Jakten på gulatingstedet

Kommentar til

Jakten på gulatingstedet

En sagnhistorie

Av Audun Kjus, Norsk Folkemusum
Ph.d. Kulturhistorie, Universitet i Oslo, 2007
Cand.philol. Folkloristikk, Universitet i Oslo 2000
(Heile artikkelen finnes på Academia.edu)

(Sitater frå artikkelen og andre kjelder er i kursiv)

Kommentar ved Jan Kidøy
Gulatingstaden Historielag

Gulen kommune, truleg i samarbeid med Vestland Fylkeskommune,
har igjen knytta til seg ein høgt repektert utenbygds akademikar for å diskreditere Guløy/Flolid som tingstad for Gulatinget, denne gangen i meir skjulte vendingar enn før.

«I september 2019 fikk jeg anledning til å vandre over to gressletter som ligger omtrent 3 kilometer fra hverandre i Gulen kommune. ….. Her (i Eivindvik) står også kommunehuset, og det var hit jeg var invitert for å kommentere noen lokale sagn i et seminar som skulle gjøre opp status for den gamle diskusjonen om lokaliseringen av Gulatinget – en debatt jeg må tilstå var ukjent for meg.
… På dette tidspunkt lå tekstene som gir grunnlag for denne artikkelen i stabler på skrivebordet mitt».

Kommentar:
Forfattaren var invitert til eit seminar for å «gjøre opp status for lokaliseringen av Gulatinget». Han skriv vidare at debatten om dette var ukjent for han, eller sagt på ein annan måte: Han hadde ikkje peiling på kva han skulle gje seg i kast med. Vidare innrømme han at oppdragsgjevarane hadde definert og servert bakgrunnsmaterialet «som lå i stabler» på skrivebordet. Lenger ute i artikkelen diskrediterer han ei rekkje tidlegare historikarar og granskarar for nettopp dette, at dei var berre «lesere» – underforstått berre kopierte det andre hadde skrive.

Smart nok er artikkelen publisert på academia.edu (der edu står for utdanning og opplæring) som er organ for 16.000 universitet verda over. Dermed kan artikkelen brukast som undervisningsmateriell for studentar og andre som kanskje for første gang høyrer om Gulatinget. Gitt at artikkelen er skriven av ein høgt utdanna og tilsynelatande vel kvalifisert autoritet, med dette området som fagfelt, er det nok ingen som stiller kritiske spørsmål.

Legg merke til at han nyttar vendinga «lokale sagn» om bunka med dokumentasjon han har fått i hendene. Dette inkluderer det meste av avhandlingar frå tidlegare og nålevande historikarar og granskarar, historiske overleveringar gjennom slektsledda, lokale stadnamn frå vikingtida og dokumentariske skildringar frå sagalitteraturen.
Og det er nettopp denne innfallsvinkelen som er snedig i artikkelen – som poengtert alt i overskrifra: «En sagnhistorie».

Artikkelen er full av akademiske vendingar og sitat frå øst og vest som skal rettferdiggjere at ingenting av det vi hevdar å vite om Gulatingstaden er til å stole på.
Derimot gjentek han heilt ukritisk det han er blitt fortalt av oppdragsgjevarane sine:
a) At eikestammar i ei myr i Eivindvik indikerar «offerlund» (fantasi etter presten Dahl).
b) At Olav den Heilage har vore i Eivindvik (Det historia fortel er at han var på reise på Vestlandet).
c) At det er ei heilag kjelde «Olavskjelda» i Eivindvik (Kjelda vart kalla «Renna» heilt fram til nyare tid, ifølge Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane).
d) At dei to steinkrossane er bevis på at tinget vart halde i Eivindvik. Det er liknande steinkrossar fleire plasser i Vestnorge. Legg også merke til at Eivindvik omtrent berre var ein prikk på kartet i vikingtida (iflg. Ivar Kleiva).
e) Eit stykke ut i artikkelen vert det lansert enda eit falskneri:
(Kommentar til Neumanns reise i Sogn) «I Eivindvik får han vandre på restene av tingvollen etter Gulatinget». (Det har aldri vore noko som heiter tingvollen i Eivindvik).

