturhistorisk leksikon)

Lokalhistoria hevdar frå fleire hald at krossane vart flytta frå Flolid til Eivindvik, og det er naturleg at dette skjedde på den tid ein flytta kyrkja etter reformasjonen. Det var også ein tredje kross som vart knust under flyttinga. Stadnamnet Krosshaugen ovanfor Tingvollane på Flolid er framleis levande og bygger under at det tidlegare har stått kross der.

Ovanfor har me slått fast at kyrkja på Flolidstranda vart flytta til Eivindvik, herom er det lite usemje. Er det ikkje då naturleg å tenke seg at krossane vart flytta samstundes, ettersom dei høyrde inn under kyrkja?
Under reparasjon av krossen ved kyrkjeporten (øydelagt 2012) vart det funne restar av teglpanne og to metallboltar i gropa. Det tyder ikkje på at han har stått der siden vikingtida.

Om det ikkje var slik kan ein likevel ikkje uten vidare koble ein steinkross til eit tingsete. Det er mange steinkrossar spreidd over eit stort område på Vestlandet, utan at dei har med Gulatinget å gjere. Ein kan heller ikkje sjå seg blind på krossane så lenge topografi og andre tilhøve ekskluderer Eivindvik som tingstad. Meir om krossar i Norge blir å finne under menyvalget «Litteratur og video».

Steinkrossen i Eivindvik har tydeleg anglisaksisk utforming og er hogd til i Hyllestad i Sogn. Den står nokså malplassert i ein bratt bakke. (For å forklare at krossen står tilfeldig plassert har ein lansert denne segna: Ei anna segn går ut på at Olav skaut tre piler i ulike retningar frå tingstaden og sette opp ein kross der kvar pil landa).