Ei av dei første fallgruvene forfattaren har gått i gjeld den antatte flyttinga av Gulatinget.
Her er han i godt selskap, dette er og argumentet Vestland Fylkeskommune klamra seg til (ref. Berit Gjerland).

«Avslutningsvvis ser ikke Blom (Sorenskriver Gustav Blom) bort fra at Floli ved Guløy kan ha vært stedet som Håkon Håkonsson flyttet Gulatinget til. Her siterer Blom en setning fra Håkon Håkonssons saga, som siden har fulgt debatten som et kanskje ikke helt entydig holdepunkt. I sagaens kapittel 333 heter det nemlig at kongen lot bygge en kirke i Guløy og flyttet Gulatinget dit. Men nøyaktig hvor menes med «i Guløy» og hvor ble tinget flyttet fra?»

På originalspråket lyder sitatet frå kapitel 333 slik:

På norsk blir dette:

Poenget her er at sagaforfattaren har tatt med «nord for Bjørgvin» – heilt unødvendig for å forstå kvar Guløy ligg – alle visste og veit det. Ordet «dit» i sitatet viser til Bjørgvin, ikkje til Guløy. Ein bekreftelse på at dette er rett forståelse av sitatet finn vi i Norges Kongesagaer 1914, Alexander Bugge, side 294: «han lot også bygge på Gulløen». Ingen ytterlegare forklaring var nødvendig.

Dette stemmer og med tidsangjevinga: Kyrkja på Flolidstranda vart bygd samstundes med, eller kort tid etter at Gulatinget var flytta til Bergen, ca år 1220-1230 (ifølge Knut Helle).

Gulatinget vart etablert på Guløy i «eldgamal tid» (Taranger) – kor tidleg veit me ikkje, men det var godt utvikla lovsamfunn på Vestlandet i romartida (Tacitus). Tinget har så seinare vore flytta til fastlandet på Flolid (ikkje omvendt som nokon antyder), derav dei mange nedarva namna. Sitatet frå Håkonarsaga konkretiserer berre at tinget vart flytta til Bergen, og at Flolid fekk ei kyrkje bygd, som trøst eller heder.

Meir om dette er å finne her: Nytt om kyrkja på Flolidstranda.
Og her: To tingstader skaper forvirring.

Kjus nemner også eit sitat etter Oberstløytnant Ole Holck (Noget om Gulatinget 1824):
«En ting Holck skriver rett frem, men som bare kan antas hos Dahl, er at stedets allmue «som en fra Fader til Søn nedarvet Tradition» mener tingstedet var på «den ved Gaarden Floelie liggende Halvøe, endnu kaldet Guløen». Holck har selv undersøkt dette stedet, men han fant det for kupert og utilgjengelig til å ha vært noe sannsynlig tingsted».

Her manglar Audun Kjus lokalkunnskap og har sikkert vore meir opptatt av å «lese» enn å bevege seg ut i terrenget. At den første tingstaden er «utilgjengelig» var kanskje nettopp ein av grunnane til stadvalget. Ein viktig lærdom om plassen var i ferd med å gå tapt, hadde det ikkje vore for observasjoner frå augevitne. Detaljar om dette kan lesast her: Skjuler Guløy ein løyndom? 

Ein ruvande skikkelse i den lokale kampen for rettferd i gulatingstriden var Hans B. Flolid. Audun Kjus prøver å gjere han mindre ved å framstille han som «en ivrig leser» – ein som berre les det andre har skrive. Likeeins tillegg han Hans Flolid motiv han skulle ha hatt for å bruke andre sitt rennomé for å fremje sine synspunkt: « … det er liten tvil om at det var gjennom Eskelands gjenfortelling sagnene til Hans Flolid fikk den største gjennomslagskraften».

I 2024 vil det bli reist ei statue av Hans B. Flolid på den gamle tingstaden på Guløy til ære for det store arbeidet han utretta.

På same måte freistar Kjus å sette Store Marjo i eit dårlig lys for å svekke verdien av den kjende «Gulatingsvisa», eller Bånsull frå Eksingedal. Også Eskeland som har gjengitt sangen får eit stikk: «Sangene og sagnet som Eskeland utga, viser lesning, …. han har forestilt seg hvordan det hele kan ha vært».

Holmgang på Timrøyna.
Audun Kjus:
«Ifølge Schøning var det å utfordre motstanderen til holmgang en fremgangsmåte som lenge var vanlig i rettsprosesser, noe fortellingen fra Gulatinget i Egils saga får tjene som eksempel på. Dahl følger opp dette ved å nevne en liten holme utenfor Guløy kalt Timrøen, der han mener enekamp eller holmgang knyttet til prosessene på Gulatinget etter all rimelighet har funnet sted. Det er ikke mulig å se at Dahl har noe annet belegg for dette enn at han selv finner det rimelig. I den neste runden med innsamling av sagn om gulatingstedet har holmgangsprosessen på Timmerøya blitt en del av sagnsyklusen».

«Annet belegg» kunne Audun Kjus ha funne ved sjølv å lese Egilssoga.

Frå eit brev etter Hans B.Flolid – Legg merke til at han brukar både Egilssoga og O.A. Øverland (Illustrert Norges Historie, bind 1) som referanse:

«Det står i Egil Skalagrims saga, kap 57. «Han stemte sin rettsak, arvesak, til Gulatinget, og der tilbød sin motstander, at gå holmgang, som også ble gjort på en holme, der ikke lå langt fra tingstedet». Dette stemmer treffende, og er sikkert den lille ø eller holme der ligger like nord for Guløen, som nu kalles Timmerøen. Midt oppe på holmen er en ganske flad vold, som nu er oppdyrket hvor der også var en meget rund cirkel av sten. Øens dengang eier fortalde mig efter sagnet, det var her Egil Skalagrim gikk duel, og fældte sin motstander, Kortatle. Videre viste han mig, ikke langt derifra det sted hvor sagnet siger han skulde være gravlagt. Det viser ennu ligsom en gravhøi eller avlang tue, på det formentlige sted. Referanse: O. A. Øverland «Norgeshistorie», utgive 1885. Der er holmgangen nøye skildra».

(Jan Kidøy hugsar og frå sin barndom rundt 1960 den flate vollen og steinane rundt, uten den gang å vite kva dette var. Ola R. Midtbø («Det eldste gulatingsted») nemner også at det var ei steinbrygge på Timrøyna som nå er borte. Øya er nå overvokst med sitkagran slik at alle fornminner er tapt. Det same har skjedd i «Pøyla» på bruk 1 på Flolid. Der var det tydelege gravhaugar å sjå så seint som på 60-talet).

Audun Kjus prøver å framstille historia om holmgangen og plassbeskrivelsen som om det er Hans B. Flolid si eiga historie som er fortalt i tre versjonar. Sitata frå soga må sjølvsagt være korrekte, men ellers kan detaljane her forteljast på fleire måtar uten at det endrar hovedpunkta og sanningsgehalten.

Arvestriden på Gulatinget.
Belageleg nok unngår Kjus å nemne arvestriden på Gulatinget i 934. Denne finn me omtala i Egilssoga med ein så nøyaktig beskrivelse av plassen og terrenget at det er eit prov i seg sjølv på at tingstaden var på Flolid i Egil Skallagrim si tid. Dette passar på ingen måte med topografien i, eller den geografiske plasseringa av Eivindvik.

Audun Kjus brukar
Ivar Kleiva
(innflyttar frå Sunnmøre som dokumenterte mykje lokalhistorie, og mellom anna skreiv Gards- og Slektshistorie for Gulen i tre bind) og
Niels Griis Alstrup Dahl
(innflyttar frå Kvinnherad som oppgraderte prestegarden, engasjerte seg i politikk både lokalt og på landsplan, som var den største autoriteten i prestegjeldet og i Eivindvik Herred)
som sanningsvitne for artikkelen sin.

I ingressen til artikkelen finn vi dette sitatet etter Ivar Kleiva:
«Ideane og kulturen frå Gulatinget har hatt mykje meir å seie for norsk liv og lagnad enn dei kongane og stormennene som brikjar på soklane sine kring i landet. Enno er det langt att før den demokratiske staten vår er fullkommen, men det var på Gulatinget idéane fekk si form, så der sto vugga til folkestyret i Noreg».

Dette kan me skrive under på. Det er nettopp derfor Gulatingstaden Historielag kjempar for «Rett tingstad – rett sogeforteljing – rett markering», sjå  gulatingstaden.no

Lat oss i det følgande sjå litt på fleire sitat etter Ivar Kleiva, henta frå boka Tingstader og Lovverk, 1985:

Side 13
«Gulatingslova er den mest pålitelege kjelda vi har til kunnskap om Gulatinget. I Magnus Lagabøtars Landslov … heiter det om Gulatinget i kap 1: Men vi skal ha lagtinget vårt kvart år kvar Botolfsmesseeftan i Guley, på den rette tingstaden.
Liknande ordelag kjem att mange ganger i denne lova, og oftast er tingstaden kalla «Guley», medan Gulatingslova berre nemner Gula eller i Gula».

Sidan Gulatingslova, som nemner Guløy som rette tingstad, er den mest pålitelege kjelda, kunne all diskusjon om tingstaden ha stansa her. Alle (som vil) veit kvar Guløy er.

(Kleiva meinte at den eldste Gulatingstaden mest truleg var lagt til eit eldre høvdingsete. I Bygdebok for Gulen skriv han dette, sitat frå bygdeboka: «Ein må vel rekne med at Håkon Håkonsson åtte jorda då han bygde kyrkja si der i 1240-250 åra»).

Side 24
1. Eg har ikkje funne noko stadnamn i området aust for Folefotsundet som tykkjest høve for ein eldgamal storgard. Alle gardsnamna i området ser ut til å være sekundærnamn. …. Dingja og Flolid ligg utanfor området. Stavenes, Grønevik, Haugane og Eivindvik er namn på små lokale område. Fleire stader i området har ein kome over jordfunn, men dei Per Fett (Norsk arkeolog og konservator) har i registeret sitt, er frå yngre jernalder, og helst etter småkårsfolk.
2. Området kring Prestesundet og Midttunvågen høvde ringt for den som skulle vakte skipsleiene, og all ferdsle til og frå kunne lett hindrast av eit par skip som stengde Prestesundet og Ilesundet.
3. Etter namna å døme ser det ut til at gardane kring Midttunvågen har vorte utskifte frå hovudbølet nokså tidleg, og tek ein dei ifrå, vert det knapt att jordvidd til eit skikkeleg høvdingsete i området.
N.G.A Dahl fortel at det delvis har vore myr eller eikeskog der prestegarden no er. Prestegardane vart før i tida ikkje skyldsette og skattlagde som andre gardar. Men i ein takst for «Høeskatt» i 1713 er prestegarden berre verdsett til 1 laup smør(ca. 15 kg), medan Gryta hadde 1-1/3 laup. Skattetaksten galdt truleg det Dahl sidan ringa inn med den store muren.

Side 47
«… Like fullt er det tydeleg at den eller dei som laga segnene og visene har meint at Gulatinget heilt frå fyrste skipinga har vore halde på Flolidstranda eller sjølve «Gulløyna».
Her må eg ta med ei onnor segn frå Eksingedalen. Marie Halland frå Dalsøyra fortalde etter far sin at eksingedølene for forbi Eivindvik når dei kom frå Bergen og skulle til Gulatinget. … På tingvollen var det ei stor steinhelle som han stod på han som styrde tinget. Det var noko innhogge på denne hella, men far min visste ikkje kva som stod der».

Side 49
«… Sjølve eidet har sikkert ikkje vore nytta til tingstad, men vollane mellom eidet og sjølve busetjinga høver på fleire måtar betre til tingstad enn noko ein kan finne i Eivindvik.
Det var lettare å sigle inn og ut den romslege Osen enn i dei tronge sunda ved Eivindvik, og der var gode hamner både aust og vest for «Gulløyna», stutt tilror og aldri isvanskar.
Nær stranda var utifrå høvelege tingvollar i god livd for vind og ver, og der var både lovberg og lagelege stader for lagrett og domsnemnder, og for tinglyden. Rundt ikring var det fint lende både for telt og buer, og matvatn var det nok av. Nokre stadnamn tyder kanskje og på at her har vore halde ting. Tingvollane er kanskje ei nylaging, men Kongshamna, Knarreholmen og Veholmen er sikkert gamle».

Så til Niels Griis Alstrup Dahl.
Han var kanskje den første som kjempa for at Gulatinget vart halde i Eivindvik.
Prost Dahl, kom til Eivindvik i 1804 og døydde der i 1852.

Mellom anna sette han liskapstegn mellom eikeplankar i ei myr og ein offerlund.
I si søking etter svar eller støtte for sin teori fekk han fleire skot for baugen.
Han sette seg føre å intervjue gamle folk rundt omkring i Eivindvik Herred for å samle såkalte «tingvitne». Resultatet av desse samtalane må ha vore nedslåande:

I ein protokoll prost Dahl førde i 1823 over samtalar som han sjølv seier, for blandt præstegjeldets eldste at undersøge hvad der endnu måtte være tilbage af gamle sagn angående det såkaldte Gulø og Gulating. Protokollen er underskriven av Niels Dahl og Anders Furenes.

Denne protokollen syner at Dahl har tala med dei eldste på desse gardane: Haveland, Nordgulen, Oppdal, Kjelby, Kløvtveit, Hauge, Brandanger, Rørtveit, Byrknes og Stevnebø. Men ikkje ein einaste av dei han har tala med på desse stadene hadde høyrt anna en at Gulatinget låg på Guløy. Ein 93 år gamal mann på Kjelby, fortalde det slik: «Pao Golløyna har da vore helde maonge ting, og slag myljå store kjemper».

Som ei oppfølging til Dahl sin protokoll kan nemnast ein
kuriositet frå eit lesarbrev i Bondebladet 8/3 1923, «Kvar vart Gulating halde»:
«Ein ting til. I Flolid i Guløy er det svært grornæmt. Der skal dei ha hausta 3 gonger um aaret. Dei heldt difor denne staden for aa standa under solguden sin særlege naade, og det var daa ein grunn meir for dei til aa hava ting- og gudestaden nett der».

(NB: Temperaturen var betydeleg høgare i vikingtida enn den er i dag, fram til omtrent år 1150)
___________________________

Heilt til slutt i artikkelen freistar Audun Kjus å drepe all tillit til det som er fortalt om Gulatinget. Som overskrifta seier er jakta på Gulatingstaden framstilt som ei upåliteleg sagnhistorie: «De siste femti årene er det (myte) mye brukt slik man på 1700-tallet brukte ordet fabel, om fortellinger som viser seg å ikke være sanne og som derfor skal skrives ut av historien.

Det er interessant at Audun Kjus er bekymra for «falsk historieforteljing» dei siste 50 åra.
Usemja om kvar den eksakte plassen for Gulatinget var har vara i 200 år, så kva har vore forskjellig dei siste femti? Kan det være det faktum at saka har vorte eit varmt politisk tema meir enn eit historisk tema, og at oppdragsgjevarane hans går tom for argument? Å undertrykke tusen års historie er mogeleg så lenge opposisjonen sit stille, men før eller seinare vil innbyggarane i Gulen reise seg mot dette sviket.

Avslutningsvis kan det passe å nemne desse orda frå svenske Dronning Kristina:

«Sanninga og fornuften er sjelden uvener».

Det er laga ein video som viser dei historiske plassane på Flolid, Guløy og dei omkringliggande fjordane – se her

Holmgang: Dens bruk, misbruk og fiksjonalisering i vikingtidens Skandinavia

(Garfield Matson 1995)

Som vist ble alle dueller utkjempet på en tomt eller bane. “Opprinnelig var dette en øy eller en holme som stridende kunne preparere, og deretter utkjempe krangelen deres etter eget ønske. Valget av en øy var åpenbart middel til å sikre at ingen av partene … gikk utenfor øyas foreskrevne grense[r].” Det er sannsynlig at hvert distrikt, både på Island og i Norge, hadde
et tradisjonelt sted som ble brukt i mange generasjoner hvorpå duellene ble utkjempet. Banen, med kappen eller skinnet som midtpunkt, hadde utseendet som en moderne boksering. Her, i “ringen”, ble alle tvister løst av stridende uten innblanding fra falske vitner eller større antall av støttespillere. Den sosiale rangeringen til de to disputantene hadde ingen betydning. Som det står i Egils Saga, “…alle hadde rett til å utfordre en annen til duell.

Holmgang ble avviklet på Island i 1006 og i Norge i 1014.